– Det er vel nesten så eg ikkje torde å tru på det, innrømmer Thor Hushovd overfor NRK.
Søndag spurta Uno X-ryttar Sakarias Koller Løland inn sin første proffsiger i karrieren under Veneto Classic.
Det var ikkje berre ein personleg triumf, men gjorde også at sykkellaget plukka nok poeng til å ta steget opp til verdstouren – som blant anna garanterer for deltakinga i Tour de France, Giro d’Italia og Vuelta a España.
BLITT LAGT MERKE TIL: Uno-X har levert godt i Tour de France sjølv om dei har sykla på nivået under verdstouren. Fram til nå.
Foto: APUno-X har som strategi å berre hente norske og danske syklistar. Med opprykket til verdstouren, trur Hushovd rekrutteringa blir langt enklare.
– Nå vil dei store, danske stjernene – og da meiner eg store stjerner – hit. Utan at eg vil nemne namn.
– Nemn eit namn da!
– Eg legg litt mellom linjene, men lèt det ligge der, ler han.
Ønskte av store stjerner
Magnus Cort og Andreas Kron har vore to heiderlege opptak. I helga avslørte også Uno-X-laget at Alexander Kamp kjem til neste sesong.
Men å få med nettopp danskar på det norske laget har vore ei utfordring, ifølge «Oksen frå Grimstad».
– Dei vel to åra eg har vore med laget opplever eg at det har vore vanskeleg å signere danskar. Men nå er det ein heilt annan lyd i pipa, seier Hushovd.
Trass fleire sterke norske sykkelresultat dei seinare åra, trur NRK sin sykkelekspert Sondre Sørtveit at danskane ikkje har tatt Noreg så seriøst på den aller største scena.
SYKKELEKSPERT: Sondre Sørtveit meiner danskane har heva seg litt over norsk sykkelsport.
Foto: NRK– Dei ser nok på oss som «fjellaper», som dei kallar oss. Eg trur Danmark ser litt ned på norsk sykkelsport, meiner Sørtveit.
– Treng tøffare språk
NRK-eksperten blir støtta av kollegaen hans i TV 2, Mads Kaggestad.
Han meiner danskane er eit tøffare folkeslag enn oss nordmenn, og blir herda gjennom å sykle fleire ritt ute i Europa tidleg i karrieren.
– I Noreg er vi ganske milde, seier Kaggestad, og held fram:
– Eg trur danskane treng eit litt tøffare språk frå leiinga.
Kan signere stjerneryttarar
Men til liks med Hushovd, antar sykkelekspertane at det synet endrar seg nå.
– Nå blir sjølv toppryttarar som Jonas Vingegaard aktuelle. Med sikra Tour de France-plass i tre år blir det laget mykje gjævare, seier NRKs ekspert Sørtveit.
KAN LOKKAST: Verdenstour-statusen gjer Uno-X til eit heitare alternativ for stjerneryttarar som Jonas Vingegaard.
Foto: APKaggestad påpeikar at det blir ei økonomisk avveging.
– Alt handlar om pengar. Dei gutane der kostar opp til 50 millionar kroner i året og tar store delar av budsjettet. Da må dei (Uno X) vurdere om det er verdt det, seier Kaggestad.
Held fram med å vere norsk-danske
Suksessen til trass, sportssjef Hushovd gjer det klart at den norsk-danske strategien står fast, sjølv om stallen må aukast kraftig.
Verdenstour-deltaking krev nemleg at laga er pålagde å stille i alle ritta.
SMILER: Thor Hushovd var gjest i Nyheitsmorgon måndag morgon.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Vegen blir sjølvsagt mykje lenger når vi har bestemt oss for å ha den identiteten. Vi har mange færre utøvarar å ta av, og konkurrerer mot lag som har langt høgare budsjett og signerer kven dei vil, uavhengig av kor dei er frå, seier Hushovd.
– Men da smaker det også betre, fortset han.
– Det er noko med historia, at vi kan bygge frå dei nedre rekkene heilt til dei blir store, internasjonale stjerner. Den reisa er gøy.
– Kva skal til for å stabilisere laget blant dei beste?
– Det er ingen tvil om at vi må få ein større og breiare base. Men det skal vi gjere stein på stein. Etter sesongen i år er vi rangerte som nummer elleve i verda. Den basen tar vi med oss inn i neste år, samtidig som vi skal bli enda betre, seier Hushovd.
Her sparker hun motspilleren
Publisert 21.10.2025, kl. 06.19