Brannvesenet melder klokka 00.16 at det skal vere kontroll på staden etter at det begynte å brenne i ein firemannsbustad i Vestnes i Møre og Romsdal.
– Dei har akkurat meldt at dei har kontroll og driv med etterslokking. Dette var svært krevande, det var fullt overtent, opplyser Rian Morrison ved 110-sentralen til NRK klokka 00.17.
Han opplyser at brannvesenet no skal ta seg inn i leiligheitene og sjå til at varmen og flammane ikkje har spreidd seg vidare.
Brannvesenet har kjempa mot opne flammar, men skal no ha kontroll på staden.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKKlokka 23.12 blei det meldt om brann. Store styrkar rykte ut etter melding om opne flammar og brann som hadde spreidd seg til ytterkledninga.
Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg vidare til dei andre leiligheitene i firemannsbustaden, via eit loft.
Bebuarar blir evakuerte
Ein person bur i leiligheita der brannen starta, medan det totalt bur tre i heile firemannsbustaden.
Alle skal vere ute og utan skade.
Det stadfesta politiet like før midnatt.
Politiet opplyser at dei tre som bur i bygningen blir evakuert og får tilbod om å bu ein annan stad inntil vidare.
Skal ha slått ned dei verste flammane
Ifølgje politiet klokka 23.34 var dei verste flammane då slått ned og brannvesenet jobba med å hindre spreiing til nabobustadene.
Politi, helse, restverdiredning fra Ålesund og e-verk også rykte også ut.
Det er svært tørt mange stader i landet. Laurdag har det vore fleire brannar i terrenget i Noreg.
Publisert 07.02.2026, kl. 23.29 Oppdatert 08.02.2026, kl. 00.39









English (US)