KOMMENTAR: Det går an å leggja til rette for å riva ned eit demokrati. Stortinget driv med det denne veka.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Vi snakkar ofte om tilliten i samfunnet vårt. Limet. Det med at vi stolar på kvarandre, at vi har tillit til at vi alle gjer vårt, at vi ser det store bildet, at politikarane våre gjer det, at media gjer det, at rettsvesenet gjer det.
Men det er ingenting å ta for gitt. Slikt kan ikkje aleine halda oppe eit folk, eit land, eit demokrati. Det skal andre ting til. At dei med mest makt, regjeringa, Stortinget og Domstolen, har lovar som held kvarandre i sjakk. Stortinget skal gi lovane, regjeringa skal handla etter dei, domstolane skal dømma etter dei. Så ingen av dei får for stor makt aleine. I bakgrunnen ligg også menneskerettane. Staten skal ikkje ha for stor kontroll over enkeltmennesket.
Men så
Det der er faktisk ikkje alltid lett. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at det kan oppstå krisesituasjonar der regjeringa må få handla før Stortinget klarer å samla seg og gi dei lov. Situasjonar der venting set oss alle i fare. I ein krigssituasjon, for eksempel. Der er det ganske klart kva som skal til.
Men nå driv Stortinget og vedtar langt meir diffuse greier. Det gjeld endringar i det som heiter sivilbeskyttelseslova. I ein krisesituasjon skal regjeringa kunna bruka ekstraordinære fullmakter, som gir dei rett til å beordra alle sivile mellom 18 og 72 år inn i kva jobbar eller roller som helst. Sjølv om Stortinget er samla, skal regjeringa kunna bruka desse fullmaktene. Og det er fullmakter som kan stilla seg over andre lovar.
Her er nok den gode tanken å leggja til rette for at regjeringa, utan opphald, kan setja i verk tiltak for å beskytta oss og demokratiet vårt på flekken. Det er heller ikkje så vanskeleg å forstå at det er litt diffust kva slags krisesituasjonar som kan utløysa den fullmakta. Vi lever i nokså usikre tider, beredskap er viktig, å vera føre var er viktig.
Baksida!
Baksida er at slike fullmakter dermed kan brukast til å øydeleggja det demokratiet dei er tenkt å beskytta. Det er det Donald Trump driv med nå. Bruker dei fullmaktene presidenten i USA har, til å lamma dei som kan hindra den same presidenten i å tilrana seg sjølv all makt.
Det klaraste historiske eksempelet på denne måten å rasera demokratiet på, er dessverre Hitler. Dessverre fordi det både viser kor effektivt det er, og dessverre fordi å visa til Hitler er så sterkt at dei fleste av oss ryggar baklengs og nektar å ta det innover oss.
Og dessverre viser både Hitler og Trump oss at vi ikkje kan stola på at vi, folket, i ein kvar situasjon stemmer fram dei som faktisk har tenkt å tena folket.
Beredskap, beredskap, beredskap
Nei, det er ingen grunn til å tru at verken Støre, Solberg eller Listhaug går inn for slike fullmakter for å kunna røva til seg all makt i landet, bit for bit.
Men desse fullmaktene kjem jo til å gjelda framtidige regjeringar også. Regjeringar vi ikkje veit kven er, stemte fram i vanskelege tider vi ikkje kan sjå føre oss. Tysk økonomi var i krise då Hitler kom til makta, det var ikkje noko han fann på. Krisa blant vanlege folk i USA? Rustbeltet, jobbane som forsvann? Ikkje eit påfunn, det heller.
I Norge akkurat nå, er vi nærmast samstemte på at beredskap på alle nivå og felt må opp. Det er lett å klappa for alt som drar i den retninga. Vi må vera føre var, vi må ikkje vera naive.
Det er akkurat det. Vi må ikkje vera naive. Å vedta desse fullmaktene slik dei står nå, er meir enn berre naivt av Stortinget. Det er å ha tillit til at alle folkevalde maktpersonar til ei kvar tid vil det gode. At den tilliten som ennå finst mellom oss, og til dei som står over oss, i seg sjølv er ein garanti for demokratiet. Det er det aldeles ikkje.
Krise?
Med desse fullmaktene, slik dei står nå, kan ei framtidig regjering sjølv bestemma kva dei ser på som kritisk nok til at dei tar dei i bruk. Dei treng ikkje gå om Stortinget. Slik dei står nå, kan fullmaktene også overstyra andre lovar, som elles kunne fungert som brems. Og slik dei står nå, kan ei framtidig regjering beordra for eksempel både dommarar og journalistar over i andre jobbar, for å hindra dei i å utøva den maktkritikken som då ville vera heilt nødvendig.
Det betyr at der ein vil sørga for å ha fullmakter klare for å berga oss og landet vårt i ein krisesituasjon, legg ein samtidig til rette for at ei regjering bit for bit kan leggja landet vårt under seg. Med lova i hand.
Det er uforståeleg. Det er ikkje blind tillit til alle framtidige regjeringar som har bygd landet vårt. Det er heller ikkje blind tillit til at vi som folk til ei kvar tid vil ha ryggrad nok til å bera oppe eit demokrati. Det er heller djup kunnskap om at maktinstitusjonar må halda kvarandre på plass.
Vi må be dei snu
Det er difor du bør ringja ein stortingsrepresentant i dag. For vi er alle så seint ute nå, dette skal stemmast over på torsdag, for andre gong. Det har alt gått gjennom ein gong, sjølv om Stortinget under høyringane blei åtvara mot det. Av Advokatforeininga, menneskerettsorganisasjonar, LO og NHO. Fleirtalet har likevel ikkje reagert. Ap, Høgre, Sp, KrF og Frp (bortsett frå ein i Frp) stemte alle for.
Det er særleg jurist og professor Benedikte Moltumy Høgberg som har ropt høgt nok til å få oss andre til å reagera. Og det er hennar sterke gjennomgang denne kommentaren byggjer på.
At dette har gått under radaren til dei fleste av oss, meg sjølv inkludert, er også urovekkande. Passar vi ikkje godt nok på vårt eige demokrati? Er det for kjedeleg å gjera det? Trur vi det er unødvendig?
Vi får ta det seinare. Nå må vi be fleirtalet på Stortinget om å snu. Prøva igjen. Finna den nødvendige balansen, den rette ordlyden. For vi har ennå tid til ikkje å vera naive i beredskapens namn. Ring dei!
Publisert:
Publisert: 23. april 2025 13:35