DNT: – Sjeldnare at utanlandske turistar snur

1 day ago 4



Sophie Raymond og Jean Pierre Fontaine frå Canada ville opp til turistmålet Buer i Hardanger for å sjå på breen.

Men grunna fare for ras og flaum vart vegen opp til Buer stengt for all ferdsel denne veka.

Då NRK møtte dei på Buervegen, hadde dei trossa åtvaringane på skilta langs vegen.

Først møtte dei på eit norsk skilt. Så eit skilt på norsk, engelsk og tysk, før dei kom til ein bom som gjorde at dei måtte snu bilen.

Men då tok dei beina fatt.

– Kanskje skilta burde ha vore på engelsk, eller vore tydelegare på at den er heilt stengd, seier Fontaine.

Dei hadde nytta seg av eit omsettingsprogram på telefonen, og tolka det som at dei kunne gå vidare, men på eige ansvar.

  • skilt på vei som advarer om at veien er stengt pga. fare for jordskred og ras

    På skiltet står det «Advarsel! All ferdsel er forbode på grunn av jordskred og rasfare». Det er Ullensvang kommune som har sett ut skiltet. Vegen mellom Jordal og Buer var stengd grunna fare for flaum og skred.

    Foto: Tale Hauso / NRK
  • skilt på ein veg og eit tre

    Vidare innover Jordalsvegen blei turistane møtt av dette skiltet på tre ulike språk.

    Foto: Tale Hauso / NRK

Isabel Fontanet er frå Spania og hadde lyst å sjå Buarbreen. Ho gjekk og forbi skilta som viste stengd veg.

– Vi forstod at vi ikkje kunne køyre og måtte parkere bilen, men vi trudde at vi kunne gå litt oppover dalen her.

Hjalmar Heimvik, verksemdsleiar for veg og park i Ullensvang kommune, seier at det er eit problem at mange trassar skilta som blir sett opp.

– Vi har ikkje sjanse til å stenge alle kanalar for å unngå at folk skal gå inn i eit farleg område viss folk vel å trosse åtvaringane.

Han legg til at dei også ser at nordmenn trassar åtvaringane.

turistar står i dalføre

Isabel Fontanet og mannen er frå Spania og ønska å sjå Buerbreen på turen sin i Noreg.

Foto: Tale Hauso / NRK

Auke i oppdrag denne sommaren

Så langt i sommar har Raude Kors deltatt i 427 redningsaksjonar. Det er ein auke på 67 samanlikna med i fjor, og er det høgaste talet registrert sidan 2021. Tala gjeld perioden 1. juni - 6. august.

Ifølgje Raude Kors kan ikkje auken knytast til éi bestemt årsak.

– Det er usikkert om det heng saman med vêret, eller om det er andre faktorar som speler inn, skriv Raude Kors til NRK.

Berre den siste veka har hjelpekorpsa vore ute på minst fem aksjonar på Vestlandet.

Statistikken viser ikkje kva land dei som treng hjelp kjem frå.

– Utlendingar vil gjennomføra turen

– Vår erfaring er at når mange har lagt ut på ein lang og kostbar ferie, så ønsker dei å gjennomføre planen sin, fortel Anne-Mari Planke, leiar for Natur og friluftsliv i DNT.

Hyttevertskapet ved mange av DNTs hytter rundt om kring i landet fortel at nordmenn snur seg meir etter vêret, medan utanlandske turistar sjeldan avbestiller.

– Har dei bestemt seg for ein lang fjelltur eller topptur, så gjennomfører dei i større grad enn oss nordmenn, seier Planke.

en person som smiler med en ryggsekk på en høyde med utsikt over en vannmasse

Anne-Mari Planke i DNT meiner ein del som legg ut på fjelltur burde ha justert planane sine etter vêrmeldinga.

Foto: Privat

Stort sett godt kledde

Tommy Eriksen, fast landsrådsmedlem i Raude Kors Hjelpekorps, meiner derimot at utanlandske turistar er godt førebudde før dei legg ut på tur i den norske fjellheimen.

– Vi ser folk som har med seg bøker om den norske fjellheimen, folk som har vore på YouTube og sett på videoar og som har lest brosjyrar.

Han seier også at turistane stort sett er godt kledde.

– Vi veit at somme går på fjelltur i flipfloppar, men det er berre unntaksvis at ein ser slike hendingar.

Anne-Mari Planke i DNT har same inntrykk, men meiner også at det er mange som kunne ha førebudd seg betre, og som kanskje berre har fått informasjon om ein tur via sosiale medium.

– Dei fleste som går på langtur i fjellet er godt kledde slik vi opplever det, men det gjeld dessverre ikkje alle.

I Bergsdalen i Vaksdal måtte ein utanlandsk turist denne veka få bistand til å komme seg ned frå fjellet. Han blei funnen i kortbukse og berre bomullsklede i sekken.

Politiet meldte at mannen var svært kald, men ikkje fysisk skadd.

– Politiet opplever at han var veldig lite førebudd, seier Håvard Skattum i politiet.

Portrettbilete av mann i skjorte og tskjorte foran eit bygg

Statsmeteorolog Alexander Skeltved i Meteorologisk institutt seier at dei samarbeider med meteorologiske institutt i andre land og følger med på kva dei sender ut av varslingar.

Foto: Vilde Jagland / MET

Jobbar for å nå ut til flest mogleg

Meteorologisk institutt jobbar hardt for at informasjon om vêrforhold, vêrvarsel og ekstremvêr skal nå ut til så mange som mogleg.

– Det viktigaste for Yr og Meteorologisk institutt som heilskap er å sikre liv og verdiar og prøve å gjere så godt vi kan for å nå ut til så mange som mogleg, seier statsmeteorolog Alexander Skeltved.

Informasjonen om vêrforhold kjem hovudsakleg ut gjennom farevarsel og i Yr-appen.

– Når det er uvêr, slik som Floris, har vi tett dialog med media og beredskapsaktørar som aktivt går ut med informasjon. Når turistar er i Noreg er det gjennom desse kanalane dei får informasjon, og vi når ut til veldig mange.

Publisert 09.08.2025, kl. 20.56

Read Entire Article