Blir hengt ut som forrædar i heimlandet etter Trump-møte

7 hours ago 2



– Det er ein reell trussel mot han, seier Sharam Alghasi til NRK.

Han er norsk-iransk sosiolog og doktorgradsstipendiat, og han kjenner godt til overskriftene som nå levnar kampdommaren svært lite ære.

– Det har blitt skrive mykje i Iran, fortel Alghasi.

Og det er ikkje Chelseas maktdemonstrasjon mot Paris Saint-Germain, skandalescenene og basketaket det har blitt skrive om.

Det er handtrykket mellom kampdommaren og Donald Trump.

en skjermdump av artikkel i iransk avis
skjermdump av iransk avis

Iranske medier er nådeløse med dommerprofilen.

Skjermdump

Potet rundt halsen

«Eit forræderi mot heimlandet», lyder den eine beskrivinga.

«Ein dommar utan ære», skriv andre.

I byen Qom har det til og med dukka opp eit stort banner som hetsar fotballdommaren.

Der er Alireza Faghanis medalje bytt ut med ei potet, og teksten seier: «Eit døme på landsforræderi og svik».

banner der dommer Alireza Faghani har en medalje laget av potet

BANNER: Dette banneret har dukka opp i millionbyen Qom.

Foto: Skjermdump

Fotojournalist Abolfazl Amanollah har tatt ein selfie med banneret på Instagram, for å verifisere at det faktisk eksisterer:

– Eg drog til Qom, for eg liker å sjå ting med mine eigne auge, skriv han på selfien.

Bilete av banneret blir spreidde som eld i tørt gras på store kontoar på sosiale medium.

– Han hadde risikert litt av kvart

Dei norske ekspertane er ikkje overraska over dei sterke reaksjonane. USA bomba Iran 22. juni i år, noko Trump har teke både ansvar og ære for.

All vennlegheit overfor Trump vil derfor sjåast på som eit enormt svik.

– I Iran er det regimestyrte medium, og dei er veldig opptatte av å få fram at han på ein måte snur ryggen til eigen nasjon, forklarer sosiolog Alghasi.

Sharam Alghasi

IRAN-EKSPERT: Sharam Alghasi.

Foto: Cappelen Damm

– Det er mykje nasjonalistiske kjensler i Iran, og dei kan misbrukast av regimet, utdjupar han.

Alireza Faghani er busett i Australia, og får mange høgthengande dommaroppdrag.

– Dersom denne dommaren hadde reist til Iran, kva hadde han risikert da?

– Eg trur han hadde risikert litt av kvart, svarer Alghasi bastant.

Sosiologen understrekar at trusselen ikkje kjem direkte frå regimet, men indirekte, ved at nasjonalistisk propaganda blir spreidd på denne måten.

Han får støtte av Marianne Hafnor Bøe, professor i religionsvitskap.

– Det å bryte med offisielle føringar møtest med sterke reaksjonar, seier ho.

Bøe forklarer at idrettsprofilar som bryt med etablerte iranske verdiar offentleg, stadig hamnar i hardt vêr.

– Det er fleire idrettsutøvarar som har blitt kritiserte på denne bakgrunnen også tidlegare. Særleg utsett har kvinnelege idrettsutøvarar som ikkje har overhalde krav om bruk av hijab vore, men også mannlege utøvarar har søkt asyl som følge av ueinigheit med offisielle forbund og føringane deira, seier ho.

Marianne H Bøe

IRAN-EKSPERT: Marianne Hafnor Bøe.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Ueinige om «vanlege folk»

Begge ekspertane trekker fram at fotball er ekstremt stort og populært i Iran, og at idrett og politikk er kopla saman.

– Frå statleg hald har det å ha gode idrettsutøvarar som representerer Iran internasjonalt også vore eit satsingsområde dei siste tiåra, fortel Bøe, som trur at også vanlege folk stussar på poseringa og handhelsinga til dommaren med USAs omdiskuterte president:

– Etter dei nylege angrepa frå USA og Israel på Iran er det nok også fleire i den generelle befolkninga som reagerer på at Faghani lèt seg avbilde med, og ikkje tar avstand frå og kritiserer Trump.

Sosiolog Alghasi er ueinig:

– Han har veldig høg status, nettopp fordi han er ein utruleg god dommar. Så han er veldig anerkjent frå tidlegare, og eg trur dette berre vil auke populariteten hans blant dei fleste iranarar, seier han.

Fikk marerittbeskjed av NRK 00:55

Publisert 18.07.2025, kl. 22.00

Read Entire Article