Debatt rundt «Wuthering Heights»: – Heathcliff er ikkje kvit

2 hours ago 2



«Hudfargen til Heathcliff er eit litterært verktøy for sjølve historia.»

Det seier ein brukar på TikTok om castinga av Jacob Elordi som karakteren Heathcliff i den nye filmatiseringa av «Wuthering Heights».

En mann i svart dress står foran en bakgrunn med teksten "Wuthering Heights" i rød skrift. Han har krøllete hår og ser ut mot kameraet. Omgivelsene er en lysvegg som gir en profesjonell atmosfære. Bildet ser ut til å være tatt under en offentlig begivenhet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Elordi har rolla som Heathcliff.

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

Den litterære klassikaren er Emily Brontës «Stormfulle høyder» (Wuthering Heights) frå 1847.

Med djupe utringingar og muskuløse overkroppar blir den nye filmatiseringen allereie kalla ein «Fifty Shades»-versjon av klassikaren.

Hovudrollene blir spelte av Margot Robbie og Jacob Elordi.

 Plakaten til "Wuthering Heights".

Plakaten til filmen liknar ein kioskroman.

Historia handlar om den foreldrelause Heathcliff som blir teken inn i ein velståande familie.

Han forelskar seg i dottera i huset, Catherine, men forholdet deira blir prega av at han alltid blir sett på som annleis. Mange meiner det er fordi han har ein annan hudfarge.

Hvis du søker opp «Wuthering Heights» på TikTok får du fort opp diskusjonen rundt casting-valget i den nye filmen.

Mange på nett reagerer på kva castinga gjer med historia.

Teaterregissør og skodespelar Tani Dibasey meiner det er eit steg tilbake for mangfaldskampen å caste Elordi i rolla.

– Det hadde ikkje vore eit stort politisk val å velje ein mørk skodespelar til rolla, men å caste ein kvit fyr, då er det berre å drite heilt i det.

En person som sitter i en romslig innendørs setting, iført en fargerik treningsjakke. Personen gestikulerer med hendene, noe som tyder på en aktiv samtale. I bakgrunnen er det stoler og utstyr plassert på gulvet. Lokalet har en lysere gulvflate og vegger med nøytrale farger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tani Dibasey synest ikkje castinga er god.

Foto: NRK

NRK har vore i kontakt med produksjonsselskapet Warner Brothers, men dei ønskjer ikkje å kommentere kritikken.

Klassikeren

Litteraturprofessor Janne Stigen Drangsholt synest ikkje det er heilt rett å spørje om det er kvitvasking eller ikkje.

– Heathcliff blir forklart som ein del av rom-folket i boka, det kan jo tolkast litt etter kva ein vil.

Janne Stigen Drangsholt med et eksemplar av boka Wuthering Heights

Litteraturprofessor Janne Stigen Drangsholt les den nynorske versjonen av boka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Er folk blitt for woke?

– Nei, det synest eg ikkje, men eg trur mange har blitt for opphengde i korleis Heathcliff skal sjå ut, og der gir ikkje boka eit tydeleg svar.

– Grunnen til at dei beskriv han som mørk og med mørke auge, er fordi dette er ein gotisk roman, så Heathcliff skal vere litt skummel. Men boka er ikkje så veldig mykje meir spesifikk enn det.

Warner Brothers sin «Wuthering Heights».

Et dårlig val

I ein del av boka snakkar barnepika med Heathcliff, før ho seier dette:

– Faren din kunne vore keisar i Kina og mor di ei indisk prinsesse.

Fleire dreg fram dette sitatet når det blir diskutert om han kan vere ein kvit mann.

– Mykje av det historiske og sosialrealistiske rundt stand, rasisme og brutalt kvardagsliv er borte frå denne utgåva, skriv filmanmeldar Sigurd Vik i meldinga si hos NRK.

Det har vore mange filmatiseringar, men først i Andrea Arnolds versjon frå 2011 blei Heathcliff casta som ein mørk karakter.

«Å caste ein kvit mann som Heathcliff er ikkje berre eit dårleg val, det er rasisme forkledd som kunstnarleg val.»

Det seier fleire på TikTok om regissør Emerald Fennell.

En person i rød kjole står foran en bakgrunn med teksten "Wuthering Heights". Omgivelsene har elementer av natur, som grener og steiner. Lyssettingen gir en dramatisk stemning. Bildet synes å være fra et arrangement knyttet til det nevnte verket. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Regissør av filmen, Emerald Fennell.

Foto: Jack Taylor / Reuters / NTB

Regissør Emerald Fennell blei spurd av Hollywood Reporter om kritikken rundt casting-valet. Då svarte ho at ho fokuserte meir på dei sadomasochistiske delane av boka.

– Dette er ikkje ein tru adapsjon av boka, og eg casta slik eg sjølv leste teksten, svarar Fennell.

Publisert 13.02.2026, kl. 21.09

Read Entire Article