Dei dyraste har ein kilopris på nær 900 kroner: – Skuldast ekstremvêr og klimaendringar

3 hours ago 1



– Eg er veldig glad i nøtter. Eg synest det er godt, og et det som ein snack når eg ser på film eller gamar, seier Teodor Nordnes Borge (15).

– Har du merkt at prisen har gått opp?

en gutt som smiler til kameraet

Teodor Nordnes Borge (16) kjøper ikkje like mykje nøtter som før fordi prisen på nøttene han et har gått opp.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Det har eg merkt. Prisen har gått veldig opp. Når det blir litt dyrare, kjøper eg litt mindre. No kjøper eg det ikkje kvar helg.

Det er nemleg kraftig prisvekst på dei fleste nøtter.

Ifølge SSB hadde prisen gått på nøtter gått opp 7,6 prosent mellom august i år og i fjor.

Den gjennomsnittlege prisveksten på same tid var 3,5 prosent.

Og 16-åringen er ikkje den einaste som har merkt at nøtter er i vinden:

  • Ei kvinne i blå jakke

    – Eg et mykje nøtter, særleg peanøtter som er min favoritt. Men eg har ikkje merkt at dei har blitt så mykje dyrare, seier Arlene Abrahamsen.

    Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
  • ein ung mann som smiler til kameraet

    – Eg er litt glad i det, men eg et ikkje så mykje av det. Eg vel heller godteri som snack. Men eg kan sjå føre meg at prisen har gått opp, seier Trygve Kibsgaard.

    Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
  • ein mann med ryggsekk

    – Eg et ein del nøtter, særleg valnøtter på ost til frukost. Men eg har ikkje merkt at prisen har gått opp, for det er pappa som kjøper dei til meg.

    Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men er det verkeleg «nøtt» til å vere så dyrt?

Nesten 900 kr for ein pose nøtter

Når fleire vil ete nøtter, blir det òg ein større marknad. Det merker butikkane.

Maria Edvardsen står i Sunkost-butikken ho driv på Hunstad i Bodø og sorterer i nøttedisken.

– Dei siste åra har vi sett at folk berre vil ha meir og meir nøtter, seier ho.

Det er nemleg også «nøttig» å ete nøtter.

– Det inneheld mykje sunne gode stoff som jern, sink, jod og mineral. Du får rett og slett ein naturleg vitaminpille med mykje fiber i nøtter.

Daglig leder av Sunkost Hunstad holder frem en neve nøtter foran nøttereolen.

– Vi ser at fleire og fleire folk vi ha rein mat. Difor er nøtter noko av det det går mykje av, seier Maria Edvardsen, dagleg leiar av Sunkost Hunstad.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Live Kjenner, som er marknadsdirektør i Sunkost, fortel at kjeda hittil i år sel over 30 prosent meir nøtter.

– Dette stadfester at nøtter har ein sterkare posisjon både blant eksisterande og nye kundar. Etterspurnaden har auka jamt i både butikk og nettbutikk, fortel Kjenner.

Men når fleire vel den sunne snacksen, merker kjeda også at fleire nøttetypar har blitt dyrare å kjøpe inn.

Sunkost sel ikkje lenger paranøtter i posar på 1 kg grunna den ekstreme prisauken. Posten kosta nemleg nesten 900 kr

En hylle med krukker med nøttesmør

Fordi folk ha fått augo opp for matvara, har Sunkost kunne lansere mange nye eigne produkt som til dømes nøttesmør.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Men vi jobbar aktivt med å sikre stabile leveransar og konkurransedyktige prisar, seier Kjenner.

Også i den vesle butikken på Hunstad har Edvardsen justert på prislappane.

– Korleis reagerer kundane dine på at prisane på nøtter har gått opp?

– Nokon sjekkar kanskje prisane litt ekstra, men dei veit at det er det dei må betale for eit godt produkt. Sjølv synest eg det er ei god investering i helsa.

Bilde av priser på paranøtter på Sunkost

På nett finn ein framleis posten med paranøtter, men Sunkost opplyser at den har utgått og berre er på restlager i eit par butikkar.

Foto: Skjermdump / Sunkost

– Gjer dei litt stive prisane noko med etterspurnaden, eller har nøttetrenden kome for å bli?

– Eg trur det er ein trend som har kome for å bli, fordi nøtter er så sundt og inneheld mykje av næringa du treng kvar dag.

Maria Edvardsen, daglig leder av Sunkost Hunstad står bak kassa i butikken sin.

På butikken i Hunstad sel dei fleire nøtter, sjølv om prisane har gått opp.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Er det ein nøtt at prisen aukar?

Det er mange grunner til at prisen på nøtter har gått i taket.

Foodman er ein stor importør av nøtter i Noreg. Dei fortel at for å knekke nøtta om den høge prisen må ein sjå mange stader:

  1. Klimaendringar og ekstremvêr
  2. Auka priser på energi og frakt
  3. Vekst i global etterspurnad
  4. Handelspolitiske faktorar

– Grunnlaget for aukinga i prisen ligg i eit redusert tilbod frå sentrale produsentland, seier dagleg leiar i Foodman, Petter Grunnan.

Det skuldast i hovudsak ekstremvêr og klimaendringar. Langvarig tørke er kritisk for produksjonen av mandel og pistasj i California. Sein frost har ramma produksjonen av hasselnøtter i Tyrkia.

  • Regnskog på Sumatra

    Paranøtter er nokon av nøttene som har blitt mykje dyrare. Det er fordi dei ikkje blir dyrka kommersielt og berre veks i regnskogen i Sør-Amerika.

    Foto: CHAIDEER MAHYUDDIN / AFP / NTB
  • ein pose peanøtter

    Heile verdsproduksjonen er difor basert på innsamling av nøtter frå ville trær i jungelen.

    Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
  • Ein peanøtt heldt av to fingre. Lyseblå bakgrunn.

    Men prisen på peanøtter har falle kraftig det siste året.

    Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK
  • Nøtter i to tinnbøtter

    Sjølv om endringar i prisen kan vere eit problem for forbrukar eller kjøpmann, får det òg store konsekvensar for bonden eller sankaren.

    Foto: Gowtham AGM / Unsplash
  • Valnøtter med skal med ein øse i sett ovanfrå

    Dei får ein betydeleg risiko med tanke på eigen inntekt.

    Foto: Pasquale Farro / Unsplash

I tillegg gjer auka priser på energi at det blir dyrare å til dømes riste eller tørke nøttene, og global logistikk har blitt dyrare og mindre føreseieleg, fortel Grunnan.

– Prisane på frakt kan også endre seg raskt og med store utslag. I Argentina har dei ofte problem med å få konteinarar med på skipet dei ønsker fordi fraktselskapa endrar kor dei går i land til der det er mest lønnsamt og dei kan hente ut størst mogeleg gevinst.

Importerer likevel meir nøtter

Også importøren merkar at forbrukarar stadig etterspør sunnare alternativ til snack. Der er ofte nøtter ein sentral ingrediens.

En hylle med nøtter i poser

Sjølv om prisen på nøtter har auka, meiner Sunkost at deira kundar held fram med å kjøpe nøtter, og at dei i tillegg kjøper meir enn før.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Vegetar- og veganarkosthald har òg ført til ein ny stabil etterspurnad etter nøtter som ein industriell råvare. Sjølv om det er dyrare å importere, importerer Foodman difor meir nøtter enn før.

– Disse trendane kjem med sosiale medier, og prisane kan då stige veldig raskt, seier Grunnan og viser til mellom anna Dubai-sjokolade som inneheld pistasjnøtter.

Men også tollsatsar og internasjonal handelsuro speler inn og kan føre til plutselege prishopp på spesifikke nøttetypar frå visse regionar. Om USA vel å sette ned tollen på varar frå Vietnam, vil det påverke prisen på kasjunøtter.

en krukke med nøtter og en glasskrukke

Produksjonen av hasselnøtt blei i år ramma av sein frost i Tyrkia. Det har verka inn på prisen på nøttene.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Samla sett skaper disse faktorane betydeleg prispress frå fleire kantar samtidig.

Det gjer ifølge Grunnan at dei i Foodman må vere på tå hev.

– Store prisaukingar påverkar etterspørsel og det er på ingen måte positivt for oss. Tvert i mot. Samtidig motverkar de store trendskifta ein del.

Publisert 20.10.2025, kl. 11.52

Read Entire Article