Eit advokatfirma tok 104.000 kr for å skriva eit brev. Slik raknar tilliten til den norske rettsstaten

4 weeks ago 31



Med klar tale og høg temperatur slår Jørn Øyrehagen Sunde alarm om tilstanden i den norske rettsstaten.

Forfattaren roper varsku mot ein klassedelt rettsstat. Foto: Fredrik Refvem
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Jørn Øyrehagen Sunde:

Har eg rettstryggleik?

Om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati

188 sider

Samlaget

 5 out of 6

Den folkelege jusprofessoren Jørn Øyrehagen Sunde slår alarm. Foto: Paul S. Amundsen / Paul S. Amundsen

Etter eit år med intens formidling av kunnskap om Magnus Lagabøtes landslov er professor Jørn Øyrehagen Sunde tilbake i samtida. Og nå vil han skapa debatt.

For noko er gale med den norske rettsstaten. Noko må skje om det ikkje skal gå på tilliten og samfunnskontrakten laus. Staten leverer ikkje den rettstryggleiken borgarane har krav på. Me er i ferd med å få eit klassedelt rettsvesen.

Med utgangspunkt i konkrete erfaringar tek Øyrehagen Sunde for seg kva han meiner er problemet. Den første er ei rekning frå eit advokatfirma til ein privatperson på 104.000 kroner – for å skriva eit brev! Advokathjelp er dyrt, prisane vert drivne opp av ein oljesmurd økonomi der store summar er i spel og juridisk assistanse er ein liten kostnad i den store samanhengen for dei involverte selskapa. Men når prisnivået forplantar seg vidare i systemet, vert det slik at folk med vanleg løn må vurdera om dei har råd til å kjempa for retten sin.

Digital jungel

Å setja seg inn i jussen på eiga hand er heller ikkje lett for lekfolk. Ein ting er at lovverket i takt med samfunnsutviklinga vert stadig meir omfattande og komplisert. Men det er også blitt vanskelegare å få tilgang til. For 25 år sidan var Øyrehagen Sunde sivilarbeidar på lesesalen på Statsarkivet i Bergen. Dagleg hjelpte han menneske med å finna fram i jungelen av lovar og dokument.

I dag er Arkivverket digitalisert. Det er i stor grad opp til den enkelte å søkja etter kva dei skal ha. Det er ein tøff jobb for ein som ikkje har trening. Og ein base som Lovdata er ei uavhengig stifting som skal tena pengar. Dermed ligg mange viktige rettskjelder bak ein betalingsmur, og tusenlappane får fort bein å gå på der òg.

Slik går jusprofessoren kritisk, ja til tider rasande, til verks mot tilstanden i den norske rettsstaten, utan sjenerande respekt for sitt eige laug. Når juristane skal reformera rettssystemet, blir det lett som å setja bukken til havresekken, meiner han. Politikarane må på banen. Øyrehagen Sunde etterlyser det han kallar «ei digital fyrstelinjeteneste», der borgarane kan få rask og rimeleg hjelp til å orientera seg før dei eventuelt går til sak. 

Kostnaden med slike tiltak må staten vera villig til å ta. Norge bruker lite pengar på rettsvesenet samanlikna med andre land, og prisen for at staten ikkje oppfyller sin del av samfunnskontrakten kan bli høg. Nav-skandalen er kanskje det beste eksempelet frå nyare tid på at rettsstatsmedvitet er for svakt i statsapparatet. Den saka har neppe vore bra for tilliten til styresmaktene. 

Når folket forkastar folkestyret

Forfattaren dreg tankevekkande parallellar til land der rettsstaten har kome under press i seinare år, frå Ungarn til USA. Det autoritære «illiberale demokratiet» vert innført med støtte frå eit folkefleirtal. For, som Øyrehagen Sunde skriv, «innbyggjarane vil heller mista fridomen sin enn å mista ei kjensle av verdigheit». Det er skarpt sett, og i for liten grad forstått av den liberale, velutdanna eliten som fiksar å manøvrera i det moderne samfunnet.

Det er velgjerande å lesa Jørn Øyrehagen Sunde. Han skriv enkelt, personleg og direkte. Me har for få av hans type: ein akademikar i den demokratiske folkeopplysningstradisjonen. Og han har mot til å utfordra.

Så kan det saktens finnast innvendingar mot Øyrehagen Sunde òg. Også han blir av og til fanga av det juridiske språket (kva er eit «prejudikat»?). Eg synest også det er for lettvint å stempla kritikken av «woke» som fortidsnostalgi, mykje av denne kritikken rettar seg jo mot ein aktivisme som fremjar rettsløyse, til dømes ved at menneske med «feil» meiningar vert pressa frå jobben. At det vert endå verre når Trump nå skal ta igjen, er dårleg trøyst. Eg er nok òg meir uroleg enn forfattaren for ei «amerikanisering» av norsk rettsvesen, ved at politiske stridsspørsmål endar opp med å bli avgjorde av ein domstol.

Men dette er ting som kan og bør diskuterast. Og det endrar ikkje hovudinntrykket: Jørn Øyrehagen har skrive ei framifrå debattbok om eit emne som både politikarane og me andre bør vera meir opptekne av.

Publisert:

Publisert: 28. mai 2025 11:19

Read Entire Article