– Her er utsikt mot fjord og fjell. I Oslo var det utsikt mot eit industriområde, seier Heine Nygard Riise frå Vik i Sogn, medan han ser ut kontorvindauget i Hardanger.
For tre år sidan budde han saman med kona si i Oslo. Men då ho fekk tilbod om jobb vestpå, kom spørsmålet om han kunne få lov til ta jobben sin med seg.
Arbeidsgivaren sa ja.
I dag sit han i eit kontorfellesskap i den vesle bygda Lofthus i Ullensvang, og jobbar med solenergi for Institutt for energiteknikk.
Ein gong i månaden er han nokre dagar innom hovudkontoret i Oslo.
– Det fungerer veldig bra. Det meste av den jobben som eg gjer skjer uansett på dataen.
I Oslo hadde Heine og familien utsikt mot eit industriområde. No bor dei i fruktbygda Lofthus i Hardanger.
Foto: Tale Hauso / NRKStor flyttevilje
I ein ny rapport frå Norce, på oppdrag frå Hardangerrådet, svarar ein fjerdedel av dei som bur i ein bykommune i dag, at dei kunne tenkt seg å flytta til distriktet.
Ein tredjedel av desse meiner at dei kan ta jobben med seg.
– Det ligg eit stort potensial i å legga meir til rette for at folk kan flytta dit dei ønskjer å bu og ta jobben med seg, seier Kåre Hansen, sjefsforskar i Norce.
Han meiner dette gir eit potensial for å tenka nytt om samfunnsutvikling og busetnad.
– Vi snakkar om kanskje hundretusentals arbeidstakarar som kan flytta til ein distriktskommune og jobba derifrå, seier Hansen.
Kåre Hansen er sjefsforskar ved Norce.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK– Nesten religiøse i kor nøgde dei er
I undersøkinga har dei òg intervjua folk som fjernarbeidar og bur i distriktet i dag.
– Dei er utruleg nøgde. Folk er nesten religiøse i måten dei beskriv arbeidssituasjonen sin, fortel sjefforskaren.
Fleire trekkjer fram fridomen til å bu der dei ønskjer, kombinert med spennande jobbar, som ein viktig grunn til trivnaden.
Sosialt fellesskap og kontorplassar
I rapporten har forskarane sett på konkrete tiltak som kan redusera barrierane for å flytta.
Men rapporten peikar også på utfordringar.
– Det kritiske er det sosiale. Nokon vil oppleva å ikkje ha dagleg fysisk kontakt med kollegaer, og kan kjenna på at dei ikkje er ein del av arbeidsmiljøet, seier forskaren.
Løysinga kan vera kontorfellesskap.
– Der ser vi at folk får det sosiale behovet dekka. Dei får kollegaer å ete lunsj med og grobotn nye nettverk, heiter det i rapporten.
Får fleire søkjarar
Men fjernarbeid krev ny tenking hos arbeidsgivarane.
– Dei må organisera verksemda på nye måtar. Bruka meir samhandlingsteknologi og utøva leiing på ein litt annan måte, seier Hansen.
Samtidig kan fleksibilitet vera eit konkurransefortrinn.
– Stillingar som vert lyst ut med større fleksibilitet, får fleire søkjarar, viser forskaren til.
– Det er viktig å ha nokon å ete lunsj saman med, seier Nygard Riise.
Foto: Tale Hauso / NRKVil setja planane ut i livet
Hardangerrådet ser store moglegheiter i funna i rapporten.
– Dette betyr mykje for heile Distrikts-Noreg, seier Ann Irene Myrheim, dagleg leiar i Hardangerrådet.
Rådet har fått økonomisk støtte frå fylkeskommunen til å setja i gang med fem konkrete tiltak i rapporten.
– Det første er å få på plass ei oversikt over kontorfellesskap i kommunane våre, fortel rådsleiaren.
– Kvifor er desse funna og tiltaka viktige?
– Hardanger treng kompetanse og arbeidsplassar. Vi har mykje å by på, men treng òg arbeidsplass nummer to for partnaren. Om dei kan ta med seg jobben, er det kjempepositivt, meiner Myrheim.
Ann Iren Myrheim er dagleg leiar i Hardangerrådet.
Foto: Tale Hauso / NRKHar blitt i bygda
Heine Nygard Riise og familien på fire har no budd i Lofthus-bygda i tre år.
– Eg trivst godt. At eg fekk halda fram i jobben, var ein føresetnad for at vi skulle flytta.
For Riise var det viktig å vera ein del av eit kontorfellesskap.
– Det hadde ikkje passa meg å sitta på heimekontor, seier han.
På spørsmål om det er nokre negative sider med fjernarbeid, synest Riise at reisevegen til hovudkontoret 350 km unna ein gong i månaden kan vera litt lang.
– Det er litt seigt frå Lofthus til Oslo, men det går fint.
For dei som har ein draum om å flytta til ein mindre plass, har Riise ei klar oppmoding:
– Det er berre å hiva seg ut i det. Ein veit ikkje korleis det fungerer før ein har prøvd.
Frå kontoret har Heine Nygard Riise utsikt til fjord og fjell.
Foto: Tale Hauso / NRKPublisert 20.10.2025, kl. 20.49