Ein mann omkom i trafikkulukke på Voss - E16 er stengd

1 week ago 9



Ein mann i 20-åra omkom laurdag morgon i ei trafikkulukke ved Bolstad på Voss.

Vedkommande var åleine i bilen, og det var ikkje andre køyretøy involvert, opplyser politiet

– Årsaka til ulukka er førebels ukjend, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen

Krimteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på staden for å gjere undersøkingar.

E16 er stengd på ulukkesstaden. Det er usikkert kor lenge vegen vil vere stengd, men politiet ser for seg at det vil vere nokre timar.

I mellomtida vert det omkøyring via Hardanger og Norheimsund.

Read Entire Article