Danilo meiner Noreg kan vinne fotball-VM: – Vi har trua på det meste

7 hours ago 1



Flamengo-spelaren – tidlegare kjent frå Juventus – er ikkje den einaste som tenker slike tankar etter at Noreg vann 2-1 og er klar for kvartfinalen i VM.

«... nå er det ingen tvil lengre: Noreg kan vinne VM i fotball. Eg gjentar: Nå kan Noreg vinne VM i fotball», skriv VGs vanlegvis så nøkterne landslagskommentator Trond Johannessen.

Erling Braut Haaland i norsk landslagsdrakt gestikulerer foran en brasiliansk fotballspiller. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HISTORISK: Det er 36 år sidan sist Brasil ikkje kom til minst kvartfinalen i VM. Her er Danilo saman med Haaland.

Foto: JUSTIN SETTERFIELD / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Vi visste frå før at det er eit godt lag. Dei har nokre spesielle spelarar, og dette er VM og utslagsrundar, seier Danilo (34) til NRK.

– Kan Noreg vinne VM?

– Ja!

Ståle Solbakken svarer slik da NRK konfronterer han med håpa og statusen til Noreg nå:

– Eg er veldig glad for at det nå er sånne forventningar. Alle har gledd seg til hundreårets fotballkamp, at vi kan leve opp til det, og at alle fekk den kvelden dei hadde drøymt om. Og same korleis det går vidare, så hadde vi denne kvelden.

– Alt er mogleg

Antonio Nusa seier dette om Danilos «ja» til mogleg norsk VM-gull:

– Nå er det jo kvartfinale, så alt er mogleg. Men vi skal ta kamp for kamp, så får vi sjå kven motstandaren blir.

Fotballspillere fra Brasil og Norge i duell om ballen under en kamp på gressbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TØFF START: Danilo måtte tidleg strekke seg da Martin Ødegaard fekk sjansen. Men skotet gjekk rett på målvakt.

Foto: Adam Hunger / FR110666 AP,NTB

– Vi har ein enorm sjølvtillit i laget, og vi har trua på det meste. Vi er sjølvsagt framleis berre vesle Noreg, så vi er framleis audmjuke, seier lagkompis David Møller Wolfe.

– Men på vår dag kan vi skape trøbbel for kven som helst og så hjelper det også å ha Erling og Ørjan, to skikkelege matchvinnarar, seier han om Haaland og Nyland.

– Audmjuke

Når NRK fortel Patrick Berg om Danilos tru på Noreg, svarer han dette:

– Når ein har komme seg til ein kvartfinale, så er ein i diskusjonen i alle fall.

– Så er vi audmjuke nok til å vite at vi må jobbe veldig hardt. Det er ingenting som kjem av seg sjølv, og det sekundet ein begynner å tenke, så blir det farleg.

Norske fotballspillere jubler sammen på banen foran et begeistret publikum. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FEIRAR: Frå v.: Patrick Berg, Erling Braut Haaland og Oscar Bobb jublar etter at kampen er over.

Foto: VINCENT CARCHIETTA / REUTERS,NTB

– Vi veit at vi er gode, vi har mykje sjølvtillit, men vi veit også at vi må jobbe for kvar einaste kamp.

Det er 36 år sidan sist Brasil ikkje kom til kvartfinalen i VM. Noreg sørgde for det. Om moglegheitene vidare seier landslagssjef Solbakken:

– Spelar vi opp mot vårt beste kan vi slå alle, men gjer vi ikkje det, så er vi i trøbbel.

– Noreg er berre tre sigrar unna ein usannsynleg VM-tittel, skriv BBC.

– Haaland har gitt eit heilt land trua på at dei kan gå verkeleg langt i turneringa, seier Wayne Rooney på BBC One.

Nyland

PREKÆRT: Ørjan Håskjold Nyland og Kristoffer Vassbakk Ajer måtte gjere sitt ytste for at Noreg skulle vinne.

Foto: AP

Spelarane sjølv ser i alle fall moglegheita til å gjere enda betre kampar enn henne mot Brasil søndag:

– Vi kan spele på mange måtar, og det vi viste i dag, var heilt fantastisk. Eg trur ikkje at vi har nådd toppen ennå. Vi har framleis ting å gå på, seier målvakthelten Ørjan Håskjold Nyland.

PS: Etter sigeren over Brasil er Noreg for første gong sidan 2011 inne blant dei 20 første på Fifa-rankinga.

Publisert 06.07.2026, kl. 12.58

Read Entire Article