Aasgaard slo Langås i nøkkelkamp i nedrykksstriden – likt på tabellen

2 weeks ago 26



18. april 2025 kl. 14:46

Ruud knust av rivalen

Holger Rune vant soleklart 6-4, 6–2 i kvartfinalen mot Casper Ruud i Barcelona.

– Ruud kjem ikkje opp på sitt beste nivå. Det blir for mykje feil med forehand, seier tennisekspert i TV 2, Christer Francke.

Ruud har møtt dansken sju gonger tidlegare og har berre tapt ein gong, men det fekk Rune gjort noko med på fredag.

– Det betyr mykje. Eg spelte ein veldig god kamp i dag. Eg har stor respekt for Casper. Han er ein veldig god spelar, så eg er veldig fornøgd med å slå han i dag. seier Rune etter kampen.

Det blei ein frykteleg start på kampen for nordmannen som er regjerande meister i grusturneringa i Barcelona.

Holger Rune fekk det meste til å sitte til å begynne med og leia heile 4–0.

Men Ruud vakna undervegs og klarte å bryte serven til Rune, men dårlege starten blei skjebnesvanger og Rune klarte å halde forspranget inn og serva inn 6–4 i det første settet.

– Holger Rune fortener å vinne det her opningssettet, synest eg, seier tenniskommentator i TV 2, Sverre Krogh Sundbø.

Tungt går det også i starten av det andre settet og Rune bryt to gonger og går opp i ein 4-1-leiing.

– Han blir slått i stykkar, seier Krogh Sundbø etter at Rune vinn eit poeng og pressar Ruud.

I semifinalen møter Rune russaren Karen Khatsjanov.

Casper Ruud slår eit forehand-slag

Foto: Manon Cruz / Reuters / NTB
Read Entire Article