Saka oppsummert
- Terje Havnerås Bergsvåg overlevde ei dramatisk bilulukke i 2015, men er framleis usikker på kva som skjedde.
- Fleire ulukker med moderne bilar har reist spørsmål om tekniske feil kan vere årsaka.
- Naf er bekymra for at bilførarar får skylda for ulukker som kan komme av bilens teknologi.
- Det krevjast betre undersøkingar og meir openheit frå bilprodusentane for å avdekke moglege tekniske feil.
Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI
– Når eg har vore her i ettertid for å sjå, forstår eg enda mindre av at dette gjekk bra. Det kunne stått 27. april 2015 på gravsteinen min.
Terje Havnerås Bergsvåg står på den smale, nyasfalterte bygdevegen i Bontveitdalen i Bergen.
Blikket er festa på den vesle elva som renn forbi ved sidan av vegen.
Det er litt over ti år sidan han flaug over vegen her og landa der nede.
– Det såg ut som eit flykrasj. Viss dette hadde blitt ei dødsulukke, så hadde folk berre tenkt «idioten som køyrde så jævla fort i denne vesle, tronge dalen her».
KNUST: Politiet sine bilde frå åstaden levnar liten tvil om kreftene som var i sving. Foto: Politiet
STRØDD: Politiet sine bilde frå åstaden levnar liten tvil om kreftene som var i sving. Foto: Politiet
KNUST: Politiet sine bilde frå åstaden levnar liten tvil om kreftene som var i sving. Foto: Politiet
– Toppen av eit isfjell
I dag tenkjer han noko nytt om det som skjedde. Det kjem vi straks tilbake til.
For Bergsvåg er ikkje åleine. «Løpske» bilar. Ukontrollert akselerasjon. Botn gass.
Fleire og fleire stiller spørsmålsteikn ved om det er noko alvorleg gale med moderne bilar.
Årsaka er fleire urovekkande hendingar.
Folk måtte hoppe unna ein taxi på Torgallmenningen i Bergen i 2023. Saka vart til slutt lagt vekk av politiet på «bevisets stilling».
Fleire personar, mellom anna ei kvinne med babyen sin på armen, vart påkøyrd i Drøbak i 2023. Sjåføren i Volkswagen-bilen vart før sommaren frikjend i retten, nettopp fordi ein ikkje kunne utelukke teknisk feil med bilen.
I vinter mista ein mann livet då Volvoen han sat i brasa ut av fjerde etasje på parkeringshuset ved Sandvika Storsenter utanfor Oslo. Saka er under etterforsking hjå politiet. Undersøkingar skal vise at mannen ikkje sat i førarsetet, men i passasjersetet.
I Noregs Automobil-Forbund er dei svært uroa. Etter at TV 2 gjorde intervjuet med Naf, skjedde det ei ny ulukke i Sarpsborg 13. september.
Ein Audi køyrde gjennom eit butikkvindauge. Dagbladet skriv at sjåføren skal ha forklart at han hadde opna førardøra, gått ut og så skaut bilen fart.
– Vi fryktar at teknisk svikt i moderne bilar kan føre til ulukker og at dei tilfella som er komne fram så langt, berre er toppen av eit isfjell, seier pressesjef i Naf, Ingunn Handagard.
Fleire har tatt kontakt
Naf «slo alarm» i august.
Til TV 2 seier Handagard at fleire Naf-medlemmar har tatt kontakt med spørsmål om tidlegare hendingar.
Det gjeld fleire ulike bilmerke og -modellar.
– Dei er uroa, er i tvil og lurer på kva som faktisk skjedde. Dei har ei kjensle av at bilen handla sjølv, men så har ein ikkje greidd å konkludere med kva som faktisk skjedde, seier ho til TV 2.
Slik var den ville ferda
Det er meir fokus på desse hendingane no enn i 2015.
Det var då Bergsvåg seier han mista kontrollen over sin Tesla Model S i Bontveitdalen.
Også han, til liks med andre som har tatt kontakt med Naf, har begynt å gruble på om det same skjedde med han allereie den gongen.
At bilen rett og slett opererte på eiga hand.
– Eg ser parallellar til andre ulukker, meiner Bergsvåg.
På ulukkesstaden går han grundig gjennom kva som hende han i 2015.
Då var han på veg til besøk hjå mor si. Men då bilen køyrde over ei ferist, skjedde det plutseleg noko, seier han.
– Eit flykrasj
Bilen skaut fart. Hjula på venstre side av bilen hamna utfor vegen.
Der kom det etter kvart ei lita høgde. I rasande fart fekk bilen luft under seg.
– Då «hoppa bilen» og flaug av garde, gestikulerer Bergsvåg.
Så peikar han på eit grantre og ein skeiv lyktestolpe, vel 50–60 meter lenger oppe, på andre sida av vegen.
For ti år sidan var det ikkje autovern på staden.
– Og så vart bilen kasta rundt og landa til slutt i elva med eit brak.
TREFFPUNKT: Raud pil viser merke på treet der bilen kan ha treft. Den grøne pila viser kor bilen enda opp. Foto: Politiet
KNUST: I elva låg det både eit hjul og restane av motoren. Foto: Politiet
TOTALVRAK: Det blei den siste turen Bergsvåg tok i den nye Teslaen. Foto: Politiet
KNUST: Bakenden av bilen var heilt vekke. Bergsvåg tykkjer det er vanskeleg å forstå at han nærast uskadd kunne krabbe ut av vraket. Foto: Politiet
Bergsvåg ristar på hovudet. Han takkar dei 14 airbagane i bilen for at han kunne krabbe ut på eiga hand.
Har endra meining
Bilen var heilt ny. Det er difor nærliggande å tru at Bergsvåg kan ha «testa» hestekreftene i den nye bilen på det rette strekket.
Det avviser han kategorisk. TV 2 har sett dokument som viser at han blei målt til 0,0 i promille.
– Kva vil du seie til dei som les dette og tenker at du no har fått ein teknisk feil å skulde på?
– Eg tek ikkje feil av gass og brems. Det er heilt utelukka, svarar Bergsvåg og viser til at han har køyrd bil i mange, mange år og også har erfaring frå racerløp som motorsyklist.
I 2015 tenkte han at han må ha fått ei lysning, eller ei krampe, i den nyopererte hofta i høgrebeinet sitt.
Og at det førte til at han trødde gasspedalen i botn.
Nokre skruar skal ha blitt skrudd for langt inn i den første operasjonen, men det skal ha blitt ordna i ein ny operasjon før ulukka, seier Bergvsåg.
– Men den gangen hadde eg ikkje noko anna forklaring, så det blei den offisielle forklaringa. At eg fekk ei lysning. No har det kome fleire alternativ på bana.
Han vart sikta for aktlaus køyring og mista førarkort ein periode, før saka vart lagt vekk på bevisets stilling.
Noko nærare svar på om det var ein teknisk svikt, har han ikkje fått av Tesla, hevdar han.
TV 2 har spurt Tesla Noreg om kva dataa frå ulukkesbilen viser.
– Tesla kommenterer ikkje enkeltkundesaker, er svaret på epost frå den norske presseavdelinga.
– Når du ser det har skjedd med mange andre bilar, at bilen plutseleg har full gass utan at sjåføren gjer det, så ser eg på det som mest sannsynleg at det var det som også skjedde meg, konkluderer Bergsvåg.
Tesla vil heller ikkje kommentere denne påstanden.
Tesla-varslaren fant 2500 rapporterte tilfelle av plutseleg og uventa akselerasjon
Krev betre undersøkingar
I Naf er dei uroa for at det er bilistane som får skulda for ulukker der det «faktisk er teknologien i bilen som har svikta».
Dei krev betre undersøkingar som tek høgde for at det kan skje feil i alt det tekniske som finst i moderne bilar i dag.
– Det er urovekkande at ein ikkje har betre metodar for å etterforske feil som kan oppstå i moderne bilar, seier Handagard i Naf.
Slik går føre seg undersøkingar av ulykkesbilar
Dei krev tre ting; at politiet si bestilling av ulukkesundersøkingar blir betre, at Statens vegvesen utarbeider betre rapportar og at bilprodusentane blir meir opne og deler data med etterforskinga.
– Slik at ein kan ta høgde for at det kan vera tekniske feil som har ført til at noko har skjedd. For rapportane som blir utarbeidde i dag, er ikkje gode nok til å konkludere med kva som faktisk har skjedd, meiner Handagard.
Statens vegvesen er ikkje samde i at undersøkingane deira ikkje er gode nok.
Avdelingsdirektør Espen Andersson viser til hendingane i Bergen, Drøbak og Oslo.
– I dei aktuelle ulukkene har Statens vegvesen så langt ikkje funne tekniske feil ved køyretøya. I våre rapportar må vi basere oss på fakta som kan dokumenterast, seier han til TV 2.
– Vi gjer dei undersøkingane vi meiner er naudsynte for å få eit heilskapleg bilete av ulukka. Vi undersøker køyretøya teknisk, hentar ut data og hentar inn anna informasjon. Vi vurderer kontinuerleg om vi treng ytterlegare informasjon for å få eit bilete av kva som har skjedd.


















English (US) ·