Brann-back Martin Hellan (21) blir etter halvanna år i Bergen lånt ut til Stabæk i 1. divisjon ut sesongen. Der håpar han å få meir speletid.
– Eg håpar å få spele masse kampar og kome meg i ordentleg i kampform att, seier Hellan i eit utsegn frå Brann.
Hellan har tidlegare vore i Stabæk-akademiet, og blei kjøpt av Brann 2023 etter ein sesong i Kongsvinger. Tida i Brann har vore prega av skader, og han har vore mykje på sidelinja.
Stabæk ligg på ein 14. plass i 1. divisjon etter 13 kampar spelt denne sesongen.
(NTB)