Åtvarar mot ulovleg marknadsført slankemiddel: – Alvorleg svindel

4 hours ago 3



– Dei siste vekene har eg fått meir enn 20 e-postar og telefonar frå folk som har sett ein reklame for eit naturmiddel som lovar vektreduksjon og som skal minne om medikamenta Wegovy og Ozempic.

Det fortel John Roger Andersen, sekretær i Noregs foreining for fedmeforsking (NFFF).

Ei foreining som, ifølge nettsida Artrosern, anbefaler kjøp av deira slankeprodukt «som ei løysing på fedme og diabetes».

– Namnet vårt har blitt misbrukt i reklamen, utan vår samtykke og kjennskap. Dette er veldig alvorleg svindel, meiner Andersen.

John Roger Andersen
Professor, Høgskulen på Vestlandet
Sjukepleiar og forskingskoordinator, Helse Førde

John Roger Andersen er professor ved Høgskulen på Vestlandet og sekretær i Noregs foreining for fedmeforsking.

Foto: Privat

Heimesida til Artrosern er pynta med ei rekkje lovord og tilrådingar frå fleire anerkjende institusjonar – deriblant NFFF og Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Men ingen av dei tilrår dette produktet.

Nettsida vart registrert i april, og var tilgjengeleg ut heile juni – men 1. juli er slankedropane fjerna frå nettsida.

NRK har prøvd å kontakte nettsida for kommentarar til denne saka. Dei har ikkje svart på førespurnadane våre.

Skjermbilder fra nettsiden til Artrosern, som ulovlig markedsfører deres slankemiddel-produkt.

Skjermbilete av dei falske tilrådingane frå ulike foreiningar og direktorat på nettsida til Artrosern.

Foto: Skjermbilder fra nettside

Fryktar konsekvensane

Øvst på nettsida rulla teksta over skjermen: «norskprodusert». Men leitar ein godt på heimesida, finn ein at selskapet har adresse i Hongkong.

NRK har funne ei rekkje andre nettsider som sel slankedropar med dei same lovnadene. Fleire av dei er identiske til produktet på denne nettsida.

– Vi kjenner godt til marknadsføringa av desse falske produkta. Kollegaene våre i Europa melder om liknande annonsar, der offisielle logoar blir misbrukte.

Det seier legemiddelinspektør Nordby ved DMP. Han seier òg at dei vurderer tiltak for å stenge tilgangen til denne nettsida.

Legemiddelinspektør Pål Magnus Nordby

Legemiddelinspektør Pål Magnus Nordby ved Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Foto: Fotograf Caroline Roka / Fotograf Caroline Roka www.roka.as

Han rår forbrukarar sterkt frå å kjøpe desse produkta.

– Du veit aldri kva du får, og i verste fall kan du få alvorlege helseskadar av å bruke slike produkt.

Andersen i NFFF delar same bekymring.

– Eg er redd for konsekvensane av at nokon brukar dette produktet, som blir framstilt som eit alternativ til medisin. Vi aner ikkje kva det inneheld.

Produktet blir presentert som at det inneheld både kosttilskotet Moringa og GLP-1-analogar, som blir brukt i medisinsk behandling av blant anna diabetes type 2.

En gruppe blå penner

Ozempic er eit reseptbelagt legemiddel som vert brukt i behandling av type 2-diabetes – og som òg kan føre til vektnedgang.

Foto: Tom Little / Reuters / NTB

– Reknar risikoen som stor

NRK har vore i kontakt med Mattilsynet, Forbrukartilsynet og Forbrukarrådet. Dei meiner alle at det er god grunn til å vere på vakt når det gjeld produkt som dette.

– I marknadsføringa av et kosttilskot er det ikkje lov å vise til dokumentert effekt.

Det seier Anne Mette Wigdahl Østeraas, seksjonssjef for kosmetikk og kosttilskot i Mattilsynet.

Også Forbrukartilsynet er bekymra for konsekvensane av kjøp og bruk av ulovleg marknadsførte helsekostprodukt.

– Kva er risikoen for forbrukarar som kjøper slike produkt i trua på at de har dokumentert effekt?

– Vi reknar risikoen som stor. Det er derfor det er så viktig at påstandar næringsdrivande bruker må kunne dokumenterast.

Det seier Tonje H. Drevland, underdirektør i tilsynsavdelinga i Forbrukartilsynet.

en person i rød skjorte

Tonje H. Drevland i Forbrukartilsynet.

Foto: DAG JENSSEN

Auke i spørsmål om helsekostprodukt

Rådgjevingstenesta til Forbrukarrådet har sett ei kraftig auke i spørsmål frå forbrukarar som omhandlar marknadsføring eller kjøp av helsekostprodukt.

– Det finst dessverre tallause reklamar for kosttilskot som lovar deg vektnedgang og feittforbrenning. Du bør alltid vere skeptisk til produkt som lovar lettvinte løysingar, seier forbrukarjurist Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet.

Bilde av Nora Gløersen på operataket i Oslo

Nora Wennberg Gløersen er forbrukarjurist i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet

Medan dei fekk 445 spørsmål om dette i 2023, fekk dei 764 spørsmål i 2024.

Så langt i år har dei fått 549 spørsmål – 100 av dei er frå juni månad åleine.

– Totaltalet seier noko om at sårbare forbrukarar som slit med helsa kan lett bli lurt, når tvilsame selskap lovar ei billig og rask løysing på dei fleste problema, seier Gløersen.

Mattilsynet har ikkje sett ei direkte auke i spørsmål knytte til slankeprodukt, men mykje tydar på at forbrukarane får produkta i monitor uansett.

– Vi har ikkje fått fleire meldingar, men på denne tida av året så ser vi ei auke av marknadsføring av kosttilskot som er relatert til vektnedgang. Det er ikkje lov med påstandar som viser til kor raskt eller kor mykje ein kan gå ned i vekt, seier Østeraas i Mattilsynet.

Publisert 04.07.2025, kl. 20.50

Read Entire Article