Difor stig Bitcoin til nye høgder

7 hours ago 5



  • Verdas største kryptovaluta, Bitcoin, overstig no 120.000 amerikanske dollar. Det vil seie at éin bitcoin svarar til om lag 1,2 millionar kroner.
  • Dette er rekord innan kryptobransjen, som har ein samla verdi på 3,78 billionar – altså 3780 milliardar – dollar.
  • Det svarar til over 38.000 milliardar kroner med dagens kurs, omtrent dobbelt så mykje som verdien av det norske oljefondet.

Samstundes som kryptoverdien stig bratt oppover vil Trump-administrasjonen gjere USA til det dei kallar den «ubestridde leiaren» innan digitale verdiar.

Den såkalla «Genius-lova» skal setje rammer for kryptomarknaden, men også sikre amerikansk dominans, meiner Trump.

– Lova vil plassere nasjonen vår lysår framfor Kina, Europa og alle andre som prøver å ta oss igjen, heiter det i ei fråsegn frå president Donald Trump.

Utvikling av Bitcoin

Slik har Bitcoin utvikla seg verdimessig sidan oppstarten i 2016.

Grafikk: Kristoffer Hustad Mentzoni / NRK

Internasjonale ekspertar meiner at det er tre hovudårsaker til at Bitcoin stig mykje i verdi no:

1. Store investeringar

Ekspertar hevdar at ein av ein av dei viktigaste drivkreftene bak veksten er at store kapitalselskap som BlackRock no er med for fullt.

Dei har brukt store summar til å kjøpe seg opp i børsnoterte «Bitcoin-fond».

Det gjer det enklare for tradisjonelle investorar. Dei kan kjøpe seg opp i fondet, men slepp å kjøpe sjølve kryptovalutaen.

I løpet av juli har det kome inn over 4,5 milliardar dollar i slike fond.

Denne veka er det såkalla «kryptoveke» i USA. Politikarane skal stemme over tre lovforslag som skal gjere det lettare å investere i krypto.

Blant forslaga er at USA ikkje skal etablere sin eigen digitale valuta.

Torbjørn Bull Jenssen var gjest i Dagsrevyen 15. juli 2025

Torbjørn Bull Jenssen er samfunnsøkonom. Han er også grunnleggar av krypto-tenestene Arcario og K33.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

2. Politisk støtte og geopolitisk uro

I april kunngjorde president Donald Trump etableringa av ein strategisk Bitcoin-reserve – eit slags digitalt Fort Knox.

Dette har gitt Bitcoin ein ny status som eit slags digitalt tryggleiksobjekt, på linje med gull.

Krigar og geopolitisk spenning har ført til at mange med mykje pengar søker seg til alternative, men likevel tryggare verdiar, som Bitcoin.

Torbjørn Bull Jensen meiner at ein no ser ein 180-graders snuoperasjon frå USA.

– Heile det politiske systemet i USA legg til rette for og støttar kryptovaluta, hevda Jensen i Dagsrevyen tysdag kveld.

Han meiner dette er ein viktig grunn til at bitcoin no stig i verdi – men ikkje på grunn av «hype»:

– Det er ikkje småspararar som driv marknaden no. Det er institusjonelle kjøparar. Det er heller ikkje masse låning og spekulasjon, slik vi har sett ved tidlegare toppar, seier Jenssen.

et nærbilde av et serverrom

Utvinning av kryptovaluta krev enorme mengder datakraft. Her frå ei «Bitcoin-gruve» i Uruguay.

Foto: DANIEL DUARTE / AFP / NTB

3. Tekniske årsaker

I april 2025 blei det kjend at tilbodet av nye Bitcoins blei halvert. Dette gjorde at marknaden reagerte positivt.

Mange investerte då rundt 100.000 dollar per Bitcoin.

Dette fungerer som ein «grunnmur» i marknaden, der investorar har kjøpt Bitcoin for over 61 milliardar kroner.

James Seyffart, som er ekspert hos Bloomberg, meiner at det vil bli godkjend fleire store Bitcoin-fond i løpet av året.

– Eg trur me vil sjå at dei fleste, om ikkje alle, av dei innsende søknadene blir godkjende innan året er omme, seier han.

Publisert 15.07.2025, kl. 21.31

Read Entire Article