Onsdag kom meldinga om at USAs bruttonasjonalprodukt (BNP) gjekk ned med 0,3 prosent i første kvartal.
Den amerikanske økonomien har ikkje hatt ei svakare utvikling sidan første kvartal i 2022.
Opplysningane førte til at Wall Street fall kort tid etter at handelen starta 15.30 norsk tid.
Ber om tolmod
Tysdag hadde president Donald Trump styrt USA i 100 dagar. Han har ført ein aggressiv handelspolitikk med omfattande tollsatsar.
Mange økonomar har sagt at dette vil kunne svekke den amerikanske økonomien.
Men Trump nektar for at politikken hans har noko med nedgangen å gjere. Han legg skulda på forgjengaren Joe Biden.
Onsdag ber han om at folk er tolmodige, og seier at han trur det snart vil kome ein kraftig oppgang i økonomien.
– Dette vil ta tid. Ver tolmodige, skriv han på Truth Social.
Spent på hausten
Karine Alsvik Nelson i Handelsbanken seier til Dagens Næringsliv at fallet i BNP er om lag som venta i USA.
Ho peikar på ein sterk importauke som følgje av blant anna auka varelager, private investeringar og konsum.
– Til hausten, når tollsatsane faktisk er sett opp får vi sjå korleis det eigentleg ser ut, seier Nelson til avisa.
Publisert 30.04.2025, kl. 16.26