Det inneber at immigrasjonsmyndigheitene skal blokkerast frå å gjennomføre aksjonar innanfor ein radius på 1,6 kilometer frå ein VM-kamp eller fansone.
Human Rights Watch har avslørt at ICE pågreip ein asylsøkar under klubb-VM sommaren 2025. Nå fryktar mange at det same skal kunne skje i VM.
Nellie Pou er demokratisk representant frå New Jersey og legg fram forslaget. Ho har kalla lovforslaget for «Save the World cup». Formålet er å forsikre besøkande om at dei ikkje vil bli arresterte, og at supporterar skal vere sikre på at dei ikkje blir pågripne i samband med ein kamp, uttaler ho i ei pressemelding.
– VM bør føre verda saman, og ikkje la familiar lure på om ICE-agentar ventar utanfor stadiona, seier ho.
– Paramilitær
I februar gjekk Todd Lyons, direktør for immigrasjonsmyndigheitene i USA, ut og sa at ICE kjem til å vere ein viktig del av sikkerheita under VM. Amnesty Norge fryktar for konsekvensane.
– Den potensielt mest alvorlege risikoen for tilreisande og lokale fotballsupporterar under fotball-VM kjem frå det maskineriet, seier rådgivar Frank Conde Tangberg i Amnesty, og legg til at han meiner immigrasjonslovene blir handheva på undertrykkande, diskriminerande og dødeleg vis.
Han snakkar om ICE (US Immigration and Customs Enforcement) og CBP (Customs and Border Protection), altså immigrasjonsstyrken og grensekontrollen.
NRK har kontakta ICE med spørsmål om kritikken som kjem fram i denne saka. Dei har foreløpig ikkje svart på NRKs førespurnad.
– Dei har blitt forvandla til byrå som gjennomfører operasjonar i paramilitær stil, der maskerte menn bankar ned dører og bryt seg inn i heim utan arrestordre for å plukke opp menneske, hevdar Tangberg.
Han snakkar om arrestasjonar og deportasjonar i massevis.
PÅGRIPE: Ein mistenkt blir arrestert i ein ICE-aksjon i Minneapolis i januar 2026.
Foto: OCTAVIO JONES / AFP,NTBTongberg samanliknar situasjonen i USA 2026 med då Argentina arrangerte VM i 1978, ein meisterskap som har blitt beskriven som den blodigaste verdsmeisterskapen nokosinne.
– Dessverre er det no også ein del av den menneskerettslege krisa USA står i, der myndigheitene bruker stadig fleire autoritære verkemiddel, styrker makta og viskar ut folks vern, seier Frank Conde Tangberg.
Under ei høyring i februar spurde Nellie Pou ICE-sjefen om ho kunne få ei forsikring frå han om at dei ville halde seg unna kampane.
– Han nekta. Det er uakseptabelt. Derfor trekker lovforslaget mitt ei tydeleg linje på banen: Ingen ICE-aksjonar.
– Deportere millionar
– Det blir inga vellykka turnering viss fans og spelarar må sjå seg over skuldra. Vi vil at politiet skal fokusere på sterk sikkerheit rundt VM, ikkje på å fylle sivilrettslege immigrasjonskvotar. Vi bør ikkje la frykt definere denne augeblinken og øydelegge meisterskapen, meiner Pou.
Trump-administrasjonen har sagt at målet er å deportere éin million menneske i året.
– Donald Trump har ambisjonar om å deportere millionar, og allereie er fleire hundretusen deporterte frå USA – ofte utan at rettstryggleiken deira er varetatt på nokon som helst måte, hevdar Tangberg.
VM-kampar skal spelast i elleve amerikanske byar: Atlanta, Boston, Dallas, Houston, Kansas City, Los Angeles, Miami, New York/New Jersey, Philadelphia, San Francisco Bay Area og Seattle.
PROTEST: Ein demonstrant i Portland seier klart frå kva ho meiner om Trump og ICE.
Foto: MATHIEU LEWIS-ROLLAND / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB– Korleis kan landet vårt vere vertskap for VM samtidig som vi utviser tilreisande fans frå heile verda? Som tidlegare fotballspelar veit eg kva ære det er å vere vert for det største idrettsarrangementet i verda. Prioriteten vår bør vere å vise oss frå vår beste side – ikkje å ha politi som beslaglegg bussar, tog og offentlege rom. Dette lovforslaget sikrar at ICE ikkje kan forvandle vanleg offentleg transport til ein stad prega av frykt, seier ein av Pous politiske støttespelarar, Eric Swalwell frå California.
Det er uklart kor stor støtte forslaget vil få.
– Må stille krav
– Vi er opptatte av at VM skal vere trygt og inkluderande for alle, seier fotballpresident Lise Klaveness.
– Vi viser til norske myndigheiter å kommentere amerikansk innanrikspolitikk direkte. Men vi har hatt dialog med Amnesty og FIFA om korleis menneskerettar blir varetatte under meisterskapen.
Så er fotballpresidenten klar:
NFF: President i det norske fotballforbundet, Lise Klaveness.
Foto: Mathilda Schuler / Bildbyrån– Også Uefa må ta ansvar og stille klare krav. Alle supporterar skal kunne reise trygt til meisterskapen, og komme trygt heim igjen. Dei må også kunne gå trygt på kamp og heie på laget sitt. Fifa må også sikre at ICE ikkje er aktive i samband med arrangementet.
– Uefa bør etablere desse føresetnadene overfor Fifa, og vi forventar at Fifa legg dei tydeleg på bordet i dialogen med amerikanske myndigheiter.
På direkte spørsmål om nærværet av ICE-agentar under klubb-VM i fjor (2025), svarte Fifa-sjef Gianni Infantino at han «ikkje hadde nokon bekymringar» og at målet var at alle skulle få ei fin oppleving.
EUs «sportsminister» Glenn Micallef fortalde etter Uefa-kongressen i Brussel i februar at han hadde hatt ein «konstruktiv» samtale med Infantino den gongen.
– Eg oppfordra han til å ha sikkerheita til dei reisande supporterane i tankane når han snakkar med arrangørane, sa Micallef til nettsida Euractiv.
– Vi er sjølvsagt nøydde til å gå i dialog med både arrangørane og Fifa for å sikre at alle som reiser til USA, er trygge.
Trussel
Los Angeles blei i fjor senter for konflikten om ICE-styrkane da dei blei sett inn mot protestar. Fleire rettsinstansar meinte at dette var ulovleg.
Samtidig avslører Reuters etterretningsrapportar som åtvarar om at ekstremistar og kriminelle kan komme til å rette seg mot VM i fotball.
– Dette skjer samtidig som hundrevis av millionar dollar i godkjente sikkerheitsmidlar har blitt forseinka, noko som har ført til at dei amerikanske førebuingane ligg etter skjema, skriv nyheitsbyrået.
Aktivistgrupper i Minneapolis i USA gjer nå alt for å få jaga ICE-agentar ut av byen. I over ein månad har 3000 ICE-agentar vore i byen for å pågripe illegale innvandrarar. Aktivistane organiserer seg på gata, i kyrkjer og i krypterte chat-appar. Mens dei utan lovlege papir held seg innandørs, tar fleire aktivistar i bruk bilhorna for å gjere jobben til Ice-agentane vanskelegare.
Rapporten skisserer risikoen for ekstremistangrep, inkludert angrep på transportinfrastruktur og sivil uro knytt til president Donald Trumps innstrammingar i innvandringspolitikken, ifølge Reuters.
Det heiter at krigen mot Iran skaper ekstra bekymring med tanke på trusselen om gjengjelding.
Publisert 03.04.2026, kl. 15.16











English (US)