25 år sidan konserttragedien – nå bruker Roskilde KI for å hindre dødsfall

12 hours ago 8



Denne laurdagen var startskotet for Roskilde-festivalen 2025 i Danmark, og i år er ny teknologi tatt i bruk for sikre publikum.

Arrangørane har Pearl Jam-konserten for 25 år sidan med seg i tankane.

Konserten var av den typen der alle i publikum ville litt lenger fram i folkemengda for å komme tettare på favorittbandet sitt.

Men konserten blei brått avbroten. Trengselen blei så stor at ni personar blei klemte og trampa i hel.

– Det var som å hamne på botnen av eit hav. Eg tenkte at det var slutt, seier norske Marianne Stranger.

Ho blei liggande på bakken og trakka på av mange menneske før ho blei dratt opp igjen.

Pearl Jam-vokalist Eddie Vedder ber tilskodarar trekke bort frå scena under Roskilde-festivalen i juni 2000.

Les av humør og ansiktsuttrykk

Det nye KI-programmet reknar kor nær menneske er kvarandre, og korleis dei bevegar seg.

– Den kan rekne talet på hovud og skuldrer og måle kor raskt folk går. Den kan også lese av ansiktsuttrykk og humør, seier sikkerheitssjefen i festivalen Morten Therkildsen til nyheitsbyrået Ritzau.

en stor mengde mennesker på et arrangement

Hovudscena på Roskilde har ein kapasitet på 60.000 publikummarar.

Foto: JENS DIGE / AFP / NTB

Programmet vil også slå alarm om nokon fell og ikkje kan reise seg opp igjen.

Sikkerheitssjefen understrekar at datamaskina ikkje kan kjenne igjen folk.

– Den vil ikkje kunne seie: «Det er Morten som går der no». Men han kan fortelje oss at «folk går langsamare no» eller «folk er opprørte», seier Therkildsen.

Vanleg at artistar stansar konsertar

Sjølv om sikkerheitskulturen har blitt skjerpa etter Pearl Jam-konserten verda over, skjer det likevel ulykker.

Seinast i 2021 døde 10 personar under ein Travis Scott-konsert i USA då det oppstod trengsel og panikk blant publikum.

Under ein Taylor Swift-konsert i Rio de Janeiro i 2023 døydde ein fan under ei hetebølge. Etter konserten har det sirkulert mange videoar av artisten i sosiale medium der ho instruerer scenevakter til å hjelpe folk i publikum.

The crowd watches as Travis Scott performs at Astroworld Festival at NRG park on Friday, Nov.  5, 2021 in Houston. Several people died and numerous others were injured in what officials described as a surge of the crowd at the music festival while Scott was performing. Officials declared a mass casualty incident just after 9 p.m. Friday during the festival where an estimated 50,000 people were in attendance, Houston Fire Chief Samuel Pea told reporters at a news conference. (Jamaal Ellis/Houston Chronicle via AP)
et par personer som står foran et gjerde med blomster og et skilt

Åtte personar døyde etter at hundrevis av konsertgare presset seg fremovar mot scenen under en Travis Scott-konsert i 2021.

ELLIS/SHEA

Jørgen Aass har studert folkemengdehandtering. Han har jobba med sikkerheit på mellom anna Slottsfjellfestivalen, Øyafestivalen og VG-lista.

Han kjenner ikkje til at KI har blitt tatt i bruk på norske arrangement, men seier det likevel er høg sikkerheit på norske konsertar og festivalar.

– Eg har veldig stor tru på at erfarne scenevakter raskt kan fange opp stemningar og sjå korleis folk har det, seier Aass.

Kven som skal ta kontroll i nødssituasjonar, er nøye planlagt. Dei største artistane har eigne sikkerheitsteam med prosedyrar som er grundig drilla. Det same har arrangøren.

– Artisten er ofte den som oppdagar ei hending først. Dei kan stanse konserten sjølv, og det gjer dei ganske ofte. Vi som arrangør må også kunne stanse konserten når vi meiner noko ikkje er forsvarleg, eller det er ei usikkerheit knytt sikkerheita til publikum.

  • Jørgen Aass

    Jørgen Aass

    • Sikkerhetsansvarlig på store konserter og festivaler 

I forkant av konsertane og festivalane blir det gjennomført grundige analysar av kva slags publikum som er venta å komme.

– Dersom det er venta mange unge med lite erfaring med alkohol, så vil ein forvente eit meir utagerande og energisk publikum. Det kan krevje fleire sikkerheitstiltak, seier han.

En stor gruppe mennesker

Festivalarrangørar har god oversikt over kor mange og kva slags type publikum som er venta å komme.

Foto: Heiko Junge / NTB

Brukar «bølgebrytarar»

Han seier det i dag, i motsetning til på Roskilde-festivalen i 2000, er vanleg å lage ulike soner i publikum ved hjelp av gjerde – såkalla «bølgebrytarar».

Desse gir arrangørane kontroll kor mange som slepp inn i éi sone.

– Når tettleiken blir så høg at du ikkje klarer å styre di eiga rørsle, blir rørslene dine eit resultat av dei rundt deg. Dersom nokon fell, blir det dominoeffekt. Du klarer ikkje ta støttesteg, så dersom ho ved sida av deg fell – så fell du òg, seier han.

Mange større festivalar og konsertar har eigne operasjonssentralar, ifølge Aas. Frå desse sentralane kan også arrangøren følge med på liveopptak i fugleperspektiv av publikum som også bidrar til oversikt.

Han rår folk til å følge konsertvitreglane utarbeidd av Norske Kulturarrangører (NKA):

Publisert 30.06.2025, kl. 19.37

Read Entire Article