I midten av april kom nyheita om at Noreg skal ruste seg til å ta imot 3600 asylsøkarar i første halvdel av 2026.
To asylmottak med kapasitet på 150 personar kvar skal i drift i bygda Håkvik, i Narvik kommune.
Tettstaden med 700 innbyggarar har ikkje butikk, og folk må køyre inn til Narvik sentrum for å nytte kommunale tilbod.
No aukar innbyggartalet i bygda betrakteleg – med 300 asylsøkarar.
Det fell heller ikkje i god jord hos Bjørn-Terje Tennås, som bur i bygda.
MARKANT AUKE: Håkvik ligg rundt 15 minutt unna Narvik sentrum med bil. No kan innbyggartalet gå frå 700 til 1000.
Foto: Frida Brembo / NRK– Det blir ikkje tatt spesielt godt imot. Det er snakk om mange folk som skal inn i ei lita bygd som ligg usentralt til, med lang veg til både butikk og alt som måtte vere, seier han og held fram:
– Kommunen har kutta i skule, eldreomsorg, og barnehagar. Vi har ikkje råd til å ta vare på dei som allereie bur her og betalar skatt, så det blir feil å ta imot så mange asylsøkarar.
22 andre mottak er også planlagde i kommunar over heile landet, mange av dei i små kommunar som slit økonomisk.
NRK har tidlegare fortalt at avgjerda møter kritikk fleire stader i Nord-Noreg, og fleire kommunar seier at dei ikkje har kapasitet til å ta imot asylsøkarane.
Skulda for rasisme
Ifølge Tennås har kommentarfelta i sosiale medium gått varme den siste tida. Men han avviser at motstanden mot asylsøkarar handlar om rasisme.
– Det er dei som påstår at dersom ein snakkar negativt om dette, så er ein rasist. Men det stemmer ikkje.
– Dette er ei bygd som har dører på vidt gap og ungar spring frå hus til hus. Det er eit veldig godt samhald, og det blir ein kulturkrasj, same kva slags nasjonalitet dei som kjem hit måtte ha.
No skal skulen i bygda som allereie er trua med nedlegging, og som har tatt imot elevar frå ein annan nedlagd skule i Skjomen, ta imot endå fleire.
– Når du er ute og flyg seier dei at du skal sette på di eiga maske før du hjelper andre, og eg trur vi kan seie det same om denne situasjonen òg.
Sambygdingen Marthe Karlsen Bolle seier seg samd med Tennås om at det no er mykje uro og misnøye i bygda.
– Håkvik er ei trygg og velfungerande bygd. Folk har vagt å bu her nettopp fordi det er roleg, oversiktleg og godt å veksa opp her. Den tryggleiken skal ikkje setjast på spel av dårleg planlagde vedtak, seier ho og legg til:
Marthe Karlsen Bolle
Foto: privat / privat– Det er mogleg å vera solidarisk og kritisk. Å seia nei til asylmottak i Håkvik er ikkje å seia nei til menneske i nød. Det er å seia ja til ansvarskjensle, realistisk planlegging og ta vare på lokalsamfunnet vårt.
Meiner UDI køyrer over kommunen
Ordføraren i Narvik er heller ikkje fornøgd.
– Å tre sånne avgjerder over hovudet på kommunane, er ikkje bra, seier Narvik-ordførar Rune Edvardsen (Ap).
Ordføraren seier at dei gjerne hjelper til med å huse asylsøkarar, men at berekningane til kommunen viser at kommunen kan ta imot inntil 150 asylsøkarar i år.
Rune Edvardsen
– UDI var med på møtet der vi vedtok dette, men likevel pålegg dei oss å ta imot 300. Eg synest det er rart at dei køyrer over oss på denne måten, seier Edvardsen.
Sjølv om private selskap driftar asylmottaka og staten gir vertskommunetilskot, er det kommunane som har ansvaret for lovpålagde tenester som skule og helsehjelp.
Vil bli best i landet på asyl
SV har eit anna syn på saka. Dei håpar kommunen kan bli best i landet på asylmottak og lanserer «Håkvik-modellen».
Håkvik-modellen skal vera ein modell der kommunen tek eit større leiaransvar med ein koordinator, som skal vera mellomledd mellom kommune, mottak, innbyggjarar og det frivillige.
– Det er vårt initiativ for å få Narvik kommune til å ta ei viktig leiarrolle når vi no skal vere vertskap for to asylmottak, seier gruppeleiar i Narvik SV, Ragne Johnsen Megård.
Ragne Johnsen Megård
Ho er klar over at ikkje alle i Håkvik er like optimistiske.
– Akkurat no rår det mykje frykt og kaos i debattinnlegg og kommentarfelt. Det er UDI som vedtar kvar vi skal ha asylmottak i Noreg, ikkje lokalpolitikarar.
– Vi må heller ikkje blanda økonomien i UDI med ein katastrofal kommuneøkonomi. Vi skal sørgja for at pengane vi får blir brukte på ein klok og rett måte, og kommuneøkonomien forresten kjempar me på kvar dag for å styrkja og forbetra, påpeikar Johnsen Megård.
Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør for mottak og retur i UDI, fortel at dei gjer så godt dei kan for å sikre både asylsøkarane og kommunane som tar dei imot på best mogleg måte.
Etableringen av asylmottak i Lødingen og i Narvik ble tema under Stortingets spørretime 29.april.
Stortingspolitikar: – Må ta kommunane på alvor
Stortingspolitikar Bent-Joacim Bentzen (Sp) forstår frustrasjonen blant politikarane og meiner UDI er nøydde til å ta kommunane på alvor.
– Når dette overformynderiet skjer, så må me sjå på kva fullmakter UDI har. For det kan ikkje vera sånn at staten skal trø det ned over hovudet på kommunane på denne måten, då må me sjå på kva slags føringar UDI har, seier Bentzen.
I eit svar frå Justis- og beredskapsdepartement skriv rådgivar Raheela Chaudhry at departementet har delegert det operative ansvaret for asylmottak til UDI, som styrer anbodsprosessar og kontraktar med driftsoperatørar.
For å sikra ei balansert fordeling over heile landet, er UDI pålagt å samarbeida tett med kommunane og KS før ei eventuell etablering. Ein sentral del av vurderinga er om vertskommunen har tilstrekkeleg kapasitet i tenestetilboda sine til å handtera belastninga eit mottak medfører.
Du kan lesa svara til departementet her:
Publisert 03.05.2026, kl. 18.12













English (US)