NFF anbefaler framleis kampstopp innandørs etter dopingsaka i Toppserien
Det går framleis føre seg testar, og Noregs Fotballforbund står framleis på sin anbefaling at ein bør trene innandørs og spele kamp utandørs.
Det gjeld hallane som har same eller liknande fyll som førte til positive dopingprøver i LSK-hallen i Toppserien, opplyser NFF.
Bakgrunnen er at ein av prøvene som blei tatt i samanheng med den svært spesielle dopingsaka i Toppserien, frå ein kamp i april, slo ut på det ulovlege stoffet DMBA.
Det viste seg å vere frå gummigranulatet i LSK-hallen.
(NTB)