Brødrene Aa er konkurs

3 weeks ago 24



Trass i omfattande dialog mellom partane har det ikkje lukkast å kome fram til ei berekraftig løysing, og selskapet står no utan evne til å handtere situasjonen vidare, seier styreleiar i Brødrene Aa, Gustav Johan Nydal.

Han legg til:

Styret beklagar dette djupt overfor dei tilsette, kundane og leverandørane våre.

Brødrene Aa

Bakom kanselleringane ligg problem med batterisystem, automasjonskomponentar og propellanlegg, som i praksis gjorde at den fyrste båten (MS «Tyra») ikkje heldt den farten som ferjereiaren forventa.

Foto: Brødrene Aa

Permisjonsspøkelset har kvilt over Hyen i Nordfjord heilt sidan begynninga av april da ferjeselskapet Norled kansellerte den første av tre kontraktar med båtbyggaren.

6. mai kom nyheita om at Norled kansellerer alle kontraktane på tre nye hybrid-elektriske passasjerbåtar.

Totalt hadde kontraktane ein verdi på nærare ein halv milliard kroner.

Gustav Johan Nydal

– Vi gjekk tomme for pengar. Det er sterkt beklageleg. Vi trudde vi skulle kome fram til ei løysing og har vore optimistar heile vegen. Men det blei til slutt for mange lause trådar, seier styreleiar Gustav Johan Nydal til Firdaposten.

Foto: Westcon Yards Florø

Skaper bølger i lokalsamfunnet

Etter tre veker med intensive forhandlingar fekk 170 tilsette i Hyen og Eikefjord beskjed om at dei ikkje lenger har ein jobb å gå til.

Verftet er blant hjørnesteinsbedriftene i Gloppen kommune, og oppseiingane skaper bølger langt inn i lokalsamfunnet.

Vi går inn i ei sårbar og utrygg tid, seier Eldar Rønnekleiv, som driv Joker-butikken bygda.

Melding om oppbod vert send til Fjordane tingrett. Retten vil no behandle saka og utnemne bustyrar som tek over forvaltninga av selskapet.

en mann som står i et rom

– Vi går inn i ei sårbar og utrygg tid, seier Eldar Rønnekleiv, som driv Joker-butikken bygda.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Publisert 30.05.2025, kl. 13.34

Read Entire Article