Donald Trump vil ha ekte røyrsukker i amerikansk Coca-Cola

6 hours ago 4



USAs president Donald Trump opplyser at han har vore i samtalar med Coca-Cola om å bruke ekte røyrsukker i Coca-Colaen som blir seld i USA.

Ifølge Trump har selskapet nå gått med på endringa.

– Eg vil takke leiinga i Coca-Cola. Det er eit svært positivt grep frå deira side. De vil merke forskjellen – det er rett og slett betre, skriv Trump på Truth Social onsdag kveld.

Skjermdump fra president Trumps Truth Social

Faksimile: NRK

Coca-Cola slutta å bruke ekte røyrsukker i USA i 1984 og erstatta det med ein maissirup (HFCS), ifølge Reader’s Digest.

Hovudårsakene til endringa var ein kombinasjon av at maissirupen var billigare å produsere i USA, at høge tollsatsar på importert røyrsukker gjorde det dyrare og at sirupen er søtare og held lengre.

Coca-Cola bruker framleis sukker i mange andre land, inkludert Mexico og Europa.

I USA blir Coca-Cola med sukker berre selt i avgrensa mengder og tidsrom.

Set pris på Trumps entusiasme

Coca-Cola har foreløpig ikkje bekrefta nokon endringar i ingrediensane. Det er framleis uklart om selskapet vil erstatte maissirupen med røyrsukker i eksisterande produkt, eller om det planlegg å lansere ein ny variant.

Men ein talsperson for selskapet seier dei er glad for Trumps engasjement.

– Vi set pris på president Trumps entusiasme for det ikoniske Coca-Cola-merket vårt.

Trump er kjent for å drikke Coca-Cola-produktet Diet Coke. I 2017 skreiv The New York Times at han kunne drikke opptil tolv boksar dagleg.

Donald Trump holder et glass vin med diet cola

Trump fekk servert Diet Coca-Cola under FNs generalforsamling i New York, USA, 25. september 2018

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters / NTB

Cola-knapp på jobb

I april 2017 blei Trump intervjua av nyheitsbyrået AP i Det ovale kontoret. Journalisten til nyheitsbyrået la merke til at presidenten undervegs i intervjuet trykte på ein raud knapp på skrivebordet.

– Ein kelner frå Det kvite hus dukka raskt opp med ein cola, skreiv journalisten.

Rundt same tid hadde The Financial Times ein journalist til stades i Det kvite hus, der han skulle lage ein artikkel om Trumps første hundre dagar som president.

Også denne journalisten la merke til den raude knappen, og spøkte med Trump om den hadde noko å gjere med viktige presidentoppdrag.

– Nei, nei, alle trur det er slik, svarte Trump, før han «lente seg framover og trykte på knappen for å bestille nokon cola».

Meir utanriksstoff får du i Urix-podkasten:

Publisert 17.07.2025, kl. 05.55 Oppdatert 17.07.2025, kl. 06.42

Read Entire Article