171 hjelpe­organisasjonar ber om stans av naudhjelps­ordning i Gaza

9 hours ago 3



Organisasjonane tar til orde for ein umiddelbar stans av Gaza Humanitarian Foundation (GHF), den israelsk-amerikanske naudhjelpsordninga som har erstatta det tidlegare FN-leia systemet.

I eit opprop skriv dei at det nye systemet skapar dødelege, militariserte soner der sivilbefolkninga blir drepne eller skadde i forsøk på å hente mat og livsnødvendige varer.

Væpna personell leverte hjelp til palestinarar ved eit militarisert distribusjonspunkt i sentrale Gaza.

REUTERS

«Systemet som allereie finst for naudhjelp og humanitær bistand i Gaza, blir systematisk og med overlegg øydelagd av den israelske regjeringa, og erstatta av eit militært kontrollert alternativ som verken beskyttar sivile eller møter grunnleggande behov», står det i oppropet.

Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og Flyktninghjelpen er blant dei som har signert, saman med Amnesty International, Leger utan grenser og Redd barna.

– Når sivile må velje mellom å svelte eller å risikere å bli skotne, er det verkeleg krise. Det som skjer no på Gaza kan ikkje kallast humanitær hjelp, seier Anne Cecilie Kaltenborn, leiar i Kirkens Nødhjelp.

Fleire perosnar går gjennom tomme pappesker på ein naudhjelpsstasjon.

Palestinarar leiter etter naudhjelpsrestar ved eit utdelingssenter i Rafah, sør i Gaza.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

– Vi har tusenvis av lastebilar som står rett utanfor Gaza med mat og medisinar. Vi har fleire team her inne i Gaza som veit korleis ein behandlar underernæring, seier Rachael Cummings, som leiar Redd Barna sitt arbeid inne i Gaza.

Ho fortel om eitt av tiltaka Redd Barna har i Gaza, der barn i alderen 6 til 10 mellom anna kan skrive ned kva dei ønsker seg.

– Fleire barn skriv no at dei ønsker seg brød og drikkevatn, men også å døy. Dei vil vere døde saman med foreldra sine, seier ho.

Palestinarar i Khan Younis ber hjelpeforsyningar.

REUTERS

Frå fire hundre til fire

Israel opna i slutten av mai opp for naudhjelp til Gazastripa etter ein over ti veker lang blokade av dette. Då blei eit FN-koordinert system der fleire organisasjonar samarbeidde om naudhjelpsutdeling, erstatta med systemet til GHF.

Under den tidlegare ordninga fanst det rundt 400 hjelpestasjonar, og folk fekk melding med stad og tidspunkt for å hente mat og medisinar.

Under GHF finst det fire distribusjonspunkt til Gazas befolkning på over 2 millionar, og alle er militært kontrollerte.

– Det hadde vore ein vits, om det ikkje var for at det er ein så stor tragedie, seier Fady Abed, som jobbar i Gaza gjennom MedGlobal.

Mange må gå i fleire kilometer gjennom krigssoner for å kome seg til nærmaste hentepunkt. Dei må så stille seg i kø på tydeleg oppmerkte vegar utanfor sentera.

Idet portane opnar, startar kampen om å få tak i varer.

– Alle spring mot naudhjelpspakkene. Dei sterkaste får tak i dei, dei svakaste må gå tomhendte heim igjen, seier Amnesty-etterforskar Budoun Hassan.

Men sjølv dei som får tak i naudhjelpa, får for lite, og maten er vanskeleg å lage til utan tilgang på reint vatn og brensel, legg han til.

Ein gut spring mot kamera, fleire gutar spring bak han. Dei er slitne, svette og skitne. Nokre av dei har sandalar på seg, andre er berrfota.

Palestinske gutar spring mot eit utdelingssenter i Khan Younis for å få tak i naudhjelp, i slutten av mai.

Foto: HATEM KHALED / Reuters / NTB

500 drepne i matkø

Seinast tysdag blei minst sju palestinarar drepne då israelske soldatar opna eld mot ei folkemengde som venta på naudhjelp.

På ein månad har over 500 blitt drepne og 4000 skadde ved GHF-sentera, ifølge Gazas helsemyndigheiter.

Fleire israelske soldatar har sjølv sagt til avisa Haaretz at dei har fått ordrar om å skyte mot palestinarar i matkø. Israels statsminister, Benjamin Netanyahu, avviser dette som løgn.

Dramatiske scener frå 27. mai i år.

Den israelske hæren vedgjekk på måndag at palestinarar har blitt skadde i matkø, og seier myndigheitene skal undersøke hendingane vidare. Dei har tidlegare hevda at det er militante palestinarar som har skote mot sivile.

Bushra Khalidi, som jobbar i den ikkje-statlege organisasjonen Oxfam, seier at GHF sine utdelingsstasjonar er utforma for å skape kaos.

– Desse drapa skuldast ikkje ein organisatorisk svikt. Sentera er dødsfeller, seier ho.

Avviser Hamas-påstand

GHF bruker private amerikanske sikkerheitsselskap til å få naudhjelp inn til Gaza, og omgår slik det FN-leia systemet. Israelske myndigheiter hevdar at det tidlegare systemet har blitt utnytta av militante, mellom anna Hamas, som skal ha stelt varer som skal til sivile.

Denne kritikken avviser organisasjonane sjølv.

– Folkeretten er ikkje blind for denne risikoen. Israel har lov til å sjekke innhaldet i naudhjelp som kjem inn og regulere dette, det har dei hatt heile tida, seier Elvina Pothelet.

Ho er juridisk rådgivar i International Humanitarian Law Center.

– GHF gjer det umogleg for befolkninga å få tak i tilstrekkeleg naudhjelp. Israel som stat er juridisk pålagt å takke ja til ståande tilbod frå FN og andre organisasjonar som greier å legge til rette for at palestinarar på Gazastripa får tilgang på nok og rett naudhjelp, seier ho.

Publisert 01.07.2025, kl. 22.06 Oppdatert 01.07.2025, kl. 22.15

Read Entire Article