Å samle kulturarven i ei nasjonal rangering er ikkje smart

8 hours ago 1



Osebergskipet ble bygget på Sørvestlandet i år 820 og begravd i Oseberghaugen i Slagen ved Tønsberg i 834. Foto: Anette Karlsen

Like lite som helseministeren bør stå i akuttmottaket og prioritere pasientar, bør politikarar lage lister over kva delar av kulturarven som er mest verdifulle.

Publisert: 07.07.2026 15:00

Vi vil takke Haagen Poppe, kulturpolitisk talsperson for Høyre på Stortinget, for at han setjer kulturarven på dagsordenen i beredskapsdebatten i Aftenposten.

Norske museum over heile landet sikrar kulturarven. Det er stort behov for sterkare samhandling, kunnskapsdeling og koordinering for å sikre at kulturarven får ein tydelegare plass i beredskapsarbeidet.

Som Riksantikvaren har påpeika, har til dømes kommunane i liten grad inkludert kulturarv i sine beredskapsplanar. Tida vi lever i, tvingar fram eit mykje tettare samarbeid og større forståing for kvifor det er viktig å inkludere kulturarven i beredskapsarbeidet. Vi heier difor på meir samordning av aktørane i beredskapsarbeidet og av planverk.

Kjenner oss ikkje att

Forslaget frå Poppe om ei nasjonal prioriteringsliste er vi derimot ikkje begeistra for. Listeforslaget viser oss kvifor.

Som museumsleiarar kjenner vi oss ikkje att i framstillinga av at tilfeldigheita rår. Sikring og prioritering av kulturarven har vore musea sitt samfunnsoppdrag i generasjonar.

Profesjonelle museum har samlingsplanar, dokumentasjonssystem og beredskapsrutinar utvikla av fagfolk. Musea i det nasjonale museumsnettverket utgjer til saman ei nasjonal oversikt over kulturarven.

Utfordringa er at musea har svært ulike økonomiske føresetnader for å utføre dette arbeidet. Historiske skeivskapar i finansieringa er framleis ikkje retta opp, og dette påverkar evna til å ta vare på samlingane.

Beredskapen må styrkast

Vi er samde med Poppe i at beredskapen på kulturarvfeltet må styrkast. Museum må få ei tydelegare rolle i kommunale og fylkeskommunale beredskapsplanar. Kulturarv er for ofte fråverande i slike prosessar, trass i at han er ein viktig del av samfunnets felles hukommelse og identitet.

Derimot er vi skeptiske til forslaget om ei nasjonal prioriteringsliste. Musea forvaltar samlingar på fagleg grunnlag og er avhengige av tillit. Difor er prinsippet om armlengds avstand til politiske styresmakter heilt sentralt.

Derimot er vi skeptiske til forslaget om ei nasjonal prioriteringsliste

Musea er i arbeidet sitt forplikta til å spegle den sosiale og kulturelle kompleksiteten i samfunnet. Vi har ikkje minst eit ansvar for å inkludere urfolk og nasjonale minoritetar. Kvar er kulturminna til desse gruppene på lista frå Høgre?

Forslag om kanonar og prioriteringslister er i tida, men bør politikarar kunne overstyre fagleg skjønn? Svaret ligg i kulturlova, som slår fast prinsippet om armlengds avstand.

Mangfaldet av lokale og regionale perspektiv er musea si største styrke – også i eit beredskapsperspektiv. Å samle kulturarven i ei nasjonal rangering er verken fagleg klokt eller nødvendigvis særleg smart i ei uroleg tid.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er administrerande direktør i Stiftinga Viti.
Ellen Aslaksen er administrerande direktør i Aust-Agder Museum og Arkiv.

Read Entire Article