Dovrebanen stengt etter brann i lagerbygg med propangass

9 hours ago 1



Brannen oppstod like før klokka 21.30 i eit bygg i Harpefoss i Sør-Fron kommune.

– Det er full overtenning. Vi veit det skal vere gass inne der, sa Frode Øvreås hos politiet i Innlande onsdag kveld.

Politiet seier det ikkje skal vere fare for liv og dei har ikkje evakuert nokon.

Det er nokon hus ca. 200 meter unna. Vi begynner ikkje å tømme dei husa for folk, men dei kan halde seg inne, seier Frode Øvreås.

Torsdag morgon opplyser politiet at brannvesenet framleis jobbar på staden. Fylkesveg 2522 og jernbanen vil bli stengt for trafikk så lenge det er behov for å oppretthalde ei sikkerheitssone. Det skal foretats ei ny vurdering av dette i dagslys.

Brannårsaken er ukjent og etterforskes videre.

Bygget som begynte å brenne ligg like ved ein veg og togskjenene.

Sikkerheitsavstand på 300 meter

Brannvesenet har oppretta ein sikkerheitsavstand på 300 meter rundt brannen grunna gassen som er lagra der. Det skal vere propan, ifølge politiet.

Det er ein viss fare, difor ønsker ein å vere sikker. Men vi reknar med dette går greitt, seier Øvreås.

Geir Rune Ekse som er oppdragsleiar i politiet seier det er liten sjanse for ein eksplosjon, men den er der.

Det er gass i bygget, så om det blir skikkeleg varmt så kan det bli ein eksplosjon, seier han.

Brann Harpefoss lagerbygg

Bildet er ved sikkerheitssona som er oppretta rundt brannen.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det utgjer ei viss fare, seier også Arve Heimdal, vaktleiar i Innlandet brannvesen.

Bygget ligg litt nedi terrenget, ifølge Heimdal. Det er nokon bustadar i nærleiken der folk er bedt om å bli inne, seier han.

Brannvesen driv med sløkking.

Brann i lagerbygg på Harpefoss i Sør-Fron

Brannvesenet oppretta sikkerheitssone på 300 meter rundt brannen.

Foto: Privat

Stoppa togtrafikken og stengde vegen

Dovrebanen går gjennom Harpefoss og brannen er ikkje veldig langt frå togskjenene eller fylkesvegen.

Pressevakt Olav Nordli i Bane Nor seier dei no stoppar all togtrafikken.

– Når vi får beskjed om at det er tett på spora, så stoppar vi toga, seier Nordli.

Natt til torsdag opplyser Bane Nor at jobbar med å avklare situasjonen, og at ei ny oppdatering vil komme kl. 08.30 morgon.

Vegen forbi er også stengt inntil vidare. Det gjeld gamle E6, no fylkesveg 2522. Til brannvesenet får betre kontroll, ifølge Geir Rune Ekse i politiet.

Lagerbygget ligg ikkje langt frå toglinja. Det er bustader om lag 200 meter unna brannen.

Publisert 11.02.2026, kl. 21.46 Oppdatert 12.02.2026, kl. 05.14

Read Entire Article