Saka oppsummert:
- Digitale teneste gjer det enklare enn nokon gong å få resept på antibiotika.
- Dette skjer utan fysisk utgreiing eller prøvetaking.
- Både myndigheitene og ekspertar er bekymra for at høg antibiotikabruk kan få alvorlege konsekvensar i framtida.
- Det er usemje om korleis retningslinjene om antibiotikabruk skal tolkast.
Dei siste åra har det blitt enda lettare å få resept på antibiotika, til dømes via digitale nettstader.
Maja.no er ein av dei. Her kan du få antibiotika på eitt kvarter, utan å ta eit einaste steg ut døra. Dette er noko fleire kvinner med urinvegsinfeksjon har prisa seg lukkelege for.
Ekspertar er likevel bekymra for utviklinga.
– Ein stille pandemi
I dag døyr 69 nordmenn i året på grunn av antibiotikaresistente bakteriar.
Litt over 20 prosent av befolkninga fekk minst éin antibiotikaresept i 2024. Tala har byrja å stige etter pandemien.
Trass i at norske styresmakter jobbar for å minske antibiotikabruken hos både dyr og menneske, er det enklare enn nokon gong å få antibiotika på resept.
– Det er ein stille pandemi, seier Dag Berild, ein av Noregs fremste ekspertar på antibiotika.
Han er djupt bekymra for antibiotikaresistens, og meiner helsepersonell er ueinige i korleis retningslinjene for antibiotikabruk skal tolkast.
Berlid fortel at det er lite insentiv for å finne nye formar for antibiotika, som går utover dei sortane me allereie har, når me brukar dei for mykje.
– For 30 år sidan hadde vi fem ulike antibiotikatablettar som blei brukt mot urinvegsinfeksjon. Men på grunn av auka resistens er det no berre to-tre typar som har sikker effekt.
Han seier dei kvart år ser ein eitt prosents auke i resistens mot Kolibakterien, som er den vanlegaste årsaka til urinvegsinfeksjon. Han meiner det er heilt avgjerande for framtidig medisin at bruken er ansvarleg.
«Vent og sjå-resept»
Medisinsk ansvarleg lege for Maja.no, Andrea Birketvedt, seier dei har hatt fleire samtalar om antibiotikaresistens internt.
– Antibiotikaresistens skuldast overforbruk og feilbruk. Dei som får hjelp på Maja.no har ei problemstilling som ifølge nasjonale retningslinjer kan vurderast ved hjelp av sjukdomshistorie.
Hun forklarar at du kryssar av eit skjema og får så ein digital konsultasjon med ein lege.
– Dei fleste får ein vent og sjå-resept i tråd med gjeldande retningslinjer. Då er det Helsedirektoratet sine anbefalingar vi bruker.
Antibiotika blir berre gitt til pasientar med ukompliserte urinvegsinfeksjonar.
Om dei har hatt symptom i meir enn sju dagar, har vaginal smerte, er gravide eller slit med hyppige infeksjonar så blir dei bedt om å oppsøke lege for fysisk undersøking, ifølge Birketvedt.
– Ofte går det over av seg sjølv, og det informerer me om. Då er det ikkje nødvendig med antibiotika. Men infeksjonen kan spreie seg, og då kan det vere behov for å starte opp ein antibiotikakur.
– Du skal ikkje skrive ut, som hovudregel
Leiar av Antibiotikasenteret for primærmedisin, Sigurd Høye, stiller spørsmål ved kor vidt Maja faktisk følger retningslinjene.
Han er også fagleg redaktør av dei nasjonal faglege retningslinjene for bruk av antibiotika i primærhelsetenesta, som Birketvedt refererte til. Dei har laga eit eige kapittel for nettenester.
– Som hovudregel skal du ikkje skrive ut antibiotika utan at du har undersøkt pasienten, og eventuelt gjort supplerande undersøkingar, blodprøvingar og urinprøvar, seier han.
Unntak kan vere om legen kjenner pasienten sin godt, og pasienten har hyppige plager. Då kan det vere innafor å lage avtaler mellom lege og pasient.
Han seier det synast å stemme at Maja.no følger retningslinjene rundt urinvegsinfeksjon, men at dei ikkje følgjer anbefalingane rundt det å føreskrive antibiotika med telefon- eller e-konsultasjon.
Han understrekar likevel at det verker som at dei tek antibiotikaresistens på alvor, og at det speglar haldninga til den norske befolkninga.
– Har forståing
I dag finst det inga oversikt over kven det er som skriv ut mest antibiotika i landet. Derfor er det ikkje mogleg å gi ein person eller eit selskap skulda for auken.
Men Høye er tydeleg på ein ting.
– Auka tilgjengelegheit gir auka bruk. Så enkelt er det berre. Om du kan få ein time på minuttet, så er det grunn til å tro at fleire vil bruke det.
Fakta om antibiotika i Noreg
* Antibiotika blir brukt for å behandle bakterielle infeksjonar.
* Du må ha resept frå lege for å kjøpe antibiotika i Noreg.
* Bruk av antibiotika har auka etter pandemien. Frå 2021 til 2024 auka det med 19 prosent.
* I 2024 blei det skrive ut mest reseptar i Østfold og minst i Finnmark.
* I Norsk medborgarpanel sa 80 prosent av deltakarane at dei er bekymra for at antibiotika skal slutte å virke.
Han legg til at det er mogleg at fleire ville latt infeksjonen gå over av seg sjølv, om dei ikkje hadde hatt slike teneste tilgjengeleg, som igjen vil gi mindre sjanse for at antibiotikaresistente bakteriar kan utvikle seg.
Han har forståing for at urinvegsinfeksjonar kan vere smertefulle, men anbefaler folk å ta kontakt med fastlegen for å sikre at du får riktig behandling.
– Eg har forståing for at det tidvis kan vere vanskeleg å få tak i fastlegen sin. Men mange har tilbod om e-konsultasjon, der du får tak i ein lege som kjenner deg over tid.
Kjend med krava
Birketvedt seier at Maja blei vurdert av eit offentleg organ i 2023 og at dei er godt kjend med gjeldande retningslinjer og kva krav som blir stilt.
– Vi deler Sigurd Høye sitt syn på at helsetenester skal følge faglige retningslinjer og at antibiotika kun skal bli føreskrive etter grundig vurdering av lege, seier Birketvedt.


















English (US) ·