Død person funnen i sjøen i Kinn kommune

5 hours ago 2



Ein død person er funnen i sjøen ved Refvika i Kinn kommune, melder politiet kl. 20.18.

Politiet ser funnet i samanheng med leiteaksjonen som har vore i området siste dagane, etter ein båt gjekk ned ved Kråkenes fyr førre sundag.

Pårørande til den siste sakna etter forliset er førehandsvarsla, men id er ikkje bekrefta.

– Det var ein privatperson på land som først såg noko i sjøen, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i politiet.

Deretter kom redningsskøyte til staden og fekk plukka opp den døde personen.

– Nå arbeider vi med å avklare identiteten, og ventar på gravferdsbyrå som skal kome og handtere personen, seier Hausvik.

Read Entire Article