Betydelig snøskredfare i Nordland

2 hours ago 2



Operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Karl Erik Thomassen oppfordrar folk til å vere forsiktige. Ein person vart i ettermiddag tatt av snøskred på Blåbærtinden i Balsfjord i Troms, melder han.

– Det er betydeleg snøskredfare i store delar av politidistriktet, og det er venta at faren aukar det neste døgnet. Vi fekk nettopp melding om ein person i eit turfølge på åtte, som vart i eit skred. Han hadde flaks og kom seg ut sjølv. Ver obs, og ikkje ta sjansar, skriv han i politiloggen søndag ettermiddag.

– Det vart utløyst av personen som vart tatt av skredet, seier han til NRK.

– Snøskredfaren har tatt seg opp frå tidlegare i veka og vil ta seg opp ytterlegare, legg operasjonsleiaren til.

Vaktleiar i snøskredvarslinga til NVE, Håvard Toft fortel til NRK at det kan kome store naturleg utløyste skred i Nord-Noreg nå, så store at dei kan stenge vegar.

Forsker ved UiT og ansatt i snøskredvarslingen NVE, Håvard Boutera Toft

Forskar ved UiT og tilsett i snøskredvarslinga NVE, Håvard Boutera Toft.

Foto: Privat

I regionen rundt Tromsø har NVE varsla fylkeskommunen og Statens vegvesen om at det er så stor snøskredfare at skred kan bli løyste ut av seg sjølv. Det medfører fare for at vegar kan bli stengde på kort varsel.

– Vi ventar store, naturleg utløyste skred, og det er gjerne på den skred-storleiken av potensielt vegar kan bli utsette, seier Toft.

Men det er ikkje berre i nord at folk bør vere forsiktige i fjellet no.

– Vi har betydeleg snøskredfare i store delar av Nordland og Troms og Jotunheimen, seier Toft.

Fleire stader i Nord-Noreg og i Jotunheimen går skredfaren ned att måndag og tysdag. I Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre og Indre Fjordane aukar den derimot om to dagar frå liten til moderat

– Korleis skal skiløparar te seg når det er betydeleg snøskredfare?


– Det er ein alvorleg situasjon, og då er rådet vårt å unngå skredterreng heilt, det vil seie terreng som er brattare enn 30 grader og utløpssoner, svarar skredeksperten.

Kart som viser snøskredfare

Kart som viser stader med snøskredfare søndag.

Faksimile: OpenStreetMap

Snøskredfaren aukar også i Jotunheimen søndag.


Ifølge Varsom.no aukar skredfaren i takt med at vinden aukar til stiv kuling frå sør. Dette skaper ustabile forhold i fjellet.


– Det vil legge seg opp ferske flak over nedføyka kantkorn som vil vere svært lette å påverke. Unngå alt skredterreng, skriv Varsom.no, som altså har sendt ut oransje farevarsel for snøskred i området.

Publisert 15.02.2026, kl. 16.28 Oppdatert 15.02.2026, kl. 16.59

Read Entire Article