Mannen er også dømd for å ha valdteke ei jente på skulen.
Saken oppsummert
- Mann i 20-åra er dømd til to års fengsel for seksuelle handling mot ei jente under ti år. Det er karakterisert som valdtekt i straffelova.
- Politiet fann urovekkande materiale på beslaglagde dataeiningar hjå mannen, inkludert KI-genererte nakenbilde av unge jenter.
- Mannen mista jobben og retten har bestemt at han aldri får jobbe i grunnskule eller barnehage igjen.
Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.
Saka mot mannen i 20-åra vart rulla opp våren 2024, då ei jente under ti år kom heim frå skulen og fortalde kva ho hadde opplevd.
Ei veke etter aksjonerte politiet mot mannen og tok beslag i fleire dataeiningar.
Der fann politiet fleire urovekkande ting.
No er mannen dømd i Sunnmøre tingrett til fengsel i to år.
Skulejente bad om hjelp
Det mest alvorlege forholdet tingretten tok stilling til, var tiltalen for å ha befølt ei ung jente på skulen.
Seksuelle handlingar mot barn under 14 år blir rekna som valdtekt i straffelova (paragraf 299). Mannen er dømd etter bokstav c i denne paragrafen.
§ 299. Voldtekt av barn under 14 år
Med fengsel inntil 10 år straffes den som
a. har seksuell omgang med barn under 14 år,
b. får et barn under 14 år til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv, eller
c. foretar kvalifisert seksuell handling med barn under 14 år.
Kjelde: Lovdata
Den aktuelle dagen bad den fornærma jenta om hjelp i eit friminutt. Ho hadde skada seg og trengte enkel førstehjelp.
Den tiltalte tok ho etter kvart med på eit rom tilknytt skulefritidsordninga.
– Utnytta tilliten
Det som så skjedde har han sjølv dokumentert ved å filme hendinga, slår retten fast.
Politiet har funne stillbilde av denne videoen, og retten er ikkje i tvil om at det mannen gjorde mot jenta var seksuelt motivert.
– Tiltalte utnytta tilliten han hadde som assistentlærar og tillitsperson. Handlinga fann stad på ein barneskule, i skuletida, skriv retten om dei skjerpande forholda.
Ifølge NRK, som omtala dommen først, sa mannen at han ikkje hadde til hensikt å kome borti jenta. Han avviste at det var seksuelt motivert.
Ifølge dommen hadde han likevel ikkje noko godt svar på kvifor han dokumenterte hendinga med kameraet på mobilen.
– Eg følte meg skikkeleg ekkel i den augneblinken og eg skjønar ikkje kvifor eg gjorde dette, siterer NRK frå rettssaka.
Fann KI-genererte bilde
Mannen måtte også svare for det politiet fann etter å ha ransaka bustaden hans.
I datafiler låg det mellom anna bilde av åtte unge jenter, der mannen har manipulert bilda slik at dei var nakne.
Han forklarte sjølv til retten at han brukte eit KI-verktøy til å gjere dette.
Ansikta deira er synlege på bilda, men han bytta ut kroppen deira med ein naken kvinnekropp ved hjelp av verktøyet.
I tillegg er han funnen skyldig i å ha tatt bilde og videoar med fokus på underlivet til fleire andre fornærma jenter.
Noko av dette er mellom anna tatt i friminutt på skulen.
Må i fengsel for KI-genererte overgrepsbilde
Dei fornærma jentene er både over og under ti år. Mannen erkjente straffskuld for dette i retten.
TV 2 har forsøkt å få ein kommentar frå mannens forsvarar, utan å lukkast.
– Eg har ingen kommentar til dommen utover at det vil bli tatt stilling om den skal bli anka innan ankefristen går ut, seier advokat Erling Flisnes til NRK.
Får ikkje jobbe meir
Mannen mista jobben då saka vart rulla opp.
Sunnmøre tingrett slår fast at han aldri får jobbe i grunnskule eller barnehage igjen.
– Denne saka viser at tiltalte har ein seksuell motivasjon mot barn, som han også har vore villig til å forfølga. Samfunnet har behov for beskytting mot at tiltalte kjem i ein posisjon til å gjera liknande mot andre barn, slår dommarane fast.
Han er også dømd til å betale 125.000 kroner i erstatning til den fornærma jenta i overgrepssaka.


















English (US) ·