Wall Street Journal viser til ikkje namngitte etterforskarar, som meiner at nødkraftsystemet på Air India-flyet var i bruk då det styrta kort tid etter avgang frå Ahmedabad i Gujarat.
Dette reiser spørsmål om motorane fungerte som dei skulle.
Berre éin passasjer av dei 242 menneska om bord overlevde.
Vishwash Kumar Ramesh var den einaste som overlevde flystyrten i India førre veke. Her blir han besøkt av Indias statsminister, Narendra Modi.
Foto: AFPBerre ein overlevande
Overlevande, Vishwash Kumar Ramesh har fortalt at flyet stansa opp i lufta og at det lyste grøne lys før flyet styrta inn i eit hybelhus mindre enn eit minutt etter avgang.
Flyet var av typen Boeing 787–8 Dreamliner med 242 menneske om bord, var på veg til Gatwick i Storbritannia.
Det byrja å miste høgde berre sekund etter avgang.
Til saman 279 menneske omkom i ulykka. I tillegg til passasjerane, døydde mange som oppheldt seg i bustaden flyet trefte.
Ahmedabad ligg i delstaten Gujarat vest i India. Byen har rundt 5,5 millionar innbyggarar.
Nødsystemet som var aktivt, heiter Ram Air Turbine (RAT). Det skal sikre at pilotane kan styre flyet sjølv om begge motorane sviktar.
Flyet hadde motorar frå GE Aerospace.
Indias luftfartstilsyn seier dei ikkje har funne store tryggleiksproblem med Air India sine 787-fly.
Boeing og GE har ikkje kommentert saka.
Ny video frå et overvakingskamera på flyplassen viser passasjerflyet frå Air India som styrtar kort tid etter å ha tatt av frå rullebanen. Overvakingsvideoen er filma ved ein mobiltelefon.
Publisert 18.06.2025, kl. 09.58 Oppdatert 18.06.2025, kl. 10.22