Alan (41) driv eigen restaurant – men lova nektar han å vere sjef

4 days ago 8



– Restauranten var min idé og mitt konsept. Eg endrar menyane annakvar månad, bestiller vin og gjer alt frå å lage maten til å vaske lokala. Og det er eg som passar på staden frå dag til dag, seier Alan Kaye.

For seks år sidan kom han til Noreg. Og for tre år sidan opna han restauranten Broken i Stavanger. I dag er han kjøkkensjef og drivkrafta bak suksessen, men på papiret får han ikkje lov til å vere dagleg leiar.

kjøkkensjefen på Broken lagar tekjøkkensjefen på Broken lagar seg ein kopp med rykande varm te

Briten er avhengig av rykande varm te i den hektiske jobben.

Fride Audunsdotter Westvik/NRK

For å få den formelle tittelen krevst det at ein passerer den offentlege etablerarprøva. Ein prøve som i dag berre blir tilbode på norsk, med krav om 80 prosent rette svar på kompliserte, juridiske spørsmål.

Ei prøve han har teke tre gonger utan å lukkast.

– Det var hjarteskjerande. Eg fekk 62 prosent, noko som ikkje er så ille for ein som ikkje kan lese språket skikkeleg, seier Kaye.

I dag står kollegaen Magdalena oppført som dagleg leiar på Broken for at staden skal gå rundt.

– Eg tek aldri fri og er alltid her. For ei lita bedrift hadde det vore fint med meir pengar i banken, men livet er som det er og vi må berre gjere det slik, seier Kaye.

Men no kan det kanskje bli ei endring for briten.

– Enkelt å fikse

Stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) reagerer sterkt på at språket skal vere det som set ein stoppar.

Allereie for tre år sidan spurte Hagerup dåverande næringsminister Jan Christian Vestre om dette kunne endrast på, noko han var einig i. Tre år har gått utan noko handling.

– Eg er spent på kvifor det ikkje har skjedd noko, for det burde vore ein enkel ting å fikse, seier Hagerup.

Margret Hagerup

Margret Hagerup (H) er lei av at det ikkje skjer noko frå regjeringa si side.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

No tek ho opp att spørsmålet i håp om ei endring.

– Ein må ta på alvor at det står for mange utanfor arbeidslivet, at det er for vanskeleg å etablere seg og bli varig i arbeidslivet. Så eg håpar verkeleg at dei får dette på plass no.

Provosert over skilnadane

Argumentasjonen for kvifor prøva er på norsk, er fordi den skal dokumentere at ein som vil bli dagleg leiar har tilstrekkeleg norskkunnskapar til å forstå og forhalde seg til norsk lovverk.

– Det provoserer meg at dei som ikkje har norsk som morsmål ikkje får dei same sjansane, seier Dan Aasen.

Dan Aasen, Døgnvill Stavanger

Dan Aasen meiner ei slik prøve på engelsk vil vere mykje meir inkluderande og er frustrert over at dette ikkje er blitt endra på.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Sjefen på restauranten Døgnvill i Stavanger seier at reglane har gått ut over fleire, som han har ønska å tilsette i leiarstilling. Men som ikkje har fått tatt prøva.

– Du skal velje det einaste svaret som er riktig ut av fire-fem heilt ganske like situasjonar. Og det krev at du har ganske detaljkunnskap om norsken for å kunne skilje den eine situasjonen frå den andre.

Aasen meiner bransjen gjer ein viktig integreringsjobb som det offentlege no spenner beina under.

NHO: – Udatert ordning

NHO Reiseliv er samde med Hagerup og krev at både etablerarprøva og kunnskapsprøva, bør kunne takast på engelsk.

– Tilbakemeldingane frå bransjen er gjennomgåande at etablerarprøva og alkoholprøva blir opplevde som ei utdatert ordning, seier Henrik Hamborg, kompetansepolitisk rådgivar i NHO Reiseliv.

  • Henrik Hamborg NHO

    Henrik Hamborg

    • NHO Reiseliv
    • Kompetansepolitisk rådgivar

– Ho skaper unødige hindringar for rekruttering og etablering, noko som gjeld både for gründerar som ønskjer å starte si eiga verksemd, og for etablerte bedrifter som skal byte dagleg leiar, seier Hamborg.

Regjeringa varslar full revisjon

NRK har kontakta tidlegare Næringsminister Jan Christian Vestre, som viser til noverande minister om å svare på spørsmålet frå Høgre.

– Eg ser at dagens innretning kan gjere det vanskelegare for personar som ikkje beherskar norsk å bestå prøva, og dermed vere dagleg leiar for ein serveringsstad. Dette er blant fleire forhold som regjeringa vil vurdere i det vidare arbeidet med oppfølginga av regelverket, seier Næringsminister, Cecilie Myrseth.

  • En kvinne med langt hår og svart klær står med armene krysset i en bygning. I bakgrunnen sitter flere personer som arbeider, mens noen har samtaler. Omgivelsene har en moderne arkitektur med mursteinsvegger og store vinduer. Det er et lyst og åpent rom med sitteplasser.

    Cecilie Myrseth

    • Næringsminister (Ap)
    • Nærings- og fiskeridepartementet

Ho forklarar at formålet med å ha etablerarprøva på engelsk er for å sikre at dagleg leiar for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og norsk lovgjeving.

– Dette skal sikre forsvarleg drift av serveringsstader, bidra til stabile og føreseielege rammevilkår for bransjen og hindre illojal konkurranse. Formålet med regelverket er også å førebyggje kriminalitet i og i tilknyting til bransjen, seier Myrseth.

Gir ikkje opp

Tilbake på Broken er Alan Kaye i gang med dagens arbeid fleire timar før opning.

kjøkkensjef Alan tek i mot leveranse
Broken Stavanger

Alan gjer mykje arbeid åleine. Leveransen skal takast i mot og rekningar skal betalast.

Fride Audunsdotter Westvik/NRK

Han seier han forstår argumentasjonen og at ein må integrere seg i samfunnet, men peikar på at spesielt servicebransjen er i endring og at ein treng folk som vil etablere seg.

I tillegg er ikkje språket det enklaste for Kaye.

– Eg har dysleksi, så å forstå alle spørsmåla på norsk har vore ekstra vanskeleg for meg. Men eg har teke testen på engelsk gjennom google translate når eg har øvd, og dei kjem eg meg lett gjennom.

Men sjølv om han ikkje har bestått etablerarprøva etter tre forsøk, skal han ikkje gje seg.

– Eg gir ikkje opp, eg vil framleis lære og forstå. Ein må berre halde fram, seier Kaye.

Alan Kaye
Alan Kaye, kjøkkensjef Broken drikk frå koppen sin med te

Ein liten slurk, før Alan held fram med arbeidsoppgåvene

Fride Audunsdotter Westvik/NRK

Hei!

Har du tankar om saka du har lest, eller innspel til andre ting eg bør sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post! 

Publisert 08.07.2026, kl. 11.01 Oppdatert 08.07.2026, kl. 11.57

Read Entire Article