Derfor «må» Johaug prate i telefonen etter målgang

1 month ago 46



Om det ikkje går heilt etter planen for Therese Johaug på 10 kilometeren i Trondheim tysdag, kjem ho raskt til å finne fram telefonen.

Det er ikkje for å sjekke varslingane sine, men for å ta ein svært viktig telefon.

– Går det dårleg, ringer ho nesten før ho kjem i mål.

Det seier bror Karstein Johaug.

Det er nemleg han som alltid sit klar til å ta telefonen frå søstera si.

Men kvifor er det så viktig for Johaug å ringe broren?

Therese Johaug i telefonen under Davos

VIKTIG TELEFON: Therese Johaug snakkar i telefonen i finske Ruka. Slik ser du henne ofte kort tid etter renn.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Følg 10 kilometeren i ski-VM i Trondheim tysdag her. Rennet startar klokka 15.30.

Johaug: – Eg deler alt

Skidronninga seier det er ein lang tradisjon å ringe veslebror rett etter renn. Ho har gjort det så lenge ho hugsar.

– Det er først og fremst Nils Jakob (ektemann Hoff) og Karstein eg diskuterer med. Eg deler glede, frustrasjon eller alt med dei. Dei er veldig tette på meg og på treninga mi, seier Johaug.

Og legg til:

– Det er sånn at vi snakkast med ein gong eg kjem i mål. Dei har ei stor ære for at eg står her og satsar i dag. Då er det godt for meg å dele gleda med dei.

Men det er ikkje berre glede dei deler saman på telefonen.

Karstein Johaug seier til NRK at det kan gå alt frå to minutt til over 20 minutt etter målgang før ho ringer.

– Eg er dønn ærleg. Og ho er dønn ærleg til meg, seier Karstein.

Karstein og Therese Johaug

DISKUTERER: På Beitostølen var bror Karstein til stades. Dei snakka saman før Johaug forlét frå arenaen.

Foto: Jørn Tveter

Røper kva dei snakkar om

Bror Johaug er ekstremt ski-interessert og analytisk.

Undervegs i rennet til søstera sit han gjerne med fleire skjermar og appar, der han har full kontroll over korleis det går undervegs.

– Medan du går skirenn, veit du veldig lite. Du kan vite at du vann, men kva var bra og kva kan bli betre? Vi snakkar om faglege ting i rennet. Det kan vere ulike tekniske oppgåver vi har jobba med den siste tida.

Karstein hugsar godt ei økt i juni der pila verkeleg peika rett veg for storesøstera.

Det var bekreftinga dei trengde på at det skulle satsast mot femmila under VM i Trondheim.

– Ho er kanskje eit halvt knepp framfor det vi ønskte for fire månader sidan, meinte Karstein ved inngangen til 2025.

– Eg likar veldig kroppsspråket og måten ho går på ski med tanke på korleis ho løyser skirenn.

Therese Johaug på rulleski i Seiser Alm.

TRENINGSPARTNAR: Johaug-søskena har eit svært tett forhold. Her frå Seiser Alm i Italia i 2017.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Ho er fysisk dårlegare

Under 20 kilometeren søndag mista Therese Johaug VM-gullet på målstreken etter spurtduell med Ebba Andersson.

Bror Johaug meiner det er positivt at fleire er med og kjempar no enn då Johaug først la opp i 2022.

Men han trur ikkje det kjem av at konkurrentane har tatt store sportslege steg.

– Eg er litt usikker på om nivået er høgare nå enn før. Therese er med i toppen og er dårlegare fysisk no enn ho var før. Så eg er litt tvilande til det, men det er mogleg eg tar feil, seier han.

I februar varsla Therese Johaug at ho kunne halde fram karrieren i fleire år om ho var mann, men at ho ønsker at dottera Kristin skal få søsken.

Derfor gir ho seg etter alt å døme etter verdscuprenna i Holmenkollen seinare i mars.

Merknad: Vi gjer merksame på at Therese Johaug var langrennekspert for NRK dei to siste sesongane. Arbeidsforholdet stansa tidleg på våren 2024 da ho gjorde comeback som utøvar.

Publisert 04.03.2025, kl. 08.55 Oppdatert 04.03.2025, kl. 08.56

Read Entire Article