GJESTEKOMMENTAR: Det er ikkje det at nokon vert rike som er problemet med veksande forskjellar, det er at liva våre ikkje lenger liknar på kvarandre.
Aslak Sira Myhre
Nasjonalbibliotekar
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Me har vore gjennom ein valkamp som varte minst to veker for lenge. Når valdagen kom, hadde meir enn to millionar alt gitt si stemme, og eg er heilt sikker på at det ikkje berre var av praktiske årsaker. Eg trur svært mange av dei to millionane som meg var trøytte og leie av heile greia, og stemte for å kunne stilla sosiale media og fjernsynet inn på andre kanalar.
Ikkje så rart i tilfelle. Det finst heilt klart ei grense for kor lenge formuesskatten kan fenga sjølv for dei som er aller mest opptatt av han. Når det endar med at det er Dagens Næringsliv som begynner å ta hol på debatten i formueskattens disfavør, veit ein at han har spela ut rolla si for denne gangen.
Ordskiftet blir ei slagmark
Dessverre er det noko anna som ikkje har vorte diskutert så mykje, som er langt meir urovekkande enn skatteprosent på aksjar, eller arbeidande kapital. Det er konsekvensane av ei samfunnsutvikling kor forskjellane vert større.
Det at nokon vert rikare er ikkje eit samfunnsproblem i seg sjølv. Det at me får fleire fattige er derimot eit problem, det er eit problem for dei som er fattige, anten det er aleineforsørgjarar eller trygda som slit med å få endane til å møtast, eller det gjeld det nye serviceproletariatet som syklar mat og varer på dørene våre til lønningar vanlege nordmenn ikkje drøymer om å akseptera. Men det er eit problem til, som veks sakte i jorda, men som når det spring ut i full blom kan trua med å få samfunnsveven til å rakna. Det er kva som skjer når liva våre sluttar å likna på kvarandre.
I diskusjonane i Norge og resten av Europa, for ikkje å snakke om USA, har denne diskusjonen fyrst og fremst handla om kultur. Om konsekvensane av innvandring, av nyreligiøsitet og islam, om kjønn og woke og antiwoke. Og ja, det er slik at desse identitetskampane og kulturforskjellane splittar oss, og når den splittinga får leva fritt i sosiale meda, gjer han fort det politiske ordskiftet om til ei slagmark. Men kva om det ikkje er ulik kultur, identitet og meiningar som trugar med å rive fellesskapa frå kvarandre. Kva om det er dei materielle liva våre som er i ferd med å verta for forskjellige?
Veksande ulikskap er det skumlaste
Komikaren Erlend Mørch hadde i denne valkampen ein overraskande sympatisk serie med samtalar med partileiarane i stortingspartia. Då han snakka med Marie Sneve Martinussen frå Raudt spurde han henne om kvifor det var eit problem i seg sjølv at samfunnet fekk større forskjellar. Martiniussen svara at pengar er makt, og at eit samfunn med sosial ulikskap og gir ulik makt. Det er sant, og ligg sikkert langt framme i pannebrasken i ein valkamp kor pengane har flydd frå organisasjonar, rikfolk og ulike anonyme samanslutningar. Om det er ein konsekvens av dette valet utanom at Støre fortset som statsminister, må det vere at Stortinget i løpet av dei neste fire åra sørger for å forby den type valkampfinansiering som me såg no. Og det er berre mogleg dersom begge sider får dei same restriksjonane, altså også LO.
Det var sikkert lett for Martiniussen å tenke på makt og pengar i nett denne valkampen, men eg trur ikkje ho treff det sentrale. Det største problemet med ulikskap er ikkje at makta fordeler seg ulikt, det er at når ulikskapen veks for mykje, så vert liva våre så ulike. Og når liva våre vert ulike, så forsvinn grunnlaget for fellesskap. Og fellesskap er den beste, og kanskje den einaste motgifta mot den polariseringa vi ser til dømes i USA no.
Då meiner eg ikkje fellesskap i sosialistisk forstand, ikkje eit samfunn av gode kameratar som alle kler seg likt og smiler nøgd til bilete av den gode leiaren som heng på veggen. Eg meiner eit fellesskap av ulikskap, av ulike politiske oppfatningar, av ulike yrke, landsdelar og religionar, eit fellesskap kor folk både tenar og skattar ulikt, men likevel er eit samfunn kor me heng saman. Me har nokre grunnleggande erfaringar som er like. Det må vera skulen, det er høgtider, jul og nyttår, det er mottaket på legevakta, køane for sjukeheimsplass og frustrasjonen over renta som stig og straumprisen som er for høg. Og så er det sjølvsagt å slå svenskane på langrenn og italienarane i fotball. Det siste trur eg fortsett alle gler seg over, heilt uavhengig av lommeboka. Men alt det andre, det er eg redd kan forvitre raskt.
Dei som aldri har vore på legevakta
Om dei rikaste aldri har venta på legevakta, om den øvre middelklassen tener nok til at stigande mat og straumprisar ikkje plagar dei, om dei fattigaste ikkje kan senda ungane sine inn idretten, får me ikkje berre urettvise. Me mistar det engelskmennene kallar «common ground», ei plattform me kan bygga fellesskapen vår på. Mistar me denne, kan raskt mykje anna stå for fall. Det er ikkje desinformasjon som er grobotnen for konspirasjonar og radikalisering, anten det er på den eine eller den andre sida. Det er mangel på møtepunkt, mangel på felles erfaringar og følelsen av å henga saman som både er jorda og gjødsla for den veksande polariseringa.
Då eg ein gong var politikar, det er takk og lov lenge sidan no, var det me på venstresida, ja, kanskje særleg eg og mitt parti, som krisemaksimerte og teikna eit katastrofebilde av Norge. Det måtte til for å forklare kvifor landet vårt trong ein revolusjon. Det var ikkje sant, Norge var korkje ein katastrofe, eller trong ein revolusjon. I årets valkamp er det den uorganiserte høgresida som har malt fanden på veggen og skildra Norge som eit meir eller mindre inkompetent og korrupt samfunn med behov for radikal endring. Det er lite like sant som det var for tretti år sidan.
Det norske samfunnet har ei rekke kvalitetar som er verdt å ta vare på, den viktigaste er at me enno kjenner at me heng og held saman. Men skal det fortsette å vere slik, må liva våre fortsett likne på kvarandre. Då må me omfordela ressursar. Ikkje berre fordi det er rettvist, men fordi det i det lange løpet er det beste for alle.
Publisert:
Publisert: 20. september 2025 10:18

1 month ago
24
















English (US) ·