Blei sjokkert etter russefest – så skjedde det noko

6 days ago 31



Bareigar opplevde at ein av ti russ var påverka av narkotika. Politiet bekreftar ein kultur der russen prøvar å overgå kvarandre.

 Karoline Sundfør / TV 2
OFFISIEL START: Torsdag starta russetida offisielt for Vestlandsrussen, i strålande sol. Og ein er ikkje skikkeleg russ før ein er døypte. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

Publisert 26.04.2025 11:29

– Eg synest berre det er trist, seier Jostein Styve Eck, eigar av utestaden Catten på Os utanfor Bergen.

I februar var over hundre personar samla på baren hans då russen inviterte til slippfest.

Men då festen var slutt, var bareigaren sjokkert. 

Han hadde aldri vore med på at så store mengder narkotika florerte på ein og same fest. 

 Karoline Sundfør / TV 2
RETT I BOTN: Ølen må drikkast opp på ti sekund, elles vankar det straff: Og slik blir russen døypte. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

Skapte overskrifter 

Styve Eck har opplevd å finne nokre posar med stoff i barlokalet i løpet av ei helg. Denne russefesten var på eit heilt nytt nivå. 

Då gjekk Eck til media.

– Eg er ikkje redd for å seie frå. Det er yngre og yngre personar som brukar dette, og det blir ikkje betre om ein ikkje set fokus på det, seier han. 

 Karoline Sundfør / TV 2
UROA: Bareigar Jostein Styve Eck er uroa for festkulturen blant unge, og mengda narkotika som ser ut til å vere i omløp. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

Ifølgje BA, hadde vektarane rekna med at om lag ti prosent av gjestane var påverka av meir enn alkohol. 

Russen sjølv beklaga for at det skjedde, og sa seg einige i at dette berre var trist.

Festen blei først omtalt i Os og Fusaposten

God erfaring

TV 2 har vore i kontakt med fleire politidistrikt om korleis dei ser på utviklinga i narkotikabruk blant russen. 

Dei seier at russen generelt oppfører seg bra og at russen og politiet har eit godt samarbeid.

– Vi har god erfaring med russen frå dei siste to åra, og opplever at russen er blitt rolegare, seier Lars Morten Lothe, politistasjonssjef i Bergen. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
STORT SETT GREIE: Politisjefen i Bergen seier dei ikkje har grunnlag til å seie at narkotikabruken til ungdommen går opp i russetida. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

– Vi har heller ikkje noko grunnlag for å seie at narkotikabruken går opp i russetida. Det har i alle fall ikkje medført auke i ordensforstyrringar eller valdshendingar, seier Lothe. 

Overgår kvarandre

Kristoffer Haakonsen i Øst politidistrikt seier russetida alltid er ei utfordring, men det er mest grunna støy. 

Han meiner det er tydeleg at dei ulike bussane og russekulla år for år prøver å overgå kvarandre, og at dette kjem til uttrykk både i støy og rusbruk.

– Politiet erfarer at russetida er ein periode med fare for høgare inntak av lovlege og ulovlege rusmiddel. Det er jo ei uro for at terskelen blir lågare, seier Haakonsen. 

 Odd Arne Hartvigsen / TV 2
MEST BRÅK: I Øst politidistrikt er den største utfordringa med russen støy. Foto: Odd Arne Hartvigsen / TV 2

Også i Troms er dette på radaren. 

– Vi ser at i samfunnet generelt er aksepten for å bruke narkotika høgare enn tidlegare. Det er lettare å få tak i og det er sterkare stoff i omløp. Det er det som er skummelt, seier June-Anita Rognmo Wiesner, avdelingsleiar i Troms politidistrikt.

 Karoline Sundfør / TV 2
KLAR, FERDIG, RUSS: Vestlandsrussen blei torsdag døypte og er no klare for ein månad med fest. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

Ho understrekar at dei fleste russ ikkje rusar seg, men meiner likevel det er viktig å opplyse russen om at vala dei tar no, kan få konsekvensar.

– Dersom ein blir tatt med narkotika, kan dette føre til at ein ikkje kjem inn i militæret eller at ein ikkje får jobben ein ønskjer, seier Wiesner.

– Litt ufortent 

Torsdag starta russetida offisielt fleire plassar i landet, med den tradisjonelle russedåpen. I Bergen hadde fleire hundre russ samla seg i Sandviken, spente på livets russenamn. 

– No skal vi feire at vi straks er ferdig med 13 års skulegang. Det trur eg mange ser fram til, seier russepresident Vilde Lillefosse. 

Ho meiner all kritikken russen får – kvart einaste år – er litt ufortent. 

 Karoline Sundfør / TV 2
GLER SEG: Vilde Lillefosse er russepresident i Vestland og seier dei har hatt eit stort fokus på å lage inkluderande russefestar. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

– Russen klarer seg stort sett veldig fint. Det vil skje ulukker og uhell, som sjølvsagt er dumt, men eg syns vi er flinke og oppfører oss, seier Lillefosse.

Når det kjem til rusbruk blant russen, meiner ho både russen sjølv og skulane har gjort det dei kan for å førebyggje. 

– Bruk av narkotika er eit problem, og at det ofte er lett tilgjengeleg gjer nok at det kan opplevast lett å takke ja. Samtidig veit dei fleste kva konsekvensar bruk kan få, og at det skal vere greitt å seie nei, seier ho. 

Førebudd

No skal russen ut å feire i heile landet. Først ut er Landstreffet på Fredriksten, som fredag ventar storinnrykk av russ i bilar, bussar og som kjem til fots.

Sjefen for Landstreffet, Lasse Kjønigsen, seier dei pleier ha lite problem med narkotikabruk, men at dei følgjer med.  

– Sjølv om inntrykket våra er at bruken er meir ubredt for kvart år som går, så gjer vi ikkje noko meir tiltak utover det vi har hatt tidlegare, seier Kjønigsen.

 Gorm Røseth / TV 2
KLAR FOR FEST: Lasse Kjønigsen er klar for storinnrykk i Halden når tusenvis av russ skal feire. Foto: Gorm Røseth / TV 2

– Vi er godt førebudd, med helsepersonell, politi og vektarar på staden. Vi har kameraovervaking og følgjer med på innsjekk.

Blei betring 

Bareigaren på Os lét seg likevel ikkje skremme etter russefesten. Etter ein prat med russen, og litt strengare tiltak på plass, blei neste russefest halde utan problem. 

 Karoline Sundfør / TV 2
FLINKISRUSS: – Når det kjem til narkotika, er det nokon få som øydelegg for alle. Vi ser ned på bruk, seier kompisane frå Amalie Skram vgs. F.v. Johannes Ågotnes, Marius Teig Hermanrud og Jonas Indrebø. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

– Det var mykje betre andre gongen. Då fann vi ingenting. 

Han håpar det hjelper å sette fokus på narkotikabruk, og at det kan bidra til at bruken går ned. 

– Vi i bransjen har og eit samfunnsansvar. Det er viktig å sette fokus på dette, og gjere det vi kan for ungdommane våre. 

 Karoline Sundfør / TV 2
TRYGGE RAMMER: Eck ønskjer legge til rette for at russen kan feire i trygge rammer. Foto: Karoline Sundfør / TV 2

Han er likevel uroa for kva som skjer når russen no skal ut å feire i bussar, parkar og andre stadar med mindre tilsyn.

– Eg er uroa over utviklinga. Det er unge folk og mykje stoff. Det er berre trist, gjentek han. 

Read Entire Article