Når mørket tar grep, er det vanskeleg å finna lyspunkt. Dessverre pregar det denne romanen.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Caroline Kaspara Polanen: «Jeg har det ikke i meg å bli klassekontakt». Roman. 176 sider.
Cappelen Damm.
Korleis er det å leva med ein person som slit med psykisk sjukdom, og korleis er det å vera psykisk sjuk? «Jeg har det ikke i meg å bli klassekontakt» av Caroline Kaspara Polanen er ikkje den første romanen eg les om temaet, men det er kanskje den mest monotone, og trass at det berre er 176 sider, mest langtekkelege.
Det er ikkje berre langt mellom lyspunkta, men knapt eit einaste lyspunkt i handlinga gjennom heile romanen. Dette bidreg til ein i overkant tung roman, noko som er synd sidan det kan hindra lesarane i få i innblikk i korleis det er å stå i ein utfordrande livssituasjon.
Maria blei psykisk sjuk midt i skrivinga av eiga masteroppgåve, og trass i at mannen Erik på ulikt vis har prøvd å få henne til å stå løpet ut, til dømes gjennom å gi henne ein kjole for å feira vel fullført oppgåve i forkant eller ein kaffiavtale på Shell for at ho skal koma seg ut meir, er ho framleis ikkje ferdig. I staden ligg ho lange dagar i senga med ei sovemaske rundt auga og ensar knapt nok livet som skjer rett utanfor soveromsdøra hennar.
Erik på andre sida har livet fullt opp med Visma-meldingar, vekeplanar frå skulen, dugnadar og fritidsaktivitetar. I Maria sitt fråvær, er det han som må stille opp på alt. Heldigvis kjem etter kvart driftige Audhild inn i livet til han og barna og hjelper til med å laga middag, køyra til fritidsaktivitetar og godt sosialt lag. Kanskje av og til litt for godt sosialt lag?
Det er viktige tema som blir tatt opp, ikkje minst kor utfordrande det er å vera pårørande til ein person med psykisk sjukdom. Erik tar seg stadig i å lura på om Maria eigentleg vil bli frisk, om ho berre har tatt eit val om å ligga i senga i staden for å involvera seg i livet sitt. Sånn sett kan Erik sine tankar likna på tankane til Linda i «Ikke mennesker jeg kan regne med» av Kyrre Andreassen som òg lurer på om ektefellen faktisk er psykisk sjuk, eller om han berre er litt lat.
Det som derimot manglar i Polanen sin roman, er den humoristiske snerten og skråblikka. Det kan kanskje heller ikkje forventast av ein roman med eit så mørkt tema, men det eg likevel ønsker når eg les ei bok er språkleg variasjon, noko som bryt opp teksten og at forfattaren gir dei ulike karakterane ulike stemmer. Dessverre flyt stemmene til Erik og Maria inn i kvarandre, og eg måtte fleire enn ein gong bla oppover berre for å sjekka at forteljarstemma faktisk hadde endra seg. Sjølv om både Maria og Erik slit på kvar sin måte, hadde eg venta eit klarare skilje mellom korleis dei tenker, at språket reflekterer ulike sinnstilstandar i større grad.
Noko som kanskje kunne ha bidratt til å bryta opp, er fleire tilbakeblikk til korleis livet såg ut før Maria blei sjuk. Lesaren får nokre, men dei er meir tilfeldige ettertankar strødd rundt i teksten enn faktiske historier som bidreg til at lesaren kjem tett på karakterane og kjenner seg involvert. Kanskje kunne det gjort meg trist over at livet til Maria og Erik ser ut som det ser ut nå, og kanskje kunne kontrasten mellom før og nå bidratt til å vekka meir empati hos lesaren. Kanskje kunne tragedien psykisk sjukdom utgjer for ein familie kome endå betre fram på den måten.
Dessverre endar eg heller opp med å føla at det er bra romanen er ferdig når eg har lese
siste side. Sjølv om temaet er viktig, kan det vera vanskeleg, som romanen viser, å forhalda
seg til berre mørke over for lang tid.
Publisert:
Publisert: 13. mai 2025 10:07