Blod, sveitte og lange vakter: Difor elskar vi sjukehus­drama igjen

2 hours ago 2



Vi er i ein travel sjukehusgang. Det er natt, lyset er blåleg og sterilt, og Petra (26) har akkurat starta i si første stilling som lege i spesialisering (LIS).

Ho har ikkje sove på 18 timar, og dei etiske dilemmaa står i kø.

Dette er ikkje ein scene frå ein amerikansk såpeopera, men frå NRK si nye storsatsing «LIS».

Serien markerer ein tydeleg trend i 2026:

Vi har bevega oss bort frå dei romantiske intrigane i vaktrommet og over til ein kvardag prega av ressursmangel, utbrentheit og knallharde prioriteringar.

Sepideh Moafi og Noah Wyle

Sepideh Moafi og Noah Wyle spelar to av dei sentrale rollene i «The Pitt».

Foto: Warrick Page / HBO Max

– Realistisk

Jakob Strand Godhavn, som sjølv jobbar som LIS ved Diakonhjemmet sjukehus i Oslo, meiner serien treffer ei nerve hjå dei som faktisk står i yrket.

– Serien er realistisk. Om du har hatt ein heftig dag sjølv og ser dette på skjermen, kan det nesten følast som om du framleis er på jobb, seier han.

Trenden er global. Der tidlegare seriar ofte fokuserte på «uløyselege medisinske mysterium», handlar dei nye suksessane om sjølve systemet.

– Sjukehusseriar har alltid vore ein av dei mest populære TV-sjangrane.

Det seier seriemeldar i NRK, Ingvill Dypfest Dahl.

Ho peikar på at sjølv «Grey’s Anatomy» har gått 22 sesongar - og «Scrubs» kjem tilbake i år. Den amerikanske såpeserien «General Hospital» har gått sidan 1963.

– Som alt anna, går sjangrane i bølgjer. Pandemien gav ei fornya interesse for frontlinja i helsevesenet, som no gjev utslag i ein ny topp, seier Dahl

Jakob Strand Godhavn

Jakob Strand Godhavn er LIS-lege i Oslo.

Foto: William Jobling / NRK

Hyperrealistiske bølge

Eit av dei mest omtalte døma på denne trenden er den amerikanske serien «The Pitt».

Bak serien står folka som i si tid skapte klassikaren «Akutten» (ER), men tonen er ein heilt annan.

Kvar sesong av «The Pitt» følgjer dei tilsette gjennom éi einaste 15-timarsvakt, der kvar episode utspelar seg i sanntid.

Her er det ingen filter; sjåarane får kjenne på det same stresset og det same kaoset som legane i Pittsburgh føler når ressursane ikkje strekkjer til.

– Sjukehusseriar er eit Kinderegg for voyeurisme, helseangst og systemkritikk. Det er òg ein sjanger der mykje står på spel: Avgjersler i sekunddelar avgjer liv og død, meiner serieanmeldaren.

Frå såpe til sanning

Sjukehusdramaet er ein av dei mest seigliva sjangrane i TV-historia, men han har gått gjennom enorme endringar:

George Clooney, Anthony Edwards og Noah Wyle spilte sammen i Akutten

George Clooney, Anthony Edwards og Noah Wyle blei store stjerner gjennom serien «Akutten».

Foto: AP
  • 90-talet: Gullalderen. Med «Akutten» (ER) og «Chicago Hope» vart sjukehuset ein arena for høgt tempo og banebrytande produksjon. George Clooney vart stjerne, og vi lærte oss uttrykk som «stat!» og «defibrillator».

Skuespiller Eric Dane på rød løper

Eric Dane hadde ei stor rolle Mark Sloan i «Grey’s Anatomy». Han døydde tidlegare i år etter å ha blitt råka av ALS.

Foto: Chris Pizzello / A-Pizzello,NTB
  • 2000-talet: Karakterfokus. «Grey’s Anatomy» flytta fokuset over på det medmenneskelege (og ofte romantiske), medan «House» gav oss det medisinske geniet med den mørke personlegdomen.

Hugh Laurie

Den britiske komikaren Hugh Laurie fekk enorm suksess som den gretne Dr. Gregory House i TV-serien «House».

Foto: MARIO ANZUONI / X90045,NTB
  • 2020-talet: Realismen. Med seriar som «Sykepleieren» (Danmark) og no NRK-serien «LIS», er det dei faktiske arbeidsforholda og dei moralske gråsonene som står i sentrum.

Kvifor ser vi på det?

Det kan verke paradoksalt at vi vil slappe av med seriar som viser folk som er døden nær eller legar som bryt saman av stress.

Men kanskje er det nettopp i dette mørket vi finn den største menneskelegheita.

– Eit sjukehus blir som ein trykkokar for alle menneskelege følelsar. Det blir ofte god TV, seier Ingvill Dypfest Dahl.

I «LIS» er det ikkje berre snakk om å redde liv, men om å overleve det første året i ein jobb der éin av fire endar opp med å slutte.

Det er kanskje ikkje alltid «underhaldande» i tradisjonell forstand, men som LIS-lege Jakob Strand Godhavn seier:

– Det fangar verkelegheita.

Sjå NRK-serien «LIS» i NRK TV.

Publisert 16.04.2026, kl. 16.27

Read Entire Article