Besseberg viste fram brev frå mektig president: – Ein hemmelegheit eg har hatt

6 days ago 24



– Eg ønsker å vise at dette ikkje berre er noko ein guvernør eller mannen i gata som prøver å påverke meg. Det skjer heilt på toppen. Dette er ein hemmelegheit eg har hatt, men som eg ønsker å vise fram nå, sa Anders Besseberg i retten før han bad om å få opp eit brev på skjermane.

Brevet er datert 2018 og har signaturen til den tyske rikskanslaren Angela Merkel.

Brevet blei, ifølge Besseberg, send kort tid før IBU skulle bestemme kven som skulle få arrangere VM i skiskyting i 2023. Tyske Oberhof var ein av kandidatane. I brevet blir det bede om at den tyske kandidaten skal få meisterskapen.

– Ho taler varmt for Tysklands søknad om å få tildelt eit VM i Oberhof. Ho viser blant anna til dei uforgløymelege bilda som dei hadde i VM 2004 same stad og i tillegg til Ruhpoldings VM i 2012, forklarer Besseberg mens han les frå brevet.

  • NRK har bede om ein kommentar frå Angela Merkels kontor, men har førebels ikkje fått svar.

Tar avstand frå Russland-vennlegheit

Brevet blei lagt fram i forlenginga av at Besseberg avviser at han har vore spesielt Russland-vennleg. Besseberg står tiltalt for korrupsjon, blant anna for å ha fått jaktturar og prostituerte frå russiske myndigheitspersonar.

Den tidlegare presidenten i IBU erklærte seg onsdag for uskuldig. I den frie forklaringa si vektlegg han at det er mange som har prøvd å påverke han, ikkje berre russarar.

– Sjølvsagt, som president, har eg påverknadsmoglegheit. Eg har også ei plikt, som president, til å bruke henne for å få ei rett avgjerd og rett vedtak. Sjølvsagt skal ikkje den myndigheita misbrukast. Eg har mange gonger blitt påverka eller fått brev som prøver å påverke meg. I eit demokratisk system synest eg det er heilt fint, da får du betre overblikk til å ta rett avgjerd, seier Besseberg.

Johannes Thingnes Bø sammen med maskoten for VM i Oberhof i 2023, Floke.

VM-KONGE: Johannes Thingnes Bø blei VM-konge i VM i Oberhof i 2023. Her saman med maskoten Floke.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP / NTB

Han forklarte deretter at han svarte at han sette pris på brevet og takka for støtta til tysk skiskyting frå øvste hald. Oberhof fekk tildelt meisterskapen. Dei vann avstemminga mot Nove Mesto med 28 mot 21 stemmer.

– Når ein ordførar, guvernør eller annan myndigheitsperson ville snakke med meg, så sette eg pris på det, seier Besseberg.

– Kanskje har eg vore for naiv

Fredag har Besseberg i den frie forklaringa si fortalt om synspunkta sine knytte til tiltalen. Besseberg har bekrefta at han har vore på jaktturar, fått klokker og hatt tilgang til ein leasingbil mens han var president.

Han understrekar, slik han gjorde i tingretten, at dette ikkje har vore straffbart. Klokkene har han fått som gåver eller prøvd å levere tilbake. Leasingbilen var etter ønske frå IBU, Infront og BMW. Jaktturane var med venner, forklarte Besseberg.

– Eg må seie at eg må ha vore frykteleg naiv dersom dette er straffbart og eg kan straffast for å gå på jakt med desse personane. Kanskje har eg vore for naiv, det skal eg ikkje sjå bort frå, sa Besseberg.

– Eit element av uventa glamour

NRKs sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, trur Besseberg prøver seg på to ting:

Han gjer seg sjølv til ein enklare og enklare gut frå Vestfossen. Han nemner sin eigen naivitet oftare og oftare. Samtidig har han vore inne i eit univers der han ikkje har gjort noko som helst anna enn dei som burde leie an moralsk gjorde.

Jan Petter Saltvedt, sportskommentator i NRK.

I RETTEN: NRKs Sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, har følgt dei første dagane av ankesaka mot Anders Besseberg frå retten.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Saltvedt påpeikar at sakene om gåver til norske politikarar rundt 2010, der det enda med at fleire politikarar, blant dei Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Liv Signe Navarsete hamna i gåve-trøbbel.

Det mest oppsiktsvekkande var kanskje da den frie forklaringa enda i eit slags «Se og Hør i suspekte gåver», med eit persongalleri frå Stoltenberg og Støre via Christen Sveaas til Angela Merkel. Det er komme inn eit element av uventa glamour i dag. Eg såg ikkje det kome da vi starta opp i dag, seier Saltvedt.

Han peikar vidare på at Besseberg og forsvararane hans prøver å danne eit bilde av at det ikkje berre er russarar som har prøvd å påverke avgjerder i IBU. Sjølv tok Besseberg fleire gonger opp at etterforskinga berre har dreidd seg om mottak av fordelar frå Russland, ikkje nokon andre land.

– Desto meir dei kan skape ei usikkerheit om det har vore ein objektivitet i etterforskinga, og om desse koplingane til Russland har vore noko som helst reelle når det gjeld at det skal ha enda i eit usunt forhold der. Alt har verdi for Besseberg, dei kjem til å fortsette sånn heile vegen. At han skal dra inn notabilitetar på denne måten for å rettferdiggjere det, er ganske interessant.

Publisert 25.04.2025, kl. 13.57

Read Entire Article