– Det handlar eigentleg berre om å halde ut.
Ei gråtkvelt Runa Lillegård tek gode pausar når ho forklarer korleis ho har hatt det etter at ho fekk ein hovudskade i ein toppseriekamp i 2022.
Lillegård møter Nav i lagmannsretten etter å ha fått avslag på det ho meiner er ein yrkesskade.
Med brast i stemma, skildrar ho ein kvardag med store smerter.
– Det er viktig å huske på at det er høg, høg smerte. Det er ikkje ein lett situasjon å stå i.
AVSLAG: Runa Lillegård har fleire gonger fått avslag frå Nav, inkludert i Trygderetten.
Inger Kristine LeeDen tidlegare Vålerenga-spelaren fortel at det skal lite til for at ho får hovudverk. Ho kan verken jobbe eller studere på grunn av det.
– Det er ikkje berre ein kneskade. Dette går utover heile livet mitt. Eg må gå på mange medikament for å halde ting i sjakk. Det er snakk om å ta dag for dag.
Bakgrunn:
– Kom som eit sjokk
Lillegård er tydeleg prega når ho pratar om korleis ho har det, også etter at ho er ferdig å vitne:
– Kvifor blir du så prega når dei spør korleis du har det?
– Det er tøft å snakke om. Det er ikkje lett, fordi ein har det jo ikkje bra. Det er ikkje noko positivt, det er mykje negativt som er knytt til det spørsmålet, svarar Lillegård til NRK.
– Eg kjente at det blei ekstra emosjonelt når me skulle starte, eg tenkte korleis skal dette gå, viss eg startar å grine på fyrste innleiing liksom.
Då advokaten hennar, Trine Skjelstad Jensen, byrja å snakke om kvifor dei meiner at ho har fått ein yrkesskade, klarte ikkje Lillegård å halde inne tårene.
– Det blei ekstremt tøft, meir emosjonelt enn det eg hadde trudd. Så det kom som eit sjokk at eg skulle bli så emosjonell så tidleg i rettssaka. Etter berre 15 minuttar byrja tårene å trille, seier ho.
UVENTA: Runa Lillegård (til venstre) i lag med advokaten Trine Skjelstad Jensen. Lillegård byrja å grine då advokaten hennar byrja å snakke.
Foto: Andreas Hagen / NRKFøler seg «tråkka på»
– Eg føler meg litt tråkka på når de seier at dette er ein lett hovudskade, seier ein opprørt Lillegård.
Ho refererer til innleiinga statsadvokaten kom med i starten av rettssaka.
– Den beskrivinga var gitt ut ifrå dei akutte symptoma der og då. Det refererer til det ein omtalar når ein ikkje har mista bevisstheita. Slik at det å miste bevisstheita er ein føresetnad for at det skal kjenneteikne som noko meir alvorleg, svarar statsadvokat Kristoffer Nerland.
Han legg til:
– Det var på ingen måte meininga å tråkke på noko som helst og me har forståing for den veldig fortvilande situasjonen ho er i, men me har ikkje greia ut kor alvorleg skaden var då det skjedde, seier Nerland og held fram:
– Me har ikkje medisinsk sakkunnige som har vurdert i kva grad det er årsakssamanheng mellom hennar situasjon i dag og hendinga då.
STATSADVOKAT: Kristoffer Nerland er statsadvokat.
Foto: Jane Rasmussen / NRKMeiner ho ikkje var førebudd
Hendinga skjedde hausten 2022. Den tidlegare Vålerenga-spelaren fekk ein ball i hovudet under ein kamp mot Stabæk.
I retten skal det mellom anna bli diskutert i kva grad Lillegård var førebudd på at ballen kunne hamne i fjeset.
Under vitneforklaringa, fortel Lillegård korleis ho opplevde hendinga for tre år sidan.
Ho fortel at ho skal presse mot motspelaren, som ho trur skal klarere til innkast. I staden får ho eit sleivspark på ballen og han hamnar uventa i fjeset til Lillegård.
– Lagmannsretten skal vurdere om Lillegård i sekunda i førevegen kunne føresjå eller forvente at det skulle komme ei klarering i hennar retning om det så trefte hennar i mage, lår eller hovud er litt underordna, men det er på ein måte den situasjonen som er det sentrale og ikkje etterfølgande av hendinga, seier Nerland.
Det er sette av halvanna dag til rettssaka. Den held fram fredag.
Publisert 21.08.2025, kl. 17.31 Oppdatert 21.08.2025, kl. 17.35