Buss fekk bruksforbod – så fekk to reservebussar det same

5 days ago 4



– Dette er alvorleg, seier Anders Øfstås.

Han er køyretøykontrollør for Statens vegvesen på Gjøvik trafikkstasjon.

Onsdag ettermiddag vinka dei inn ein buss på Kopperud på Gjøvik for kontroll på manglande beltebruk.

– Ved ein nærare titt på bussen, viste det seg at han hadde tre utslitne bakdekk, seier kontrolløren.

Dermed blei det bruksforbod på bussen, og ei bot på 2000 kroner per utslitne dekk til sjåføren.

en buss parkert i veikanten

Å køyre med slitne dekk kan vere farleg, forklarer køyretøykontrollør Anders Øfstås. Onsdag blei tre bussar tilfeldigvis kontrollerte, og alle tre køyrde med utslitne dekk.

Foto: Statens vegvesen

– Vi ser alvorleg på dette. Utslitne, heilt blanke dekk, på ein stor buss på sporete, glatt, norsk veg. Det kan ende veldig dårleg, seier Øfstås.

Men så skulle saka vise seg å bli langt meir alvorleg.

Tre på rad

For sjåføren på bussen ringde etter ein kollega i same busselskap for å bli henta, etter at bussen han køyrde fekk bruksforbod, ifølgje Øfstås.

– Då den bussen kom, følte vi for å ta ein sjekk av den òg. Då såg vi at den bussen hadde to utslitne bakdekk.

Historia fortset på same måte.

Då den tredje bussen kom til staden, tok kontrollørane ein titt på den også.

– Det enda opp med bruksforbod på den også på grunn av to utslitne bakdekk, seier Øfstås.

Å køyre buss med utslitne dekk kan vere livsfarleg.

en buss parkert i veikanten

Køyretøykontrollør Anders Øfstås i Statens vegvesen, seier det er farleg å køyre med slitne dekk. Han ser alvorleg på at dei stoppa tre bussar med dette på kort tid.

Foto: Statens vegvesen

Veggrepet blir dårlegare, bremselengda lengre og risikoen for mellom anna vassplaning aukar, forklarer køyretøykontrolløren.

– Det går på tryggleiken til alle som ferdast etter vegen. Det er ingen som vil møte ein buss som har mista veggrepet.

Vy: – Rutinesvikt

Bussane som blei kontrollert er bybussar som går i Gjøvik. Det er Vy Buss som køyrer på oppdrag frå Innlandstrafikk.

Siv Egger Westin, kommunikasjonssjef i Vy, seier det var ein rutinesvikt som førte til at bussane køyrde med slitne dekk.

– Det skal ikkje skje, og det har rett og slett vore ein glipp i rutinane våre, seier ho.

– Men éin rutinesvikt tre gonger?

– Vi må avdekke kva som har skjedd for å sjå kor denne feilen ligg og kvifor det var tre bussar med for dårlege dekk på vegen, seier Westin.

Siv Egger Westin

Siv Egger Westin, kommunikasjonssjef i Vy, seier det var ein rutinesvikt, som skjedde tre gonger, som førte til at bussane køyrde på vegen, trass utslitne dekk.

Foto: Mads Kristiansen / Vy

Ho fortel vidare at alle bussane har fått nye dekk no. Vy kjem til å følgje opp saka, ifølge kommunikasjonssjefen.

– Bussar som ikkje er i god nok stand, skal ikkje køyre på vegen, seier Westin.

– Vi har eit stort ansvar. Vi fraktar mange menneske og er ansvarlege for tryggleiken deira. Vi tek dette på største alvor, og beklagar på det sterkaste at dei var ute på vegane.

Innlandstrafikk: – Svært alvorleg

Tommy Forseth, einingsleiar for rutetilbodet i Innlandstrafikk, seier dei ser alvorleg på saka.

Dei har bede Vy om å ha ein gjennomgang på alle bussane sine.

– Vi ser svært alvorleg på dette.

– I utgangspunktet trur vi at bussane som rullar rundt i Gjøvik-regionen og elles i Innlandet er av god standard og god kvalitet, seier Forseth.

en buss parkert i veikanten

1,6 millimeter mønsterdjupn er minimumskravet på bussdekk om sommaren. Dette var ikkje innanfor kravet.

Foto: Statens vegvesen

Han opplyser om at Innlandstrafikk krev at bussane er godkjente, med godkjent dekkutrusting.

– Transportøren skal ha uttakskontroll på bussane sine. Bussane skal sjekkast før dei køyrer ut og startar ruta for oss.

– No har vi bede Vy om å ha ein gjennomgang for å sjekke dekkutrustinga på alle bussane i bussparken for å sjekke at dei har lovleg dekkutrusting, slik at dette ikkje skjer igjen, seier Forseth.

Publisert 20.08.2025, kl. 20.46

Read Entire Article