Dei ti-femten siste sidene reddar romanen frå totalhavari

6 days ago 8



Eg skulle ønska denne barndomsskildringa var meir barnsleg!

Arild Rossebø er frå Haugesund. Foto: Heidi Furre/Flamme forlag

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

 2 out of 6

Arild Rossebø: På kjøtt og flesk. Roman. 205 sider. Flamme Forlag.

Førre Arild Rossebø-roman, «Den siste komle», blei både nominert til Bibliotekets litteraturpris og karakterisert som skisseaktig, uferdig og terningkast tre-verdig i Aftenbladet. Tre år seinare er haugesundaren ute med nok ein tittel med middagsmetafor, om ungguten Haralds oppvekst i sildabyen på 80-talet, gjennom ei opprivande skilsmisse.

Det er like greitt å seia det med det same: Det er ikkje lett å skriva om barndom. Mange prøver seg, men få får det skikkeleg til. Eg trur den viktigaste grunnen til det, er at ein er vaksen. Å vera vaksen og skriva om å vera barn er som å prøva å læra seg å ikkje kunne sykla igjen. Det er som å opna ei bok og lata som om ein ikkje kan lesa bokstavane.

Barndommen er eit rike som er tapt for alltid. Ein tilstand som berre kan erindrast i korte glimt. Kanskje høyrest det overdrive ut. Men tenk på korleis du oppfører deg mot dine eigne barn (viss du har). Truleg blir du oppfatta som like dum og uforståande av barna dine som du sjølv oppfatta foreldra dine då du var barn. Minst. Du innser det berre ikkje sjølv, fordi det naive og barnlege er tapt for deg.

Når ein som vaksen forfattar så prøver å skildra barndommen, er det i prinsippet eit sentimentalt forsøk på å språkleg fanga dette tapte, naive, noko ein eigentleg aldri kan få heilt til. Skal ein lukkast, må ein ta originale vinklingsval og gå via nøye uttenkte, språklege omvegar, enten ein heiter Johan Borgen eller Per Marius Weidner-Olsen. Er ein ikkje medviten om at ein slik nærast må finna opp ei heilt ny språkføring; ein eigen poetikk, er ein truleg dømt til å mislukkast.

Du har kanskje ut frå føregåande avsnitt gjetta at Arild Rossebøs forsøk ikkje går så bra. Det er like greitt å seia det med det same: Forfattaren lukkast i liten grad med å nærma seg barndommens tilstand på kunstnarisk vis. Det verkar som han ikkje prøver eingong.

Romanen er prega av ein svært vaksen, analytisk forteljarstemme, med oppstylta og pedantiske vendingar, som «det lå en forlokkende normalitet i denne transaksjonen» eller «om enn ikke på den friluftsaktige måten speiderbevegelsen hadde intendert». Denne Erasmus Montanus-aktige skrivemåten er nok meint humoristisk. Men dei pseudo-vittige formuleringane skaper ein tørr, emissær-aktig pappa-humor stil, som gir unødig stor avstand til stoffet. Skildringane kjennest difor fjerne og lite autentiske.

Teksten består av ei rekkje kåseri-aktige, nærast enkelståande, episodar, hekta saman i eit forsøk på å få til ei handling. Men dynamikken manglar og framdrifta er seig, til tider ikkje-eksisterande. «På kjøtt og flesk» er på eit vis meir heilstøypt enn «Den siste komle», men samstundes òg meir monoton.

Først på dei siste ti-femten sidene kjem nokre scenar med truverdige, menneskelege møte og treffande dialogar, som reddar romanen frå totalhavari. Resten verkar lite bearbeidd, ofte med eit trivielt, pludrande dagbokpreg.

Kanskje har det noko med sjangervalet å gjera. Eg trur boka hadde fungert betre om ho hadde blitt ei lokal, personleg minnesamling for Haugesund på 80-talet. Slik ho ligg føre i dag, fungerer ikkje utgjevinga, verken som kunstnarisk ytring eller lettare underhaldning.

Publisert:

Publisert: 10. juni 2025 10:36

Read Entire Article