Yngve Flo, professor i historie ved UiB
– Spørsmålet om geografisk representasjon er ei viktig kraft i norsk politikk av litt ulike grunnar. Det mest openberre er at politikk handlar om fordeling av gode (og byrdar) som òg har ein geografisk dimensjon: Det handlar mest openlyst om kvar pengane skal brukast; kva store samferdsleprosjekt og andre store infrastrukturtiltak som skal realiserast – men òg om rammevilkåra for einsklidnæringar som er særleg viktige i geografisk avgrensa område av landet. Striden kan òg handle om kultur i vid tyding, særleg om vi går til historia, der skiljet mellom ein elitekultur og motkulturar (jf. målsak, alkoholpolitikk, andre verdi- og moralspørsmål) var brennheite, og hadde ein tydeleg geografisk dimensjon. Slike stridar er mindre utprega i våre dagar, men dei er ikkje utviska.
– Geografiske konfliktmønster er ikkje eintydige. Ofte handlar det om landsdel mot landsdel, men somme tider kan motstandarane vere naboar som kjempar om same gode – jf. striden om kvar hovudflyplassen skulle vere lokalisert, eller kvar stamvegen skal gå. I kommunalpolitikken har ulike kommunetypar ulike interesser, knytt til graden av utjamning.
– At geografisk representasjon er viktig, handlar difor for ein stor del om at ulike interesser skal ta del i den interessestriden/kampen om ressursar som går føre seg i politiske institusjonar og organisasjonar, som i regjeringa, i Stortinget (som i Noreg fysisk er organisert etter geografi, ikkje etter parti!) og i politiske parti. Men interessekamp er ikkje det einaste argumentet: Representasjon handlar òg om at differensierte kunnskapar og erfaringar skal vere representerte.
– Diskusjonar knytt til tilhøvet mellom Oslo og resten av landet tek ofte farge av dette: Oslo er i utgangspunktet stort i folketal, men vert like fullt ofte overrepresentert. Derifrå er vegen kort til skuldingar om at Oslo på ulikt vis får meir av våre felles ressursar enn byen rettmessig skal ha (dette vert naturlegvis ofte utfordra, med argument om at det motsette ofte er tilfelle) – men òg at ein slik snever representasjon undergrev evna institusjonen eller organisasjonen har til sjå og forstå heile landet.
Marta Rekdal Eidheim, Institutt for politikk og forvaltning, UiB
– Geografisk representasjon har vore viktig i norsk politikk. Tanken er at politikarane tek med seg perspektiv og interesser frå distrikta sine inn i politikken.
– Når det i tillegg er snakk om at fleire potensielle kandidatar kjem frå det sentrale Austlandet, kan vi sjå desse forslaga i lys av den tradisjonelle sentrum-periferi-konflikten som har vore eit grunntema i norsk politikk. Veljarar i periferien er ikkje alltid nøgd med måten sentrale myndigheiter tek omsyn til periferien på. For å demme opp for at mykje makt sitt i Oslo, er det derfor ikkje overraskande at partiorganisasjonen i resten av landet spelar inn sine kandidatar til leiinga.
Jo Saglie, Institutt for samfunnsforskning
– Partia vil ha folk med ulik bakgrunn inn i ulike organ, med omsyn til m.a. kjønn, alder og geografi. Dels ut frå at folk med ulike erfaringar bringar ulike perspektiv inn i politikken. Viss alle tenker likt, kan resultatet bli dårleg politikk og dårleg veljarappell. Dels ut frå ein rettferdstanke: alle bør ha same høve til å delta og til å bli representerte. Eg veit ikkje om geografiske konfliktar er sterkare i Noreg enn i andre land. Men vi har eit land med store avstandar, og det kan gjere at geografi blir viktigare.
Jørgen Bølstad, Professor - Institutt for Statsvitenskap
– Noreg er eit langstrekt land, og for mange ligg hovudstaden langt unna. Samtidig står distrikta kulturelt sett sterkt – vi har tradisjon både for å verdsette regionale særeigenheiter og å sikre geografisk representasjon i politikken. Dette har blant anna gitt seg utslag i ei spesiell valordning som gir større vekt til veljarar i grisgrendte distrikt. Det gir seg også utslag i meir uformelle normer om geografisk spreiing av politiske posisjonar – slik som i dette tilfellet.




















English (US) ·