Høgsterett sitt ankeutval har avvist ankane frå ein far, ei mor, ein storebror og ein nabomann.

Høgsterett har avvist ankane i Ullensvang-saka, som i tidlegare dommar er skildra som ei av dei verste og mest omfattande overgrepssakene i Noreg i nyare tid.
Dermed er saka endeleg avgjort etter to store rundar i rettssystemet.
Ein far, ei mor, ein storebror og ein nabomann vart i Gulating lagmannsrett i februar dømde til lange fengselstraffar for overgrep mot i alt tre barn.
– Han er frykteleg skuffa og tar dette veldig tungt. Han har heile tida sagt at dette ikkje har rot i verkelegheita. Han avviser framleis ein kvar handling han er dømt for, seier forsvarar for faren i 50-åra, Jan Henrik Høines til TV 2.
Han blei dømd til 20 års fengsel i lagmannsretten.
– Han vil framleis jobbe for å reinvaska seg, legg advokat Høines til.

Kjempa for å få dommen oppheva
«Fullstendig grenselause» overgrep
Lagmannsretten slo fast at barna i den eine familien har vakse opp i eit «overgrepsregime», der far og mor har opptredd «heilt omsynslaust» og sett «eigne behov framføre barna sitt ve og vel».
Overgrepa mot dei to barna skal ha skjedd anten kvar for seg, eller i nokre høve med heile familien involvert samstundes. I tingrettsdommen vart overgrepa skildra som «fullstendig grenselause».
Nabomannen vart dømd for grove valdtekter av sin eigen son, samt det meddømte foreldreparet si dotter. Det er ikkje funne bevis for at dei vaksne visste om kvarandre sine overgrep.

Dette er dommen mot foreldrepar, storebror og nabo
Skulda barnevernet for påverknad
Som TV 2 tidlegare har omtala, forsøkte alle fire å anke saka vidare til behandling i Høgsterett, mellom anna grunna saksbehandlingsfeil og mangel på kontradiksjon.
– Min klient er ganske overraska og skuffa over at Høgsterett sitt ankeutval ikkje sett hans argument for mangel på kontradiksjon, som han meiner ikkje har blitt følgt i heile saka, seier Høines.
Det har vore svært steile frontar mellom barnevern, politi og dei dømde i saka. Barnevernet i Hardanger har mellom anna blitt skulda for å ha påverka barna til å få falske minner om overgrep.
Alle fire nektar for at overgrep har skjedd.
Ein rettsoppnemnd sakkunnig slo fast at samtalane barna hadde med barnevernets tilsette var eigna til å påverka.

Slaktar samtalane barnevernet hadde med barna: – Svært uheldige
Men i dag avviste altså Høgsterett alle ankane. TV 2 har sett avgjersla.
«Ankeutvalet finner enstemmig at det ikke er tilstrekkelig grunn til at ankane blir fremmet for Høyesterett», er konklusjonen der.

Fostermor trassa åtvaringane frå politiet
Dette blir dommen
Dommen frå Gulating lagmannsrett i februar i år blir difor ståande. Den lyder slik:
Nabomann i 30-åra – tiltalt for grov valdtekt av eigen son (12) og nabojente (12): Dømt til 12 års fengsel. Han må også betale erstatning til sonen sin med 350.000 kroner og 450.000 kroner til nabojenta.
Far i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): Dømt til 20 års fengsel. Han må betale 600.000 kroner i erstatning til kvart av barna sine. I tingretten fekk han forvaringsstraff.
Mor i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12): Dømt til 17 års fengsel. Også ho er dømd til å betale erstatning på 600.000 til kvart av barna.
Storebror i 30-åra – tiltalt for grove valdtekter av bror (17) og søster (12): Dømt til 9 års fengsel. Må betale erstatning på 450.000 kroner til kvar av søskena sine.