Bergensbanen opnar 10.30 – trafikken kan snart gå i gang att

6 hours ago 3



Bergensbanen opnar att klokka 10.30 i formiddag.

Det opplyser pressekontakt Gunnar Børseth i Bane Nor til NRK like før klokka 10.00.

All togtrafikken på Bergensbanen har vore nede etter at eit godstog spora av fredag kveld rundt 18.00 ved Myrdal stasjon.

Bane Nor frykta det kunne ta tid å få retta opp i hendinga.

– Men det var mindre skader enn vi hadde trudd, og difor kan vi opne tidlegare enn vi først venta, seier Børseth.

Dei fleste togavgangane i dag er utselt, både til og frå Oslo.

– Vy er glade for at trafikken no snart kan gå som normalt att.

Det seier kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby.

Trafikken frå Oslo og vestover har gått som normalt i dag.

Årsaka e at dei har greidd å sette inn bussar på strekninga.

Men på Vestlandet har dei ikkje greidd dette, og ruta har difor ikkje gått.

– Det har vore strevsamt for dei reisande i morgontimane, seier Lundeby.

Neste avgang frå Bergen blir klokka 11.49 – dersom bana er open ved Myrdal, legg kommunikasjonssjefen til.

Alle som har blitt råka av hendinga må ta kontakt med Vy for å få att pengane dei har krav på.

– Vi er sjølvsagt lei oss for det som har skjedd og at vi ikkje greidde å skaffe nok alternativ transport, seier Lundeby.

Han legg til at det framleis er ledig plass på ettermiddagstoget, og at det er råd å booke seg om til dette.

Toget som spora av er heist vekk frå ulykkesstaden.

Mannskap har jobba på staden.

– No må vi først undersøke ulykkesstaden for å sjå til at det ikkje er fare for anna togtrafikk. Vi må også sjekke infrastrukturen i området. Dette gjeld først og fremst sporvekslaren der avsporinga skjedde, men også området rundt, sa Børseth til NRK like etter klokka 09.00.

Årsaka til avsporinga er framleis ukjent.

Read Entire Article