DEBATT: Kristeleg Folkeparti vil no forby bruk av Pride-flagget på skular, med grunngivinga at «skuleleiarar skal sleppe å stå i skvisen med kva anledningar som skal flaggast og ikkje».
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Det er vanskeleg å tru at dette er heile forklaringa. På overflata kan det høyrest ut som ei praktisk avgjerd. Men i realiteten handlar det om meir enn administrasjon. Når ein fjernar synleg støtte til utsette grupper for å unngå ein «skvis», tek ein ikkje eit nøytralt val – ein tek stilling. Stilling mot dei som treng tryggleik. Stilling for dei som ønskjer at skeive born og unge skal bli mindre synlege – ikkje meir.
Pride-flagget er ikkje berre pynt. Det er eit symbol på at fellesskapet strekkjer ut ei hand til dei som risikerer å falle utanfor. Skular har eit lovfesta ansvar for å fremje likeverd, mangfald og menneskerettar. Å flagge med Pride er ein måte å signalisere at dette ikkje berre er teori – det er praksis.
Statistikk frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) viser kor reell situasjonen er. LHBT+-ungdom opplever betydeleg meir trakassering enn heterofile og cispersonar, både frå medstudentar og frå lærarar.
Som statistikken syner, rapporterer over 50 prosent av binære transpersonar om trakassering frå medstudentar, og nærare 40 prosent frå lærarar. Ikkje-binære transpersonar kjem endå dårlegare ut. Også bifile menn og kvinner rapporterer langt høgare nivå av trakassering enn sine heterofile medstudentar.
Desse tala understrekar kvifor synleg støtte framleis er naudsynt. Pride-flagget er ikkje eit politisk krav – det er eit signal om tryggleik. Om tilhøyrsle. Og om at du ikkje står åleine.
Det er viktig å forstå at såkalla «nøytrale» val i praksis har konsekvensar. Å la vere å flagge, å trekke tilbake synleg støtte, sender eit bodskap – og det er ikkje nøytralitet. Det er fråvær av solidaritet.
Historisk har liknande krav om «verdibevarande nøytralitet» blitt brukte til å bremse sosiale framskritt. Kvinnekamp, borgarrettsrørsla, kampen for minoritetsrettar – alt har møtt motstand frå dei som meinte at institusjonane skulle vere «nøytrale». Men å ikkje støtte, er òg eit standpunkt.
Sjølvsagt er det legitimt å diskutere kva ein skal markere i offentlege institusjonar. Men når konsekvensen blir redusert tryggleik for ei utsett gruppe elevar, bør vi stoppe opp og spørje: Kva slags skule ønsker vi å vere?
Å la vere å flagge med Pride i dag er ikkje ei teknisk avgjerd. Det er eit reelt, verdimessig val. Og det valet har ein pris – for dei som treng støtta aller mest.
Publisert:
Publisert: 28. april 2025 17:41