Dei kunne brukt plattformen sin til meir splitting, kontroverser og guttestemning, men denne gongen fortener dei ein «bestingpris».
Innhaldsskaper og frilanser
Dei mykje omtalte «Gutta»
har fått gjennomgå for både homofobiske, sexistiske og rasistiske utspel. For ulovleg marknadsføring av pengespel og reklame retta mot barn.Dei har fått Press, Redd Barna Ungdom, sin verstingpris for å vere dårlege førebilete.
Alt dette må dei tåle, som kontroversielle offentlege figurar med høg utestemme.
Men denne gongen fortener dei hyllest. Sjølv frå ein skeiv, feministisk journalist.
«Gutta» kunne valt å fortsette å dyrke polarisering, noko som dessverre blir belønna i vår algoritmestyrte verkelegheit.
Dei kunne ha fora unge, sinte menn med konspirasjonar og politikarforakt.
Synes du slike formater gjør politikk mer interessant? aJabNeicLittDet er ein buisinesstrategi som ser ut til å fungere for mange. I staden har «Gutta» laga ein demokratisk arena med høg kvalitet.
Hundretusener har sett Gutta Sprut AS sine videoar der politikarar må svare på spørsmål frå meiningsmotstandarar, inkludert meg sjølv.
Serien inviterer til dialog, refleksjon, opplysning og kritiske spørsmål.
Det handler ikkje om å klippe alt ned til korte fengjande videoar, men tid til å stille spørsmål og fullføre eit resonement, ansikt til ansikt, på ein (stort sett) respektfull måte.
Å avbryte, ikkje svare på spørsmål eller gjenta innøvde talepunkt fungerer ikkje i dette formatet, i motsetning til mykje av det politiske innhaldet i mediene forøvrig.
I kommentarfeltet får serien applaus.
Eg trur dette er eit etterlengta format både hos veljarar og politikarar.
Som Trygve Slagsvold Vedum sjølv seier i podkaste «I veska til», så har mediene noko å lære. Kanskje er dette formatet meir opplysande enn dei tradisjonelle partileiardebattane?
Kanskje var forventningane til guttegjengen låge, men desto meir overraskar dei.
Dessutan oppnår dei eit anna viktig mål i vi treng i eit fungerande demokrati - å nå ei målgruppe som truleg ikkje benkar seg framfor Dagsnytt 18 eller abonnerer på Aftenposten.
Eg heiar på alle som skapar blest rundt det å bruke stemmeretten, uansett format og verkemiddel, men spesielt viktig er det at profilar som «Gutta» oppfordrar til demokratisk deltaking.
At dei bruker plattformen sin også for eit samfunnsnyttig ærend.
Det er godt mogleg gjengen vil trakke i salaten fleire gongar framover, men for dette konseptet fortener dei ein «bestingpris».
Godt val.