Blir rysta av bilda: – Dei kan ta juleferie allereie

12 hours ago 2



– Det er sjokkerande. Det er jo ingenting som høyrer heime på ein fotballbane.

Det seier NRKs fotballekspert, Kristoffer Løkberg, om masseslagsmålet som gjekk føre seg mellom det spanske laget Real Betis og det italienske laget Como onsdag.

Kampen var ein treningskamp, eller ein såkalla «vennskapskamp», men det var lite som tydde på vennskap ute på banen.

– Minner om eit barslagsmål

Flygespark og slag i ansiktet med knyttneven, i tillegg til knuffing og dytting. Løkberg stiller seg uforståande til korleis slike scener oppstår ute på grasmatta.

– Sjølv om eg kjenner til kampens hete og at det kan gå ei kule varmt, så skjønner eg ikkje korleis dei endar opp der. Litt knuffing og krangling toler vi på ein fotballbane, men det der minner meir om eit barslagsmål, seier den tidlegare fotballspelaren.

– Det er positivt at spelarane klarer å gire om og bruke ein treningskamp mest mogleg likt som ein teljande kamp, men det er jo ikkje dette ein trenar håpar på.

Kristoffer Lie Løkberg

VELDIG: Kristoffer Løkberg seier han ikkje har vore med på liknande i fotballkarrieren sin.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Det var rett før pausen at Betis’ Pablo Fornals og Comos Máximo Perrone gjekk i tottane på kvarandre. Like etter strøymde den eine og andre lagkameraten til.

Nokon for å vere med i slåstkampen, og andre for å dra dei frå kvarandre.

Da var stillinga 2–0 til Como.

– Det er jo ikkje bilde som ein har så veldig lyst til å sjå, seier La Liga-ekspert og Viaplay-kommentator, Petter Veland, til NRK.

Han er like overraska som Løkberg over at det her skjer i ein treningskamp.

– I ein treningskamp er det uskrivne reglar om at ein ikkje gidd å gjere sånt, fordi det ikkje er noko som står på spel, seier Veland.

Han meiner det hadde vore meir forståeleg om det skjedde i ein cupfinale eller ein meisterskap.

– Da hadde ein liksom: Ok, greitt, det er så mykje som står på spel. Rullegardina gjekk ned. Det var dumt. Det burde ikkje ha skjedd, men ein kan forstå at det kan skje frå tid til anna. Men ikkje i ein treningskamp, seier Veland.

Skjønnar ikkje årsak

Petter Veland

OVERRASKA: Veland forstår at ein kan få overtenning på banen, men ikkje i ein treningskamp.

Foto: Privat

Det er ingen av fotballekspertane som forstår kvifor treningskampen enda i eit basketak.

– Eg veit ikkje om det er nokre individ der som hatar kvarandre frå før, eller om dei har ei forhistorie. Det er i alle fall nokon som har provosert kvarandre kraftig gjennom kampen, og så har det eskalert, seier Løkberg.

Heller ikkje Veland skjønner kva for nokre underliggande årsaker som gjorde at det smalt i oppgjeret mellom dei latinske laga.

– Como har henta ein spelar frå Betis både i januar tidlegare i år og no i sommar. Men at det skulle vere ein grunn til at spelarar skal begynne å slåst, klarer eg ikkje heilt å forstå.

Både Fornals og Perrone fekk raudt kort etter hendinga. Ingen av klubbane har skrive noko om dette på dei respektive nettsidene sine eller i sosiale medium.

En person i argentinsk uniform som sparker fotball

MÁXIMO PERRONE: Argentinaren spelar både for den italienske Serie A-klubben og det argentinske landslaget.

Foto: Nicolas Aguilera / AP / NTB

– Eg tippar ein ikkje har lyst til at det skal få meir merksemd enn den merksemda det har fått foreløpig, seier Veland og fortset:

– Det er absolutt ingen som kjem godt ut av den situasjonen der, med unntak av dei få noble spelarane som prøvde å roe det ned.

Ueinige om konsekvensar

– Eg trur dei raude korta er den minste bekymringa laga har nå, seier Løkberg.

Han fortset:

– Å dele ut slag som ville ha gitt melding på gata – det kjem til å få konsekvensar, spørsmåla er kva for nokre.

Veland er ueinig med Løkberg. Han trur ikkje slåstkampen kjem til å føre til karantene eller suspensjonar.

– Dette var jo ein treningskamp. Den var verken i regi av La Liga, Serie A eller Uefa. Med mindre Uefa eller Fifa ser på hendinga som såpass grov at ho set sporten i vanry, trur eg ikkje han får store konsekvensar, seier Veland.

I tillegg til Fornals og Perrone var Betis’ Cucho Hernández aktiv i slagsmålet. Det var 26-åringen som flygesparka ein på motstandarlaget, i tillegg til å slå sin eigen lagkamerat.

En mannlig fotballspiller i grønn og hvit fotballtrøye

PABLO FORNALS: Spanjolen på Real Betis fekk raudt kort etter slagsmålet.

Foto: Dylan Martinez / Reuters / NTB

– Kanskje er det eit par-tre stykke som blir bede om å forklare seg, men eg blir overraska dersom dette gjer at ein for eksempel må sone karantene i offisielle turneringar, seier Veland.

Da Eric Cantona gjorde eit liknande kung-fu-spark i 1995, fekk han åtte månader karantene frå klubben Manchester United. Dette sparket var rett nok mot ein tilskodar. Løkberg trur ikkje Fornals og Perrone kan vente seg like streng straff.

– Men det bør få store konsekvensar. Du skal ikkje sjå bort frå at det er eit par av spelarane som omtrent kan ta juleferie allereie, seier Løberg.

Kampen enda 3–2 til Como.

Er det greit å jogge i baris? 01:18

Publisert 07.08.2025, kl. 16.52 Oppdatert 07.08.2025, kl. 16.58

Read Entire Article