Dette skal vi ikkje godta

1 month ago 38



KOMMENTAR: Politidistriktet vårt er dårlegast i landet på å oppklara valdtektssaker. Altså går det an å gjera det betre. Mykje betre.

Politiinspektør Kristin Nord-Varhaug er påtaleleiar i Sør-Vest politidistrikt. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Valdtekt går som eit stort sår gjennom samfunnet. Vi vil helst ikkje koma borti det, ikkje ta i det. Det splittar kvinner og menn, på sårt og brutalt vis, for i alt det vi kjenner til, er det flest jenter og kvinner som blir utsette for det, og flest gutar og menn som utset nokon for det. Og vi veit at det kan ha alvorlege konsekvensar, for helse, utdanning, livskvalitet. For korleis livet blir.

Vi kan ikkje både hevda at dette er alvorleg kriminalitet, men ikkje klara å sikra stega fram mot oppklaring godt nok.

Viktig

Det er til å visna av. Mista motet. Og trua. Og vi veit det jo, det er ofte ord mot ord, det er vanskeleg å bevisa. Det er vanskeleg å få opp rettssikkerheiten høgt nok, både for den som melder frå om å ha blitt valdteken, og den som blir mistenkt for det. Men det er viktig. Vi kan ikkje både hevda at dette er alvorleg kriminalitet, men ikkje klara å sikra stega fram mot oppklaring godt nok.

For rettssikkerheit handlar også om etterforsking. Om å sikra tidsnære bevis. Om å ta beslag i for eksempel mobiltelefonar umiddelbart, om å ta avhøyr av høg nok kvalitet, om å få gjort det før det har gått for lang tid. Før minnet vårt rotar forklaringa til for oss.

14 prosent???

Sør-Vest politidistrikt, vårt politidistrikt, er aller dårlegast i landet på å oppklara valdtektssaker. Det viser ein rapport frå Rogaland statsadvokatembeter. Og oppklara er ikkje det same som at det endar med tiltale og dom, nei, også sakene som blir henlagt som «intet straffbart forhold», er å rekna som oppklarte.

I 2023 oppklarte dei 14 prosent av valdtektssakene. Landsgjennomsnittet var på 33 prosent, Møre og Romsdal politidistrikt låg på 44 prosent.

Vi hamnar heilt sist også når ein tar gjennomsnittet for perioden 2019–2023. Og talet på saker som ender med tiltale, har i tillegg falt kraftig dei siste åra.

For dårleg

I dei 46 sakene statsadvokaten har sett på, er det 46 ulike polititenestefolk som har tatt det første avhøyret.

Eigentleg skal ein ha ei faggruppe på så alvorleg kriminalitet som dette. Ei gruppe som har høg kompetanse, som har sett det før, som har erfaring med kva som er viktig å sikra først, gjera først, tenkja først, som har sett alle dei ulike reaksjonane eit valdtektsoffer kan ha. Som har sett alle dei reaksjonane ein som blir mistenkt kan ha.

Igjen handlar det om at vi manglar folk. At ein har rasjonalisert, i dette tilfelle slått saman til ei gruppe som skal kunna etterforska det meste av det som skal etterforskast lokalt. I tillegg slit ein med kraftig gjennomtrekk av etterforskarar. Folk sluttar, søkjer seg over i andre stillingar i politiet.

Kvifor?

Nei, eg veit ikkje kvifor politifolk som jobbar i Møre og Romsdal oppklarer over tre gonger så stor del av valdtektssakene sine som ein gjer her. Eg veit heller ikkje om den omlegginga politiet her driv med nå, vil føra fram. Eller om det berre blir med å flytta litt rundt på folk, få fred ei stund, men ikkje eigentleg klara å endra på noko.

Men rapporten er viktig. Det er viktig at forskjellane mellom politidistrikta kjem fram. Fordi det viser at det går an å gjera det så mykje betre enn det ein får til her. Fordi det gjer det lettare å finna ut kven ein bør sjå til, for å finna betre løysingar. Som gir høgare rettssikkerheit. I Norge har den vore vaklande og svak i årevis. Og verst er den altså her.

Det er det ingen grunn til å godta. Det skal vi ikkje godta.

Publisert:

Publisert: 8. mars 2025 10:42

Read Entire Article