Dette veit vi om uføre:
Det har aldri vore fleire enn det er no. I fjor fekk nærmare 600.000 uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar.
1 av 10 nordmenn fekk uføretrygd i 2024.
Det er langt fleire kvinner som er uføre enn menn.
Dette veit vi, det er harde, statistiske fakta.
Dette kan vi også få vite om uføre, om vi spør:
Uføre har tusenvis av draumar, håp for framtida, ting dei vil oppleve, som dei berre må gløyme.
Fordi sjukdom står i vegen, fordi utmattinga er for stor, fordi kroppsbatteriet tar slutt før draumen gjer det.
Dei ser livet til vennane gå vidare.
Kompisane dundrar forbi som lokomotiv, med sine barnebursdagar og foreldremøte og lykkelege «ny jobb»-annonseringar på Facebook.
Korleis kan vi tole at så mange står utanfor arbeidslivet?
Og kva er konsekvensane for dei som sit igjen, med kjensla av å stå igjen på perrongen?
1 av 5 nordmenn står utanfor arbeidslivet. Henriette Robertsen er ein av dei.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKHenriette Robertsen (46) ser ikkje ut som ei som står igjen og ventar på eit tog som ikkje kjem. Ho ser derimot ut som at ho skal rett på rockekonsert.
I skinnjakke, med sylskarp, svart lugg og boots kunne ho sklidd inn i alle rockebarar.
Og jo, ho har bestandig vore ei rockejente.
Ho gjekk på konsertar, ho gjekk på jobb, ho elska den, ho følte ho gjorde noko for samfunnet når ho var landskapsingeniør i Tromsø kommune.
Det var før.
Skarp lugg, blått blikk, travle hender. Slik er 46-åringen frå Tromsø oppsummert.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKNo bur ho 83 kilometer utanfor Tromsø sentrum. Hu bur i Finnkroken på Reinøya i havgapet utanfor byen.
Å reise dei kilometra krev mykje av ho no. Meir enn det kanskje ser ut som.
For sjølv om 46-åringen ser doggfrisk ut, er ikkje alle dagar slik.
– Dei vanlege dagane er jo prega av sjukdom. Alt eg gjer, blir jo styrt av migrenediagnosen, forklarar ho, og held fram:
– Eg har ei sånn utmatting. Altså ei slik ... Korleis skal ein forklare ei utmatting til nokon som er frisk? Det er vanskeleg, fordi det er så altoppslukande. Det er ikkje å vere sliten. Det er så mykje djupare enn å vere sliten.
Å vere utmatta er noko heilt anna enn å vere sliten, meiner Henriette.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK«Kva skjedde med Henriette?» Det kan høyrest ut som tittelen på ei barnebok. For Henriette er eitt av tala i statistikken. Ho er éin av dei 700.000 som står utanfor arbeidslivet her i Noreg.
Det heile starta med døden.
Sommaren 2014 omkom naboen hennar i ei ulykke. Dei var ikkje berre naboar, dei var gode venner.
Da ho fekk beskjeden, starta det ein enorm sorgreaksjon. I tillegg kom ei hovudpine.
Ho, som aldri før hadde vore plaga med slikt, blei dårleg.
– Til slutt låg eg berre i eit svart rom med gardinene att. Måtte sitje og dusje, måtte ha hjelp heime. Eg blei kjempesjuk, rett og slett.
Hovudpina stod på i tre veker. Så gjekk det berre ikkje over. Ho blei sjukare og sjukare.
– Eg prøvde veldig hardt å stå i jobb, for eg elska den. Eg syntest eg hadde den finaste jobben og dei beste kollegaene. Alt vi gjorde på jobb, var positivt. Vi bygde turløyper og laga bålplassar, mimrar ho. Med eit smil.
Kanskje er den som mistar seg sjølv heldig? Da kan ein jo finne seg sjølv igjen, heilt på nytt.
Det var det Henriette måtte gjere. Ho fekk plass på eit livsmeistringskurs.
– Eg kom inn dit som ei skadeskoten kråke. Heilt svart og grå i trynet, full av sorg over alt som var tapt. Og så gjekk eg ut derifrå med hovudet heva, rett i ryggen og hadde trua på meg sjølv igjen. Det er vanskeleg å ta deg sjølv i nakken. Du må lære det på nytt igjen, kanskje.
For ho har det handla om å setje seg små mål. Ein tur treng ikkje vere lang, eit prosjekt må ikkje bli ferdig same dag som det er starta.
Når sjukdommen er på sitt verste, kan det vere vanskeleg å telle. Henriette har fått venninner til å hjelpe ho med å legge maskene på strikkepinnane dei gongane det blir for vanskeleg.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKHo finn glede i å skape, å bruke hendene, i hagen eller med ull. På sosiale medium legg ho ut bilde av det som spirer og gror, det som veks og det som blir til av handarbeid.
Men om ho kan gjere så mykje med hendene, kan ho ikkje like gjerne jobbe da?
– Eg kan ikkje jobbe. For eg kan ikkje dukke opp til faste tidspunkt. Det er ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi eg har ein uføreseieleg kvardag, rett og slett.
Tre år som ufør har gjort ho nokså sikker på at vegen tilbake til eit vanleg arbeidsliv er lang.
Ein uventa telefon skulle likevel gi ho ein nokså spesiell jobb.
Å få litt byluft i håret er luksus når ein bur på landet.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKHenriette opnar døra til Kunstmaleren i Tromsø sentrum. Her har den tilsette rydda plass på eit stort, kvitt bord.
– Åh, så fint du har ordna, seier ho, takksam.
Store rør med tjukt bomullsstoff blir forsiktig rulla ut.
Det er bilete, men det er noko meir. Det er store portrett av kvart medlem i den kjente folkemusikkgruppa Hekla Stålstrenga.
Desse store plakatane skal snart hengast opp til utstilling. Først skal dei få ramme.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKDei er trykt på tjukt bomullslerret.
Kvart bilde er også pryda med brodersting. Her er kråker, stjerner, vakre blomster i neonfargar. Det minner om nordlandsbunad, selbuvottar, kråkeviser og mørketidshimlar.
Alt er brodert for hand av Henriette.
Sjølv om ho, som ho påstår, ikkje kan brodere.
– Eg er jo veldig glad i ull og tråd, og eg skjønner jo korleis ein gjer det. Så er eg vel litt Pippi? «Det har eg aldri gjort før, så det kan eg sikkert gjere.» Andre får det jo til.
Slik ser den nye plata til Hekla Stålstrenga ut.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKTelefonen kom frå Ragnhild Furebotten i Hekla Stålstrenga. Dei skulle sleppe albumet «Heimført». 20 år som band skulle markerast med det niande albumet deira. Dei skulle tilbake til røtene sine. Med på vegen dit, ville dei ha Henriette.
Ragnhild Furebotten i Hekla Stålstrenga, fotografert av Carl Christian Lein Størmer og brodert i ein Holly Golightly-versjon av Henriette.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKSjølv om Ragnhild visste litt om kven Henriette var frå før, visste ho ikkje at ho var utanfor arbeidslivet. Det hadde ikkje innverknad på avgjerda.
Men det viste seg at Henriette hadde mykje tid til å setje seg inn i prosjektet.
– Eg trur ikkje nokon andre enn ho kunne ha gjort det. Når eg høyrer korleis ho har jobba og gått vanvitig inn i musikken, i tekstane, i konseptet, i banda, og via enormt mykje tid på det, på ein måte som har forbløffa meg, seier Ragnhild og legg til:
– Det kan jo hende at ein person med veldig mange andre ballar i lufta ikkje hadde hatt moglegheit til det.
Eit stort samarbeidsprosjekt blir til. Originalbileta er tatt av Carl Christian Lein Størmer, brodert av Henriette, og sidan fotografert på nytt av Marius Fiskum. Tank Design står bak konseptet.
Foto: privatVi skal kome tilbake til kva samarbeidet har betydd for Henriette. Felespelar Furebotten er strålande nøgd:
– Eg opplever at Henriette er like mykje med på denne plata som eg er. Da vi hadde ein signeringsfest på Backbeat i Tromsø, så ville jo eg at ho også skulle signere plata. Det var heilt naturleg. Ho er veldig med på denne plata.
Folkemusikaren ler når ho fortel om signeringsfesten. Å signere blei i meste laget for Henriette.
Avtrykket hennar var likevel heilt tydeleg på plass.
På festen kunne ho smile av glede. Kanskje var det ei lette over at prosjektet var ute blant folk. Vegen dit gjekk gjennom nål og tråd.
Og skikkeleg hardt materiale.
Leikne sting over ei fele. Sting for sting har Henriette laga blomstrane på omslaget til Hekla Stålstrenga si nyaste plate.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKHenriette hadde eitt av kvart bomullsportrett. Det gjekk ikkje an å gjere feil. Sydde ho eit sting som ikkje skulle vere der, fekk ho berre finne ein måte å redde seg inn på.
– Kjempeskummelt. Eg var livredd i mange veker. Men no har eg vent meg til det, og det er ute i verda, og folk har sett det.
Dama med den sylskarpe luggen smiler, flirer med ein latter ein kan høyre heilt heime på Reinøya. Ho er energisk.
Samtidig er ho heilt ærleg på at det kan vere vanskeleg å halde i tråden undervegs i samtalen. Innimellom mistar ho oversikta over kva ho skulle seie.
«Hjernetåke», kallar ho det.
Tåkate. Borte. Usynleg. Slik er det lett å kjenne seg når ein er ufør og utanfor, meiner Henriette. Her fotografert på ein av favorittplassane, Blårock, i Tromsø sentrum.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKNår vi kjem inn på kva det har hatt å seie for ho å få eit slikt prosjekt å jobbe med, skiftar stemninga.
– Eg er ekstremt glad for å ha fått den sjansen, for å ha blitt sett. Nokon har sett meg.
Å vere ufør gir ei oppleving av å vere utanfor.
Ho svelgjer mange gongar. Trekker pusten. Tårene pressar på.
– Ein blir liksom litt borte, på ein måte.
Ho tar ein pause.
– Eg blir veldig rørt av det.
Samarbeidet med folkemusikkgruppa har betydd mykje for dama som elskar handarbeid.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKMen hei!, tenker kanskje du som les no. Korleis kan ein jobbe om ein er ufør? Det høyrest ikkje heilt lov ut.
Jo, det er heilt innanfor. Men no må vi bli litt tekniske.
Som ufør kan du tene eit såkalla «fribeløp» på 0,4 G. Sagt på ein annan måte, kan du tene 52.000 kroner før stønaden blir påverka.
Ein Nav-rapport frå juni i år slår fast at dei som får 100 prosent uføretrygd, jobbar lite. Berre 32 prosent av desse jobbar så mykje at dei når fribeløpet på 0,4 G.
– Mange er stressa over å skulle jobbe meir enn det. Og det stresset kan handle om at ein er redd for at ein ikkje klarer å følgje med. Kor mykje har eg tent? Kor mykje kjem dei til å trekke? Går eg for langt? Nokre tenker også: Gjer eg noko ulovleg?
Det seier Kristin Røymo. Ho er regiondirektør for Nav i Troms og Finnmark.
I juni i år var det ifølgje Nav 17.670 uføre i regionen ho er sjef for.
Ho veit at «livssorga» til Henriette er noko fleire kjenner seg igjen i.
– Absolutt. Absolutt. Det er mange som seier at det skaper ei livssorg. Det som er viktig, tenker eg, og som kanskje vil vere veldig bra for heile samfunnet, det er at vi blir oppmerksame på at det finst vegar tilbake, viss det er mogleg å få det til.
Kristin Røymo, regiondirektør i Nav Troms og Finnmark, trur mange kjenner seg igjen i kjenslene til Henriette.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKHo seier at mange uføre er urolege for om dei faktisk har lov til å jobbe. Det kan også vere redsel for å jobbe for mykje. Dermed kan ein hamne i ein spiral der ein er redd for å skulde Nav pengar.
Røymo veit at brukarane av Nav uroar seg for ulike ting. I tillegg får dei fleire fordommar slengde mot seg.
– Sjølv om mange kan tenke at det er mange som er utanfor arbeidslivet, så er det ikkje lett å bli ufør. Det skal ganske mange år med utprøving og utfordringar til før du kjem dit.
– Er det ein myte at det er for lett å bli ufør?
– Nei, det vet eg ikkje. Men eg veit at mange ikkje har lyst til å gå gjennom Nav-mølla ein gong til. Har du fått ein uførestønad frå det offentlege, så har du den, den er trygg.
Henriette er midt i ei tankerekke når døra til kafeen går opp. Ho smiler mot dei to som kjem inn.
– Hei! Heia!
Ho forklarer at det er gamle kollegaer. Gode folk frå det gamle kontoret, nokre minutt rusling vekk frå kafeen.
Sjølv om gleda over å sjå gamle kjente er stor, stikk det også at relasjonar har endra seg i takt med sjukdommen.
Denne reportasjen blir til etter mange forsøk på å treffast. Dagsform og sjukdom kan kome i mellom. Ting må utsetjast, avtalar må avlysast.
Det er dei seigaste vennskapa som held seg, meiner ho.
Å gå på kafé og treffe folk er noko Henriette prøver å få til når ho er i byen.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK– Dei som står igjen, er kanskje dei som ser at eg gjer det ikkje med vilje. Eg er ikkje sjuk med vilje. Det er dei som er rause og inkluderande, trass i at eg stadig vekk må avlyse avtalar, seier ho og legg til:
– Det er klart at ein del menneske forsvinn på vegen. Og det er jo sårt.
– Trur du at du kjenner ekstra på det fordi du er i den situasjonen som du er i?
– Ja, eg har kanskje betre tid til å tenke på det. Har meir tid til å sakne folk. Ja, det trur eg.
Kronprinsesse Mette-Marit har eitt og anna til felles med Henriette Robertsen. Ho er også husflidsengasjert, i tillegg til å vere kronisk sjuk. Ein gong sa ho at «å veve er å leve».
Kanskje er det platt, men kanskje er det også litt fint? For kanskje livet også kan vere ein bildevev. Henriette sin har endra form og farge fleire gongar.
Livet blei kanskje ikkje heilt som ho hadde tenkt.
Ting ho hadde håpa på, blei ikkje noko av. Likevel ser ho det gode, dei store dahliane ute i hagen. Hunden ho passar innimellom. Den gode koppen med kaffi om morgonen.
Det er mykje glede i ein god cappuccino.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKHo må sjølv finne ut kva som skal vere glittertråden i veven. Legge inn nye fargar, bestemme korleis mønsteret skal bli.
– Eg held på med handarbeid frå eg står opp til eg legg meg. Eg er litt sånn tulla inn i ull, på ein måte. Kanskje til min sambuar si fortviling. At det er masse garn overalt. Og rokk og vev og utstyr.
Latteren bryt gjennom igjen.
– Er det eit mål for deg å jobbe igjen?
– Eg trur jo ikkje at eg nokon gong klarar å jobbe 100 prosent igjen. Men for meg er det råviktig å ha den trua på at den migrenen min som kom som lyn frå klar himmel, den skal vekk. Om ikkje like fort. Så plutseleg så er den vekk.
Ho tar ein pause.
– Eg må berre gje det litt tid. Eg har masse ting eg har lyst til å gjere, eg har tusen millionar idear, eg er eit skapande menneske. Eg har ei indre drivkraft som berre ... Den kan ingen ta ifrå meg.
Hei!
Har du tankar om saka du las no, eller tips til heilt andre ting eg burde skrive om? Eg elskar å skrive om folk!