– Å bli utstøtt er det verste noen kan bli utsatt for

2 weeks ago 9



VG kallar den nye romanen hans eit «litterært mareritt» og trillar terningkast fem.

NRK skriv at han byr på ein «tur til helvete på første klasse», og gir same terningkast.

Mørket hentar Leander Djønne i si eiga fortid.

Publisert: 30.09.2025 16:40

(Bergens Tidende): Fjellet over, fjorden under. Midt i mellom eit kvitt hus med okergule lister.

Trea i den bratte lia er tunge av raud frukt, og ein leikelysten hund spring rundt med eit Discovery-eple i kjeften.

I dagslys er Hardanger-idyllen komplett.

Men ved nattetid eller grytidleg om morgonen, skjer det eit hamskifte i stova i Grimo i Ullensvang.

Då er småbrukaren forfattar. Då diktar Leander Djønne opp allslags faenskap.

Kvar side i den nye romanen hans, «Alt et», er som ein knyttneve. Blod, spy og skit renn nedover sidene.

Ingen slepper unna. Ikkje ungar, ikkje bestemødrer, ikkje dyr.

– Det er ingen pauseknapp. Boka er grufull, rett og slett, seier Djønne til BT.

Les hele saken med abonnement

Read Entire Article